Melding frå Kongen til Stortinget om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding

Stortinget, 9. oktober 2017

Henrik Asheim les melding om rikets tilstand
Konstituert kunnskapsminister Henrik Asheim les meldinga om rikets tilstand ved konstitueringa av det 162. Storting. Foto: Stortinget

Vi HARALD, Noregs Konge,

stadfester:

I samsvar med Grunnlova gir Kongen denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida etter siste melding.

Den økonomiske veksten i Noreg er på veg oppover. Også på Sør- og Vestlandet er det no teikn til at nedgangen er bak oss. Likevel er norsk økonomi framleis påverka av fallet i oljeprisen. BNP for Fastlands-Noreg auka med 1,0 prosent i 2016. Verdiskapinga i petroleumssektoren utgjorde 13 prosent av Noregs BNP i 2016, og statens netto kontantstraum frå oljeverksemda var 125 milliardar kroner. Statens pensjonsfond hadde ein samla marknadsverdi ved utgangen av første halvår 2017 på 8 238 milliardar kroner, ei auke på 519 milliardar kroner frå inngangen til 2017.

Den økonomiske politikken som har vore ført, gjev kraftige impulsar til norsk økonomi. Noregs Bank har sett ned renta til eit rekordlågt nivå. I byrjinga av september var den norske krona vel 11 prosent svakare enn før oljeprisfallet. Saman med eit moderat lønnsoppgjer betrar det konkurranseevna. Budsjettet for 2017 gir eit betydeleg bidrag til å løfte etterspørselen i fastlandsøkonomien. Det trekkjer opp aktiviteten og motverkar arbeidsløyse.

Den registrerte arbeidsløysa var 2,6 prosent i september 2017, mot 3,0 prosent i september året før. Arbeidsløysa, målt ved SSBs arbeidskraft­undersøking, utgjorde i juli 4,2 prosent, mot 5,0 prosent i juli 2016.

Regjeringa har teke ei rekkje initiativ for auka verdiskaping, fleire jobbar og seriøst arbeidsliv.

For å kvalifisere arbeidsledige har regjeringa auka tiltaksnivået.

Regjeringa har sett i verk ein ny landsdekkjande ungdomsinnsats i 2017.

Vidare styrkjer regjeringa kampen mot arbeidslivskriminalitet gjennom felles innsats frå myndigheitene, samarbeid med partane i arbeidslivet og nye tiltak i revidert strategi mot arbeidslivskriminalitet.

I fjor vart det innført skjerpa krav til sentralt godkjende føretak etter byggesaksforskrifta. Regjeringa har sendt på høyring eit forslag til endringar i arbeidsmiljølova med mellom anna forslag til presisering av fast tilsetjing og klarare rammer rundt innleige av arbeidskraft.

Gjennomføringa av skattereforma har halde fram. Skattesatsen på allmenn inntekt er vorten redusert til 24 prosent i 2017.

Regjeringa styrkjer ein aktiv næringspolitikk med strategiar og tiltak for havnæringane, industrien, bioøkonomi, reiseliv og gjennom dei breie ordningane i verkemiddelapparatet.

Dei årlege innsparingane for næringslivet av tiltak som er gjennomførte i perioden 2011–2017, utgjer no godt og vel 15 milliardar kroner, i tråd med regjeringa sitt mål.

Noreg er den nest største eksportøren av sjømat i verda. I 2016 vart det eksportert sjømat frå Noreg til ein verdi av 91,6 milliardar kroner.

I 2016 tok Olje- og energidepartementet imot utbyggingsplanar for fem nye olje- og gassfelt, det høgste talet sidan 2012.

Regjeringa har arbeidd aktivt for å ta vare på og styrkje det regelbaserte handelssystemet i WTO.

Det utanrikspolitiske landskapet er framleis krevjande.

Samarbeidet i FN, NATO, med EU og med nærståande land er avgjerande for å sikre framgangen for demokrati, menneskerettar og handel. Regjeringa har lagt fram stortingsmeldingar om utviklingspolitikken og vegval i utanrikspolitikken.

