St.prp. nr. 54 (2004-2005)

Om samtykke til godtaking av vedtak om ­vidareutvikling av Schengen-regelverket (rådsforordning (EF) nr. 2252/2004 om standarder for sikkerhets­elementer og biometriske identifikatorer i pass og ­reisedokumenter som ­medlemsstatene utsteder)

Til innhaldsliste

3 Nærare om innhaldet rådsforordninga

Rådsforordninga artikkel 1 stiller opp krav om at pass og reisedokument skal innehalde eit lagringsmedium som inneheld eit andletsbilete, seinare òg fingeravtrykk. Vidare vert det stilt opp krav til kapasiteten til lagringsmediet og til tryggleik mot manipulering og endring.

Artikkel 2 stiller opp krav om at det skal utarbeidast ytterlegare tekniske spesifikasjonar når det gjeld tryggingsstandardar, tekniske spesifikasjonar for lagringsmediet, og kvalitetskrav til andletsbiletet og fingeravtrykk.

Artikkel 3 tillèt at spesifikasjonane som vert utarbeidde i medhald av artikkel 2, vert haldne hemmelege og ikkje vert offentleggjorde. Vidare vert det stilt opp eit krav om at den enkelte medlemsstaten skal peike ut eit særskilt organ som skal vere ansvarleg for trykkinga av passa og reisedokumenta.

Artikkel 4 gjev passinnehavaren ein rett til å kontrollere personopplysningane i pass eller reisedokument og å få desse retta eller sletta når dette er føremålstenleg. Vidare skal pass og reisedokument ikkje innehalde maskinlesbare opplysningar utover det som går fram av forordninga og vedlegget til forordninga, eller som er nemnde i passet eller reisedokumentet i tilfelle der dette krevst etter nasjonal lovgjeving. Vidare skal opplysningane brukast berre til å kontrollere identiteten til innehavaren og at dokumentet er ekte.

Artikkel 5 fastset at Kommisjonen skal assisterast av det utvalet som er oppnemnt i rådsforordning (EF) nr. 1683/95 (om visum).

Artikkel 6 fastset kva tid forordninga skal tre i kraft, og kva tid ho etter innhaldet skal brukast av medlemsstatane. Vidare vert det ikkje rørt ved gyldigheita av pass og reisedokument som alt er utferda.