Prop. 93 S (2022–2023)

Fullmakt til å inngå ein tosidig differansekontrakt for støtte til fornybar energiproduksjon til havs frå første fase av Sørlege Nordsjø II

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Olje- og energidepartementet legg med dette fram forslag om tilsegnsfullmakt for støtte til fornybar energiproduksjon til havs for første fase av Sørlege Nordsjø II. Tilsegnsfullmakta inneber at staten får fullmakt til inngå ein tosidig differansekontrakt for støtte til fornybar energiproduksjon for første fase av Sørlege Nordsjø II, men slik at dei samla statlege forpliktingane ikkje overstig ei kostnadsramme på 15 mrd. kroner (før inflasjonsjustering). Sørlege Nordsjø II ligg sørvest for Kristiansand, ved grensa til den økonomiske sona mellom Noreg og Danmark og blei opna for fornybar energiproduksjon ved kongeleg resolusjon 12. juni 2020. Det går fram av den kongelege resolusjonen at det maksimalt kan bli gjeve konsesjon til 3 000 MW fornybar energiproduksjon i Sørlege Nordsjø II. Prosjektområde vil bli lyst ut stegvis. Første fase vil maksimalt bli tildelt kapasitet på 1 500 MW. Olje- og energidepartementet vil lyse ut første fase av Sørlege Nordsjø II i løpet av våren 2023, og planlegg tildeling i løpet av 2023.