Prop. 93 S (2022–2023)

Fullmakt til å inngå ein tosidig differansekontrakt for støtte til fornybar energiproduksjon til havs frå første fase av Sørlege Nordsjø II

Til innhaldsliste

Forslag
til vedtak om fullmakt til å inngå ein tosidig differansekontrakt for støtte til fornybar energiproduksjon til havs frå første fase av Sørlege Nordsjø II

I

Stortinget samtykkjer i at Olje- og energidepartementet kan inngå ein tosidig differansekontrakt for støtte til fornybar energiproduksjon for første fase av Sørlege Nordsjø II, men slik at dei samla statlege forpliktingane ikkje overstig ei kostnadsramme på 15 mrd. kroner. Olje- og energidepartementet får fullmakt til å prisjustere kontraktspris, minsteprisen og kostnadsramma med verknad frå 1. kvartal 2024 fram til det første kvartalet der havvindparken er sett i drift.