Prop. 79 L (2016–2017)

Endringar i opplæringslova (oppstart av grunnskoleopplæring og rett til vidaregåande opplæring)

Til innhaldsliste

7 Merknader til lovforslaget

Til § 2-1

Andre ledd andre punktum slår fast at retten til grunnskoleopplæring skal oppfyllast så raskt som mogleg og seinast innan éin månad. Kravet gjeld frå det tidspunktet det er sannsynleg at barnet skal vere i landet i meir enn tre månader. For dei aller fleste barn som søkjer om opphaldsløyve, vil det vere klart frå første dag at barnet sannsynlegvis skal opphalde seg i Noreg i meir enn tre månader. I praksis vil derfor opplæringa måtte gis så raskt som mogeleg og seinast innan éin månad etter at barnet har komme til Noreg.

Hovudregelen er at opplæringa skal starte så raskt som mogleg. Det vil seie at kommunane ikkje skal utsetje opplæringa lenger enn nødvendig, sjølv om dei er innanfor fristen på éin månad. Kravet inneber at kommunar som klarer å gi barn opplæring frå første dag etter at dei har komme til Noreg, framleis skal gi eit tilbod frå dette tidspunktet.

Ein kommune som veit eller går ut frå at det kjem nye barn i grunnskolealder til kommunen, må derfor begynne å leggje til rette for at desse barna skal få starte på skolen med ein gong. At opplæringa skal starte så raskt som mogleg, vil dessutan seie at kommunen må starte opplæringa av barna sjølv om kommunen ikkje klarer å gi eit fullverdig opplæringstilbod i tråd med opplæringslova med ein gong. Kommunen må då setje i gang med dei delane av opplæringa som kommunen har kapasitet til, til dømes starte med å gi opplæring i nokre utvalde fag. Kommunen må gi eit fullverdig opplæringstilbod seinast innan éin månad.

Hovudregelen om at opplæringa skal komme i gang så raskt som mogleg, gjeld sjølv om barnet skal opphalde seg i den aktuelle kommunen i under éin månad. Fristen startar ikkje på nytt dersom eit barn flyttar mellom kommunar.

Departementet viser elles til vurderingane i punkt 3.5.

Til § 3-1 første ledd

Første ledd andre punktum fastset at den som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, òg har rett til vidaregåande opplæring etter denne føresegna dersom den utanlandske opplæringa ikkje blir godkjend i Noreg. At opplæringa ikkje blir godkjend, vil seie at ho ikkje gir generell studiekompetanse etter GSU-lista eller ikkje blir godkjend av NOKUT som sidestilt med norsk fag- eller sveinebrev.

Departementet viser elles til vurderingane i punkt 4.5.

Til § 3-1 tredje ledd

Kravet i dagens tredje ledd første punktum om at retten til vidaregåande opplæring normalt må takast ut innan fem år, er fjerna. Dette inneber at ungdom beheld retten til vidaregåande opplæring sjølv om det har gått meir enn fem år sidan dei starta på opplæringa. Endringa inneber at ein tillèt avbrot i opplæringa. Dermed er det heller ikkje behov for å føre vidare føresegna om at fylkeskommunen kan gi løyve til avbrot i opplæringa utan at retten fell bort eller heimelen for forskriftsreglar om utsettingar eller avbrot. Dagens tredje ledd andre og tredje punktum er derfor òg fjerna.

Tredje ledd fastset at retten til vidaregåande opplæring etter § 3-1 gjeld ut det skoleåret som tek til det året den enkelte fyller 24 år. Det er ikkje noko krav at heile retten må vere teken ut i løpet av dette skoleåret. Den som er i eit opplæringsløp og ikkje har brukt opp dei tre åra med rett til opplæring og eventuelle tilleggsår, kan halde fram opplæringa året etter på grunnlag av retten til vidaregåande opplæring for vaksne.

Departementet viser elles til vurderingane i punkt 5.5.1.

Til § 3-1 fjerde ledd

I fjerde ledd er regelen om at omval berre gir rett til eitt års ekstra opplæring, bytt ut med ein rett til å gjere eitt omval og då få rett til utvida tid til å fullføre opplæringa. At dei som vel om att éin gong, får rett til utvida tid til å fullføre, inneber at dei får ein rett til så mange opplæringsår som dei treng for å gjennomføre den resterande delen av opplæringa slik det er fastsett i læreplanen for det aktuelle faget eller utdanningsprogrammet. Lovendringa er ikkje til hinder for at fylkeskommunane lèt elevane gjere fleire omval.

Departementet viser elles til vurderingane i punkt 5.5.2.

Til § 3-1 tiande ledd

Tiande ledd andre punktum fastset ein særregel for ungdom som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, og som ikkje får opplæringa godkjend i Noreg. Regelen fastset ein rett for desse ungdommane til å få opplæring etter § 4A-3, slik at dei kan bli realkompetansevurderte og få opplæringa tilpassa etter sitt behov. Opplæring etter § 4A-3 gir ikkje rett til spesialundervisning og særskild språkopplæring eller rett til stønad frå Lånekassa etter ei ordning som er stipendbasert, med behovsprøving mot forsørgarøkonomi. Dei som får opplæring etter vaksenretten, får stønad fra Lånekassa som lån, med omgjering til stipend etter bestått eksamen, uavhengig av forsørgarøkonomi.

Departementet viser elles til vurderingane i punkt 4.5.3.

Til § 3-1 ellevte ledd

Gjeldande ellevte ledd siste punktum blir oppheva. Dette punktumet fastset at § 3-1 tredje ledd om at retten må takast ut i løpet av en samanhengande periode på fem, alternativt seks år, ikkje gjeld for forhold som er regulert i ellevte ledd. Når § 3-1 tredje ledd nå blir oppheva, er det ikkje lenger behov for å fastsette at føresegna ikkje gjeld for forhold som er regulert i ellevte ledd.

Departementet viser elles til vurderingane i punkt 5.5.1.

Til § 4A-3 første ledd

Første ledd andre punktum fastset at den som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, òg har rett til vidaregåande opplæring etter denne føresegna dersom den utanlandske opplæringa ikkje blir godkjend i Noreg. At opplæringa ikkje blir godkjend, vil seie at ho ikkje gir generell studiekompetanse etter GSU-lista eller ikkje blir godkjend av NOKUT som sidestilt med norsk fag- eller sveinebrev.

Føresegna vil få betydning for dei som søker vidaregåande opplæring etter at loven tek til å gjelde.

Departementet viser elles til vurderingane i punkt 4.5.

Til forsida