Statsbudsjettet 2018:

Lette i eigedomsskatten

Regjeringa foreslår å fjerne eigedomsskatten på maskiner og tilbehøyr, og å stramme inn eigedomsskattesatsane på bustad.

– Å fjerne eigedomsskatten på maskiner og tilbehøyr vil gje store lettar for industrien og vil medverke til å tryggje arbeidsplassar, seier finansminister Siv Jensen (Frp). Forslaget følgjer opp punktet i Sundvolden-erklæringa om å fjerne eigedomsskatten på maskiner.

Endringa inneber at produksjonsutstyr og -installasjonar ikkje lenger skal reknast med i grunnlaget for å berekne eigedomsskatt. Kategorien verk og bruk vert fjerna. Føremålet er å gjere utskriving av eigedomsskatt meir pårekneleg og at skattlegging av verk og bruk vert meir lik skattlegging av andre næringseigedomar.

Framlegget inneber reduserte inntekter for kommunane, men betre vilkår for bedrifter og arbeidsplassar, som også er viktig for kommunane. Endringane skal ikkje gjelde for vasskraftanlegg, vindkraftanlegg og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum.

For å lette overgangen for kommunane foreslår regjeringa ei overgangsordning på fem år. Regjeringa foreslår at dei nye reglane får verknad frå og med 2019, med ei overgangsordning til og med 2023.

– Meir påreknelege og stabile rammevilkår er viktige føresetnader for at både bedrifter og innbyggjarane skal kunne planleggje økonomien sin, seier finansminister Siv Jensen.

For å skjerme innbyggjarane mot raske aukar i eigedomsskatten, foreslår regjeringa å halvere grensa for maksimal sats på eigedomsskatt frå 2 til 1 promille for det året skatten vert innført. Tilsvarande skal satsen heretter berre kunne aukast med inntil 1 promille i året, ikkje 2.

Les meir i Prop. 1 LS (2017-2018) Skatter, avgifter og toll 2018 punkt 7.1.