HKH prinsesse Ingrid Alexandra besøkjer Statsministerens kontor
Kalenderhending | Jonas Gahr Støre
Stad: Statsministerens kontor
HKH prinsesse Ingrid Alexandra besøkjer Statsministerens kontor, der ho får ei orientering om arbeidet i regjeringa og ved kontoret.
Presse som ønskjer å vere til stades når prinsessa kjem til Glacisgata 1 kan melde seg på til hbo@smk.dep.no innan 19. januar kl. 12.00. Det blir presseområde ute ved inngangen.
Ein fotopool kan arbeide innandørs ved starten av møtet. Deltakarar i poolen er NTB og TV2, i tillegg til ein skrivande reporter frå NTB.
Etter besøket, om lag kl. 14.05, gir statsministeren ein kommentar til pressa i plenum, i foajeen på SMK. Presse som ønskjer å vere til stades må melde seg på til hbo@smk.dep.no innan 19. januar kl. 12.00. Alle må ha med gyldig pressekort, ID og munnbind.
Me har avgrensa tal på plassar og ber kvar redaksjon halde talet på deltakarar på eit minimum. Me kan ikkje garantere at alle får plass.
Fotografar må møte seinast kl. 13.30 for scanning av utstyr.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.