Presseinvitasjon:
Fiskeri- og havministeren til Brasil
Pressemelding | Dato: 14.10.2025 | Nærings- og fiskeridepartementet
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss besøkjer São Paulo og Rio de Janeiro i Brasil 20.–24. oktober.
I São Paulo skal statsråden mellom anna delta på sjømatmessa Seafood Show Latin America, og på Norges sjømatråd sitt klippfiskseminar «O futuro do bacalhau Brasil». Sivertsen Næss skal òg ha bilaterale samtalar med sin brasilianske kollega André de Paula. I tillegg skal ho delta på eit arrangement om likestilling og leiarskap i maritim sektor, møte norske maritime verksemder, samt besøkje og ha møte med hamnestyresmaktene i hamnebyen Santos.
I Rio de Janeiro skal fiskeri- og havministeren møte den brasilianske rederiforeininga, på ferjetur der temaet er dekarbonisering av den maritime sektoren, besøkje ein supermarknad og delta på Rio Ocean Week.
Noreg og dei andre EFTA-landa vart 16. september i år einige om ein handelsavtale med Brasil, Argentina og dei andre Mercosur-landa. Avtalen vil gje null toll på nesten all norsk eksport til desse landa.
-For sjømatnæringa er det positivt at avtalen bidreg til tollreduksjon og fjerning av handelshinder for sjømateksporten. Dette kan opne for eksport av produkt vi tidlegare har eksportert lite av til Latin-Amerika, som til dømes laks, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
Handelsavtalen inneber i tillegg at brasilianske styresmakter no er forplikta til å likebehandle norske og brasilianske fartøy ved internasjonal godstransport.
– Avtalen vil også bidra til rettferdige vilkår og betre rammevilkår for norsk sjøfart, seier Sivertsen Næss.
Program (forbehold om endringar)
|
Måndag 20. oktober |
Stad: |
|
|
19.00 |
Sjømatarrangement i regi av Norges sjømatråd |
Hotel Unique, Av. Brigadeiro Luis Antonio, 4700, Sao Paulo |
|
Tysdag 21. oktober |
|
|
|
09.30 |
Deltaking på Norges sjømatråd sitt seminar «O futuro do bacalhau Brasil» |
Messeområdet |
|
11.00 |
Møte med guvernøren i São Paulo, Tarcísio de Freitas |
Messeområdet |
|
12.00 |
Lunsj i regi av Norges sjømatråd |
Messeområdet |
|
13.00 |
Deltaking på den offisielle opningsseremonien for sjømatmessa Seafood Show Latin America |
Messeområdet |
|
13.30 |
Bilaterale samtalar med den brasilianske fiskeri- og havbruksministeren André de Paula |
Messeområdet |
|
14.00 |
Kort runde på messa og besøk til den norske paviljongen saman med den brasilianske ministeren |
Messeområdet |
|
15.30 |
Møte med det brasilianske mattilsynet |
Messeområdet |
|
16.00 |
Opning av den norske paviljongen |
Messeområdet |
|
Onsdag 22. oktober |
|
|
|
10.00 |
Møte med hamnestyresmaktene i Santos |
Santos hamn |
|
11.30 |
Besøk hos Odfjell-gruppen |
Santos hamn |
|
12.30 |
Arrangement om likestilling og leiarskap i maritim sektor |
Santos hamn |
|
14.00 |
Møte med norske skipsrederar |
Santos hamn |
|
15.00 |
Besøk hos Höegh LNG, inkludert guida tur på skipet Höegh Giant |
Santos hamn |
|
Torsdag 23. oktober |
|
|
|
09.00 |
Møte med den brasilianske rederiforeininga |
Generalkonsulens residens i Rio de Janeiro |
|
11.10 |
Ferjetur med tema dekarbonisering av den maritime sektoren |
Frå Praça XV til Niterói |
|
11.45 |
Besøk til supermarkedet Mundial (tradisjonell salsstad for norsk sjømat) |
Bydelen Niterói |
|
12.45 |
Lunsjmøte på det kommunale marknaden i Niterói |
Bydelen Niterói |
|
15.00 |
Deltaking på Rio Ocean Week (tbc) |
|