Regjeringa har vidareført den norske innsatsen i koalisjonen mot ISIL og bidraget til NATOs operasjon i Afghanistan.

Noreg har vidareført støtta til FN sine fredsoperasjonar i Midtausten, Sør-Sudan og Mali.

Vi ser ikkje nokon direkte militær trussel mot Noreg. Landet vårt bidreg til å setje NATO betre i stand til å løyse oppgåvene sine, mellom anna ved at vi deltek i NATOs forsterka nærvær i Aust-­Europa.

Forholdet mellom Russland og Vesten er framleis krevjande. Regjeringa legg samstundes vekt på praktisk samarbeid og dialog med Russland.

Gjennom formannskapen i Nordisk ministerråd arbeider Noreg for at Norden skal vere den best integrerte regionen i verda, særleg på område som energi, klima, miljø og digitalisering.

I 2017 har Noreg delteke som gjesteland i G20. Fråsegna frå G20-toppmøtet støttar norske prioriteringar med omsyn til finansiering av utdanning og tiltak mot epidemiar.

Samkvemmet mellom Kina og Noreg har vorte normalisert. Det gir nye moglegheiter til samarbeid. Forhandlingane om ein frihandelsavtale er tekne opp att.

Regjeringa har innleia dialog med EU og ­Storbritannia for å oppnå eit best mogleg samarbeid med Storbritannia når landet forlèt unionen.

Regjeringa har starta arbeidet med å følgje opp berekraftsmåla til FN.

Stortinget vedtok i november ein ny og ambisiøs langtidsplan for forsvarssektoren, ein plan som vil bidra til å styrkje forsvarsevna i åra som kjem. Regjeringa arbeider også med ei særskild utgreiing knytt til vidare utvikling av landmakta. Tilrådingane frå denne utgreiinga blir lagde fram for Stortinget om kort tid.

Regjeringa har styrkt arbeidet med å tryggje samfunnet, gjennom eit betre lovgrunnlag i saker som gjeld førebygging av spionasje, sabotasje og terror. Regjeringa har mellom anna fremja forslag til ei heilt ny tryggingslov, lov om nasjonal sikkerhet. Arbeidet med å sikre særleg viktige objekt er styrkt. I juni fastsette regjeringa ein ny instruks om Forsvaret sin bistand til politiet.

I juni la regjeringa fram ei stortingsmelding om IKT-tryggleik. Regjeringa vil mellom anna styrkje den nasjonale evna til å avdekkje og handtere digitale angrep.

Forprosjekteringa av det nasjonale beredskapssenteret til politiet er no sluttført. Så framt Stortinget sluttar seg til planane, tek ein sikte på at senteret vil stå klart i 2020.

For 2016 vart det økonomiske resultatet for kommunesektoren betra til eit netto driftsresultat på 4,2 prosent.

I perioden er det vedteke at 121 kommunar slår seg saman til 47 nye kommunar.

Det er også vedteke ei regionreform der dagens 19 fylkeskommunar blir til 11.

I februar la regjeringa saman med Venstre fram ein plan for lokalisering av statlege arbeidsplassar. I denne perioden er det vedteke å flytte ut og ­etablere fleire enn 700 statlege arbeidsplassar utanfor Oslo-regionen.

Det er teke fleire initiativ for å gjere staten meir effektiv, gjennom forenkling, nye digitale løysingar og effektivitetskrav.

Regjeringa har fastsett ny rammeplan for innhaldet og oppgåvene til barnehagen.

Vidare har regjeringa foreslått ei lovfesta plikt for skulane til å gje intensiv opplæring til elevar på 1. til 4. trinn som strevar med lesing, skriving og rekning.

Regjeringa følgjer opp langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Totalt tilsvarer løyvingane til FoU over statsbudsjettet i 2017 ein andel av forventa BNP på 1,05 prosent.

Den norske kyrkja vart omdanna til eit eige rettssubjekt frå 1. januar 2017. Arbeidsgjevaransvaret for tidlegare statskyrkjeleg tilsette vart overført til det kyrkjelege rettssubjektet.

