St.prp. nr. 54 (2004-2005)

Om samtykke til godtaking av vedtak om ­vidareutvikling av Schengen-regelverket (rådsforordning (EF) nr. 2252/2004 om standarder for sikkerhets­elementer og biometriske identifikatorer i pass og ­reisedokumenter som ­medlemsstatene utsteder)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Rådet for Den europeiske unionen vedtok 13. desember 2004 forordning (EF) nr. 2252/2004 om standarder for sikkerhetselementer og biometriske identifikatorer i pass og reisedokumenter som medlemsstatene utsteder. Rådsforordninga er ei vidareutvikling av Schengen-regelverket. Noreg har delteke i denne regelutviklinga i samsvar med avtala om Noregs og Islands tilknyting til Schengen-regelverket.

Rådsforordninga stiller krav til auka tryggleik ved utferding av pass og reisedokument i form av biometriske data som andletsbilete og fingeravtrykk som skal lagrast elektronisk i dokumentet.

Innføring av biometrisk personinformasjon i pass og reisedokument i Schengen-området skal hindre forfalsking og bruk av uriktig pass ved grensekontroll. Desse tiltaka vil vere eit viktig tilskot når det gjeld å hindre terrorisme og annan alvorleg grenseoverskridande kriminalitet. Slik informasjon vil òg kunne hindre identitetstjuveri og ubehaget for den enkelte ved at andre misbrukar identiteten til ein annan person. Samtidig reiser bruken av biometrisk personinformasjon viktige spørsmål knytte til personvern, mellom anna fordi det vert opna for å kopiere og lagre informasjonen i eksterne databasar når passet vert nytta i grensekontroll. Lagring av biometriske data opnar for at denne personinformasjonen kan brukast utanfor det føremålet han er innhenta for. Rådsforordninga gjev difor reglar som avgrensar bruken av slike data, i tillegg til at gjeldande reglar om vern av personopplysningar skal nyttast.

Etter Schengen-avtala artikkel 8 nr. 2 bokstav a skal Rådet melde frå til Noreg om vedtaking av rettsakter som vidareutviklar Schengen-regelverket. Noreg skal på sjølvstendig grunnlag avgjere om innhaldet i regelverket skal godtakast og innarbeidast i norsk rett.

Godtaking av rådsforordning (EF) nr. 2252/2004 krev endringar i passlova. I samsvar med Grunnlova § 26 andre stykket og avtala om tilknyting til Schengen-regelverket artikkel 8 nr. 2 bokstav c er det meldt frå til EU om at det må innhentast samtykke frå Stortinget før rådsforordninga kan verte bindande for Noreg.

Ei uoffisiell omsetjing av rådsforordning (EF) nr. 2252/2004 følgjer som trykt vedlegg til proposisjonen.