St.prp. nr. 69 (2001-2002)

Om endringar i «Regulativ for tillegg m.v. til utskrivne vernepliktige mannskap»

Til innhaldsliste

3 Bakgrunn

Gjennom ei rekkje år har dei økonomiske ytingane til soldatane blitt regulert med basis i lønsoppgjeret for tilsette i staten. Som hovudregel er det tatt omsyn til profilen i oppgjera. Departementet har dei seinare år, i tråd med Forsvarskomiteens syn, lagt til grunn den regulering som blir gitt i lågaste lønstrinn for vaksen, ufaglært arbeidskraft.

Lønsoppgjeret i staten gav som resultat eit tillegg på kr 7 500 i lågaste lønstrinn for vaksen, ufaglært arbeidskraft på A-tabellen med verknad frå 1. mai 2002.

Det skal vidare bli ført sentrale forhandlingar per 1. august 2002 innanfor ei ramme på 1,5 % og lokale forhandlingar per 1. september 2002 innanfor ei ramme på 1,9 %.