Regjeringa har gjort vedtak om å flytte forvaltninga av museumsfaglege oppgåver i Norsk ­kulturråd frå Oslo til Bodø.

I 2016 vart 15 300 flyktningar, fleire enn nokon gong tidlegare, busette i 411 norske kommunar. 1600 av desse var einslege mindreårige.

Regjeringa har arbeidd med å setje i verk dei 69 tiltaka i integreringsmeldinga. Det er mellom anna etablert integreringsmottak og starta opp med tidleg kartlegging av kompetanse, og arbeidsrettinga av kvalifiseringstiltaka er styrkt.

Frå 1. mars 2017 har heile befolkninga fått kjerne­journal. Tilgjenge til kritisk informasjon kan redde liv ved akutte hendingar.

Om lag 1,9 millionar pasientar fekk helsehjelp ved somatiske sjukehus i 2016 – 1,9 prosent fleire enn året før.

Gjennomsnittleg ventetid i spesialisthelse­tenesta var 60 dagar i 2016, 9 dagar færre enn året før.

I oktober 2016 la regjeringa fram for Stortinget ein opptrappingsplan mot vald og overgrep.

I mars 2017 la regjeringa fram ei barneverns­reform med større kommunalt ansvar. Reforma skal mellom anna bidra til sterkare prioritering av førebyggjande hjelp og tenester som er betre tilpassa kvar enkelt.

I juni slutta Stortinget seg til regjeringas forslag om ei felles likestillings- og diskrimineringslov.

Det er lagt fram ein handlingsplan mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting og ein strategi mot hatefulle ytringar.

Regjeringa følgjer opp strategien for barn som lever i fattigdom. Fleire barn og unge får delta på ferie- og fritidsaktivitetar.

Regjeringa sitt forslag om å utvide retten til pleiepengar ved pleie av sjuke barn er vedteke og tredde i kraft 1. oktober 2017.

Regjeringa har vidareført arbeidet med eit meir konkurransedyktig norsk landbruk, og gjennom jordbruksoppgjeret er grunnlaget styrkt for auka matproduksjon i heile landet.

I april la regjeringa fram stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2018–2029, som legg opp til ei betydeleg satsing på samferdsel. Reformene som er sette i gang i veg- og jernbanesektoren bidreg til eit moderne og effektivt transportsystem. Auka trafikktryggleik er prioritert.

Våren 2017 la regjeringa fram ei klimalov for å fremje gjennomføring av Noregs klimamål. I juni la regjeringa fram ei stortingsmelding om korleis Noreg kan oppfylle eit utsleppsbudsjett for perioden 2021–2030 som vi vil få ved eit samarbeid med EU.

Regjeringa har annonsert eit bistandsprogram på 150 millionar kroner for å redusere omfanget av mikroplast og forsøpling til havs. I juni i år la regjeringa fram ei stortingsmelding om avfallspolitikk og sirkulær økonomi der det vert lagt vekt på auka ombruk og materialgjenvinning.

---

Overskotet på driftsbalansen overfor utlandet var på 121 milliardar kroner i 2016, ned 128 milliardar kroner frå 2015.

Gjennomsnittleg lønnsvekst frå 2015 til 2016 var på 1,7 pst. Lønningane auka mindre enn konsumprisane, og reallønna fall med 1,8 prosent i fjor. Lønnsoppgjeret i år peikar i retning av noko høgare lønnsvekst. Konsumprisane var 2,2 prosent høgare i januar–juli i år enn på same tid i fjor.

Arbeidet med å følgje opp formålet i skatte­reforma om breie skattebasar og lågare skattesatsar har halde fram. Skattesatsen på allmenn inntekt er vorten redusert med ytterlegare eitt prosentpoeng, til 24 prosent i 2017. Det er lagt ned eit stort arbeid i å følgje opp OECD/G20-arbeidet for å hindre undergraving av skattebasane og flytting av overskot (Base erosion and profit shifting (BEPS)).

