St.prp. nr. 69 (2001-2002)

Om endringar i «Regulativ for tillegg m.v. til utskrivne vernepliktige mannskap»

Til innhaldsliste

7 Saker til informasjon

Omlegging av Tillitsmannsordninga i Forsvaret

Som følgje av klare ønskje og krav frå dei vernepliktige mannskapa, ei samrøystes oppmoding frå Landsutvalet for tillitsvalde i Forsvaret (LTF) og ikkje minst den omstruktureringa som no skjer i Forsvaret, oppnemnde Forsvarsdepartementet den 14. mai 2001 eit utval for ei generell vurdering av Tillitsmannsordninga i Forsvaret (TMO).

Utvalet har vore sett saman av representantar frå Arbeidernes ungdomsfylking (AUF), Kristeleg Folkepartis ungdom (KrFU), Forsvarsdepartementet (FD), Forsvarets overkommando (FO), administrasjonen i LTF, vernepliktig representant frå LTF og vernepliktig representant frå LTF/S. Departementet ivaretok sekretariatsfunksjonen.

Utvalet leverte innstillinga si 7. november 2001. Eit samrøystes utval tilrådde mellom anna følgjande:

  • All administrasjon og drift av TMO blir delegert frå Forsvarsdepartementet til forsvarssjefen.

  • TMO skal framleis vere ei samarbeidsordning og det skal vere eit sjefsansvar at ordninga blir oppretta og fungerer på eit kvart nivå.

Alle høyringsfråsegner gir full tilslutning til hovudtrekka i innstillinga.

Departementet vil på denne bakgrunn delegere all administrasjon og drift av TMO frå FD til forsvarssjefen per 1. august 2002.

Landskonferansen (LK) vil etter LK 2002 bli gjennomført kvart anna år, likevel som ei prøveordning i 2004 og 2006. Ei evaluering skal så gjerast med sikte på den forma, innhaldet og frekvensen Landskonferansen bør ha i framtida.

Det er avgjerande for dei tillitsvalde i Landssekretariatet (LSEK) at dei i Forsvarets militære organisasjon (FMO) får ein organisatorisk tilknyting som gjev høve til rask tilgang til både politisk og militær toppleiing når behovet oppstår. TMO v/LSEK må vere ein klart synlig og i størst mogeleg grad frittståande del av FMO sin sentrale organisasjon.