St.meld. nr. 6 (2007-2008)

NRK-plakaten— «Noe for alle. Alltid»

Til innhaldsliste

1 Innleiing, bakgrunn og samandrag

1.1 Innleiing og bakgrunn

Kultur- og kyrkjedepartementet legg med dette fram ei stortingsmelding om ein allmennkringkastingsplakat for Norsk rikskringkasting AS (NRK); ein NRK-plakat. Bakgrunnen for dette er at departementet i St.meld. nr. 30 (2006–2007) Kringkasting i en digital fremtid fremjar forslag om ei rekkje endringar i NRK sine rammevilkår som følgje av utviklinga på mediefeltet. I kringkastingsmeldinga varslar departementet mellom anna at det vil kome tilbake til Stortinget med eit forslag til ein NRK-plakat. Plakaten skal på eit overordna plan uttrykkje dei forventingar og krav som fellesskapet har til NRK.

Dei siste åra har det skjedd ei teknologisk utvikling som har ført med seg omfattande endringar på mediefeltet. Alle delar av verdikjeda innan kringkasting er råka. Dette gjeld både korleis programma blir produserte, korleis dei blir distribuerte og korleis dei blir mottekne. Denne teknologiske utviklinga har utløyst store marknadsmessige endringar på kringkastingsfeltet. Nye kanalar har vokse fram, konkurransen mellom kringkastarane har auka, og publikum kan velje kva dei vil sjå og høyre, og når og kor. Som ein konsekvens av dette finn kringkastarane alternative inntektskjelder og nye samarbeidsformer.

I lys av utviklinga på kringkastingsfeltet har det oppstådd eit behov for ein grundig gjennomgang av NRKs allmennkringkastingsplikter. ­Dagens vedtekter reflekterer ikkje i tilstrekkjeleg grad den teknologiske og marknadsmessige utviklinga, men er først og fremst konsentrert om NRKs tradisjonelle programverksemd.

Departementet sende 18. mai 2007 eit utkast til ein NRK-plakat på høyring til om lag 800 høyringsinstansar. Departementet har motteke 78 høyringssvar. 1 Ei liste over høyringsinstansane følgjer som trykt vedlegg 2 til meldinga. Dette er første gongen allmennkringkastaroppdraget til NRK har vore gjenstand for ei slik brei, offentleg høyring. Denne meldinga omhandlar behovet og grunngjevinga for ein NRK-plakat, samt departementets planer for den konkrete utforminga av ein slik plakat.

Denne meldinga må sjåast i samanheng med St.meld. nr. 30 (2006–2007) Kringkasting i en digital fremtid . Departementet vil særleg vise til kringkastingsmeldingas kap. 2 som inneheld ei omfattande skildring av endringsprosessar i fjernsynsmediet. Meldinga inneheld vidare, i kap. 4, ei drøfting av innhaldet i allmennkringkastingsomgrepet, og ei grunngjeving av behovet for lisensfinansiert allmennkringkasting. Desse kapitla i kringkastingsmeldinga utgjer mykje av den mediepolitiske bakgrunnen for dei vurderingane departementet gjer i denne meldinga om NRK-plakaten.

1.2 Samandrag

Kapittel 2 skildrar korleis allmennkringkastingsoppdraget er nedfelt hos lisensfinansierte allmennkringkastarar i nokre av våre naboland. Kapittel 3 gjer greie for høyringa av utkastet til NRK-plakat og departementet sine vurderingar. Kapittel 4 oppsummerar departementets konklusjonar i form av eit utkast til ein ferdig NRK-plakat. Av kapittel 5 går det fram at departementets planar om NRK-plakat vil få nokre økonomiske og administrative konsekvensar for NRK. Desse konsekvensane er skildra i St.meld. nr. 30 (2006–2007).

Fotnotar

1.

Departementet gjer merksam på at nokre av interesseorganisasjonane har levert felles høyringsfråsegner, slik at talet på faktiske høyringssvar er lågare enn talet på høyringsinstansar som har uttala seg.

Til forsida