Sjukefråværet har vore forholdsvis stabilt dei siste åra, og årsgjennomsnittet er det lågaste etter at IA-avtalen vart inngått. Eitt av måla i IA-avtalen er å redusere sjukefråværet med 20 prosent frå 2001. Sjukefråværet i 2. kvartal 2017 var 11,9 prosent lågare enn i 2. kvartal 2001, justert for sesongvariasjonar.

Det er store skilnader mellom utviklinga og nivået på sjukefråværet mellom blant anna fylke og sektorar. Frå 1. kvartal 2014 til 1. kvartal 2017 har sjukefråværet auka mest i Rogaland, noko som truleg heng saman med ein svakare arbeidsmarknad i fylket. Kommunal forvaltning er framleis sektoren med klårt høgast sjukefråvær, medan privat sektor og offentlege føretak har lågast sjukefråvær.

Befolkninga i Noreg heldt fram med å vekse i 2016, men i eit lågare tempo enn åra før. Nettoinnvandringa gjekk vidare noko ned i fjor, men er framleis på eit høgt nivå. I 2016 auka befolkninga med vel 44 000 personar, og litt under 60 prosent kjem av nettoinnvandring.

Etter høg vekst i bustadprisane gjennom fjoråret har prisane gått ned dei siste månadene. Nedgangen i prisane har vore sterkast i Oslo. For landet samla var bustadprisane i gjennomsnitt 3,1 prosent høgare i august i år enn i august i fjor. Tilbodet av bustader har auka dei siste månadene, særleg i Oslo. Den sterke utviklinga i prisane på bustader dei siste par åra og høg gjeld i hushalda aukar faren for finansielle ubalansar i norsk økonomi. Regjeringa fastsette før nyttår ei ny mellombels forskrift for bustadlån som skal gjelde fram til sommaren 2018. Det er ei vidare­føring og innstramming av tidlegare forskrift.

Regjeringa har arbeidd for å skape god kontakt med den nye administrasjonen i USA. I dette arbeidet har grunnleggjande utanrikspolitiske interesser, som tryggleik, frihandel og klimapolitikk, vore prioriterte.

Regjeringa arbeider for å halde ved like Arktis som ein fredeleg og stabil region. Medlemslanda i Arktisk råd vart i mai samde om å inngå ein avtale som gjer det lettare å samarbeide om arktisk ­forsking.

Noreg er òg pådrivar for auka sjøtryggleik i Arktis. Polarkoden, eit globalt regelverk for skip i polare farvatn, tok til å gjelde 1. januar 2017.

Regjeringa ønskjer eit godt tilhøve til Russland og har vidareført eit breitt samarbeid, ikkje minst i nord. Dette gjeld på område som fiskeri, atomtryggleik, miljø og folk-til-folk-samarbeid.

Det meste av det tosidige samarbeidet fungerer godt, sjølv om Russlands folkerettsstridige framferd i Ukraina framleis pregar tilhøvet mellom Russland og vestlege land.

EØS-midlane er eit viktig europapolitisk verktøy og medverkar til sosial og økonomisk utjamning. Det er inngått rammeavtalar med sju av dei femten mottakarlanda. Regjeringa har som mål å ferdigstille dei resterande åtte avtalane innan utgangen av året.

I stortingsmeldinga om felles ansvar for felles framtid blir hovudprioriteringane i utviklings­politikken stadfesta: utdanning, helse, nærings­utvikling og jobbskaping, klima, miljø og berekraftig energi, humanitær bistand, likestilling, menneskerettar og kamp mot korrupsjon.

I tillegg til den leiande internasjonale rolla som Noreg har teke på seg når det gjeld utdanning, satsar vi vidare på helse i utviklingsland. Gjennom deltaking i G20 i 2017 medverka Noreg til auka internasjonal merksemd om desse områda.

Programmet «Fisk for utvikling» blir utvida til fleire land, og i mars vart det mest avanserte ­forskingsfartøyet i verda, «Dr. Fridtjof Nansen», sjøsett.

