St.prp. nr. 54 (2004-2005)

Om samtykke til godtaking av vedtak om ­vidareutvikling av Schengen-regelverket (rådsforordning (EF) nr. 2252/2004 om standarder for sikkerhets­elementer og biometriske identifikatorer i pass og ­reisedokumenter som ­medlemsstatene utsteder)

Til innhaldsliste

4 Tilhøvet til norsk rett

Etter rådsforordninga skal høvesvis andletsbilete (foto) og fingeravtrykk lagrast elektronisk i passet etter ein standard som gjer at denne informasjonen kan lesast og samanliknast med innehavaren av dokumentet på grensekontrollstaden. Slik bruk av elektronisk personinformasjon må forankrast i lov, jf. mellom anna personopplysningslova § 3 og 31.

Spørsmåla knytte til personvernet med omsyn til bruk av biometri er av til dels ny og prinsipiell karakter og er ikkje tilfredsstillande omfatta av gjeldande lovgjeving. Ein går difor ut frå at gjennomføring av forordninga krev lovendringar. Forslag til lovendringar er tekne inn i Ot.prp. nr. 86 (2004-2005) om endringer av passloven.

Både utferding av pass og kontrollen av passa vil ha som føresetnad at den biometriske informasjonen må lagrast i eksterne databasar, det vil seie lagringsmedium utanfor passet. Her vil det vere naudsynt med lovreglar om plikt til sletting av slik informasjon når han ikkje trengst lenger.

Rådsforordninga omfattar òg offisielle pass (diplomatpass osv.) som kan utferdast med heimel i lov 3. mai 2002 nr. 13 om utenrikstjenesten, og utlendingspass som kan utferdast med heimel i lov 24. juni 1988 nr. 64 om utlendingers adgang til riket. Ei ny lovregulering må utformast med sikte på også å gje bruken av biometri i desse passa den naudsynte lovforankringa.

Rådsforordninga med dei vedtekne tekniske spesifikasjonane fastset i tillegg ein del tekniske tryggingskrav til sjølve passdokumentet, som er knytte til papirkvalitet, bruk av vassmerke, trykkjeteknikk og så vidare. Desse tekniske krava treng inga særskild lovregulering, men vil verte vurderte opp mot trongen for å endre gjeldande forskrift til passlova.