Prop. 93 S (2022–2023)

Fullmakt til å inngå ein tosidig differansekontrakt for støtte til fornybar energiproduksjon til havs frå første fase av Sørlege Nordsjø II

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Løyvingane til fornybar energiproduksjon i første fase av Sørlege Nordsjø II vil bli rekna som ei ordinær utgift i statsbudsjettet og vil bli sett av i takt med utbygginga av havvindparken. Utbygging av havvindparkar går vanlegvis over 3–4 år. Det er lagt opp til at utgiftene blir løyvde i utbyggingsåra. Olje- og energidepartementet vil komme tilbake til dette i dei årlege budsjettproposisjonane. Maksimalt kan prosjektet få støtte tilsvarande det føreslåtte taket for støtte på 15 mrd. kroner. Kontraktsprisen, minsteprisen og støttetaket vil bli inflasjonsjustert etter konsumprisindeksen med verknad frå 1. kvartal 2024 fram til det første kvartalet der havvindparken er sett i drift. Utbetalingane under differansekontrakten vil bli forvalta av departementet eller ei verksemd bestemt av departementet. Den administrative oppfølginga vil dekkast innanfor dei til ein kvar tid gjeldande budsjettrammer. Med dagens utsikter for kostnader og kraftprisar for havvind er det ikkje forventa grunnrente over tid, og det er derfor ikkje aktuelt for denne regjeringa å innføre grunnrenteskatt.