Med eit samla bidrag på ti milliardar kroner for perioden 2016–2019 er Noreg eit av dei største ­gjevarlanda når det gjeld å lindre naud som følgje av krigen i Syria.

Regjeringa har auka støtta til seksuelle og reproduktive rettar internasjonalt og til arbeidet mot seksualisert vald i konflikt.

Regjeringa er ein pådrivar for å sikre at ­humanitærretten blir etterlevd, og at humanitære aktørar får tilgang til å hjelpe og verne dei som treng det mest. Noregs humanitære budsjett er auka med rundt 50 prosent sidan 2013 og er for første gong på over fem milliardar kroner.

Noreg har arbeidd aktivt for å støtte reform­initiativet frå generalsekretæren i FN og for å styrkje FN si rolle når det gjeld å førebyggje konflikt.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om hav i utanriks- og utviklingspolitikken.

I FNs miljøforsamling tek Noreg ei førande rolle for å trappe opp innsatsen mot havforureining.

Regjeringa arbeider konkret og målretta for å oppnå ei verd utan kjernevåpen, i tråd med det sameinte stortingsvedtaket frå 2016, der det blir lagt særleg vekt på verifikasjon av kjernefysisk nedrusting.

Fleire kompliserte konsulærsaker har funne si løysing i 2017.

Regjeringa har sett i gang ein revisjon av etterretningstenestelova for å vurdere om lova med dagens trusselbilete og eit digitalisert samfunn gjev det nødvendige rettslege grunnlaget for oppgåvene Etterretningstenesta er sett til å utføre.

NATO tek framleis eit stort ansvar for stabilitet og kapasitetsbygging i nærområda til alliansen. Noreg er ein aktiv pådrivar for at NATOs kommandostruktur må tilpassast dagens endra tryggingspolitiske situasjon, slik at NATO er i stand til å løyse dei mest krevjande oppgåvene i det maritime domenet.

Dagens tryggingspolitiske situasjon har leia til eit tettare samarbeid mellom dei nordiske landa innanfor ramma av nordisk forsvarssamarbeid (NORDEFCO).

Regjeringa har lagt til rette for auka alliert øving og trening i Noreg, og auka samtrening mellom allierte og norske styrkar.

I april la regjeringa fram eit forslag for Stortinget om å kjøpe nye ubåtar innanfor ei kostnadsramme på 41 milliardar kroner. Det er innleia eit strategisk samarbeid med Tyskland, eit samarbeid som mellom anna vil opne for oppdrag til ei rekkje verksemder i Noreg, og som vil fremje høgteknologisk kompetanseutvikling og eksportpotensialet til norskutvikla produkt.

Halvvegs ut i 2017 har Noreg motteke det sjuande av dei nye F-35-kampflya. Dei tre neste kampflya blir leverte direkte til kampflybasen på Ørland hausten 2017.

Utdanningsreforma er sett i verk i Forsvaret.

Allmenn verneplikt er innført i Forsvaret. Ordninga har ført til ein betydeleg auke i delen av kvinnelege vernepliktige.

Lønnsoppgjeret i 2017 var eit mellomoppgjer. Avtalerevisjonane har i all hovudsak vore løyste gjennom forhandlingar og mekling. Talet på konfliktar har vore lågt.

Arbeidssøkjarar under 30 år som har vore arbeidslause i åtte veker og framleis ikkje er i arbeid, utdanning eller annan aktivitet, skal få tilbod om individuelt tilpassa oppfølging frå Arbeids- og velferdsetaten. Ungdomsinnsatsen vart ytterlegare styrkt med fleire oppfølgingsressursar i NAV ved behandlinga av revidert nasjonalbudsjett.

Regjeringa har styrkt innsatsen for å få fleire innvandrarar med flyktningbakgrunn raskare i arbeid. Dette skjer mellom anna gjennom auka arbeidsretting av introduksjonsprogram for nykomne innvandrarar og etablering av eit hurtigspor i arbeidslivet for dei som har etterspurd kompetanse.

