St.prp. nr. 54 (2004-2005)

Om samtykke til godtaking av vedtak om ­vidareutvikling av Schengen-regelverket (rådsforordning (EF) nr. 2252/2004 om standarder for sikkerhets­elementer og biometriske identifikatorer i pass og ­reisedokumenter som ­medlemsstatene utsteder)

Til innhaldsliste

6 Konklusjon og tilråding

For å vareta norske interesser knytte til framleis visumfri innreise til USA er regjeringa alt i gang med å førebu utferding av pass med biometri. I første omgang gjeld det andletsbilete (foto) lagra elektronisk i passet frå 1. oktober 2005. Dette vil òg stetta krava i rådsforordninga, som fastset at innføring av slik biometri skal vere gjennomførd i dei enkelte Schengen-statane i 2006. I tillegg vil rådsforordninga krevje at Noreg innfører biometri i form av elektronisk lagra fingeravtrykk i pass med ein frist seinast ved årsskiftet 2007/2008.

Gjennom godkjenning av nytt Schengen-regelverk om biometri vil Noreg på denne måten kunne oppfylle krava til fullgod tryggleik i passdokument, ikkje minst ved at det vert etablert ein sikker samanheng mellom passet og passinnehavaren.

Justisdepartementet tilrår at Noreg godtek innhaldet i rådsforordning (EF) nr. 2252/2004 om standarder for sikkerhetselementer og biometriske identifikatorer i pass og reisedokumenter som medlemsstatene utsteder, og som er ei vidareutvikling av Schengen-regelverket. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.