St.prp. nr. 69 (2001-2002)

Om endringar i «Regulativ for tillegg m.v. til utskrivne vernepliktige mannskap»

Til innhaldsliste

4 Vurderingar

Dei økonomiske ytingane det gjeld har som eit viktig mål å sikre den vernepliktige og familien hans ein rimeleg god levestandard. Det bør takast omsyn til at kjøpekraftutviklinga for lønstakarar og vernepliktige ikkje direkte kan samanliknast, då vernepliktige har relativt små tillegg og behovsprøvde ytingar. Etter ei samla vurdering er Forsvarsdepartementet kome fram til at dei vernepliktige bør få ei regulering av primærgodtgjerslene med 6,0 %. Det er då teke omsyn til at soldatreguleringa skjer to måneder seinare enn oppgjeret i staten. Av praktiske omsyn lyt reguleringa skje frå 1. juli 2002, sjølv om oppgjera for statstilsette har tidlegare verknadsdato.