Stortinget har vedteke å auke minste pensjonsnivå til einslege alderspensjonistar med 4 000 kroner frå 1. september 2017. I samband med handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2017 vedtok Stortinget å auke minstepensjonen til gifte og sambuande pensjonistar med 1 000 kroner frå 1. september 2017.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om eksport av norske ytingar frå folketrygda. Meldinga inneheld ei rekkje nye tiltak som vil redusere moglegheitene for å ta med seg ytingar frå folketrygda ut av landet.

Etter forslag frå regjeringa vedtok Stortinget 8. juni fleire endringar i regelverket for arbeids­avklaringspengar. Formålet er at fleire skal kunne delta i arbeid gjennom eit kortare stønadsløp med tettare oppfølging og raskare avklaring av stønadsmottakarars arbeidsevne.

Stortingsmeldinga Berekraftige byar og sterke distrikt vart handsama i Stortinget våren 2017. Meldinga har som mål å fremme vekstkraft og likeverdige levekår, berekraftige areal- og transportsystem og gode byar og tettstader i heile landet, og gjev retning for tilpassing av politikken regionalt og lokalt.

I vår la regjeringa fram ein ny nordområdestrategi, der utanrikspolitikk og innanrikspolitikk blir sett i samanheng. For å styrkje samarbeidet om utviklinga i nord har regjeringa etablert Regionalt nordområdeforum som ein fast dialogarena mellom stat og region.

Stortinget har vedteke regjeringa sitt framlegg om ei ny lov om eigarseksjonar.

Husbanken digitaliserer systema for å gjere det enklare å søkje tilskot og lån. Både kommunane og Husbanken sparer tid. I lov om Husbanken vedtok Stortinget i vår endringar som gjeld handsaming av personopplysningar. Endringane legg godt til rette for å hente ut meir av gevinstpotensialet ved dei nye digitale løysingane.

EUs årlege indeks over digitalisering viser at Noreg er nr. 2 i Europa på digitalisering. Bruk av offentlege digitale tenester aukar kraftig. I 2016 var det 90 millionar innloggingar i ID-porten.

Regjeringa har i samarbeid med KS teke initiativ til å få på plass kommunale rettleiingstilbod i alle kommunane i landet, slik at dei som ikkje har erfaring i bruk av internett og digitale verktøy, kan få hjelp til å kome i gang.

I april var regjeringa vertskap for ein nordisk-baltisk ministerkonferanse og ministermøte om digitalisering. Som eit resultat av dette er det etablert eit eige ad hoc ministerråd for digitalisering under Nordisk ministerråd.

Arbeidet med å redusere og fjerne tidstjuvar i forvaltninga er ein viktig del av effektiviseringa av det offentlege, og vart i 2016 utvida frå statleg til kommunal sektor.

Stortinget har vedteke regjeringa sitt framlegg om ei ny lov for dei tilsette i staten. Lova vidare­fører nokre reglar, men er modernisert og forenkla samanlikna med tidlegare lov, og er tilnærma og harmonisert med reglar i arbeidsmiljølova.

I 2017 er det på bakgrunn av framlegg frå regjeringa vedteke fleire viktige forenklingar i lovverket som skal føre til meir effektive planprosessar, enklare regelverk og auka lokalt handlingsrom. Elektronisk tinglysing vart etablert april 2017, og vil effektivisere omsetning av eigedom.

Verdien av statens direkte eigarskap på Oslo Børs var 596 milliardar kroner ved utgangen av 2016. Staten sin del av den bokførte verdien av ­unoterte selskap der staten har forretningsmessige mål med eigarskapet, var 118 milliardar ­kroner. For rekneskapsåret 2016 tek staten imot om lag 33 milliardar kroner i utbytte frå selskapa staten har direkte eigardel i, over 3 milliardar kroner meir enn for 2015.

Regjeringa har etablert eit eige samhandlingsforum med industrien for å synleggjere og utnytte moglegheitene knytte til digitalisering.

I mars la regjeringa fram ei stortingsmelding om industriens rammevilkår. Meldinga skisserer regjeringa sin politikk for ein grønare, smartare og meir nyskapande norsk industri.

Noreg har gode fortrinn når det gjeld å utnytte moglegheitene i havet. I februar 2017 la regjeringa fram ein heilskapleg havstrategi. Strategien inneheld tiltak som skal bidra til å vidareutvikle dei etablerte næringane innanfor petroleum, maritim verksemd og sjømat, og få fram nye havnæringar.

Regjeringa fremma sak om lovfesting av tilskot til sysselsetjing av arbeidstakarar til sjøs. Lova vart sett i kraft 1. juni 2017.

Regjeringa har utvida tilskotsordninga for sysselsetjing av arbeidstakarar til sjøs.

Torskebestanden i Barentshavet er framleis på eit høgt nivå. Eit langvarig samarbeid mellom kyststatane Noreg og Russland og gode klimatiske forhold er bakgrunnen for at vi har den største torskebestanden i verda. Andre bestandar er òg godt forvalta, og kvotane er stort sett høge. Kampen mot fiskerikriminalitet og ulovleg, urapportert og uregulert fiske er høgt prioritert av regjeringa, også i internasjonal samanheng.

I juni 2017 heva regjeringa kvotetaka for kystfiskeflåten med heimelslengd over 11 meter.

Regjeringa har sett i verk eit nytt system for kapasitetsauke i oppdrettsnæringa for laks og aure.

Regjeringa har innført utviklingskonsesjonar for oppdrett av laks og aure for å leggje til rette for utvikling av ny teknologi og realisere visjonen om betydeleg vekst i oppdrettsnæringa.

Vinteren 2016 la regjeringa fram ein bioøkonomi­strategi. Denne skal bidra til auka verdiskaping, nye arbeidsplassar og reduserte klimagassutslepp.

Regjeringa har lagt fram ein strategi for eksport og internasjonalisering for å bidra til at norske verksemder har gode og konkurransedyktige rammevilkår.

Gjennom EFTA har vi starta forhandlingar om ein frihandelsavtale med det søramerikanske frihandelssamarbeidet Mercosur. Noreg har det siste året ratifisert to nye frihandelsavtalar med Georgia og Filippinane.

Den 1. april 2017 vart Konkurranseklagenemnda oppretta i Bergen med ansvar for klagesaksbehandling av alle vedtak etter konkurranselova.

Regjeringa har oppnemnt eit offentleg utval som skal vurdere næringslivet sin tilgang til kapital. Utvalet skal levere rapporten sin innan 1. mars 2018.

I mars 2017 la regjeringa fram ei eiga stortingsmelding om norsk reiseliv.

I 2016 auka oljeproduksjonen svakt for tredje året på rad. Gassproduksjonen i 2016 låg på om lag same nivå som i 2015, totalt 125 milliardar Sm3. Det er 83 felt i produksjon, og ytterlegare tolv felt er under utbygging.

Investeringsanslaget for 2017 er på nær 125 milliardar kroner, og ligg på eit høgt nivå i historisk perspektiv. Aktivitetsnivået har falle mindre enn fallet i investeringsnivå skulle tilseie. Industrien har teke naudsynte grep for å redusere kostnader og bli meir konkurransedyktig. Mange effektiviseringstiltak vart sette i gang allereie før oljeprisen begynte å falle.

Regjeringa held stadig eit høgt nivå på til­delingar av nytt, attraktivt leiteareal. I samband med tildeling av utvinningsløyve i førehandsdefinerte område (TFO) 2016 vart det tildelt 56 utvinningsløyve til 29 selskap. Konsesjonsrunden i år i dei førehandsdefinerte områda, TFO 2017, vart lyst ut i mai. 24. konsesjonsrunde vart lyst ut i juni.

I 2016 vart det sett ny produksjonsrekord i den norske kraftforsyninga med 149 TWh, der 98 prosent vart produsert i vass- og vindkraftverk. Den norske kraftforsyninga hadde, etter Island, den høgaste fornybardelen og dei lågaste utsleppa i Europa.

Nettoeksporten var på 17 TWh eller om lag 4 milliardar kroner.

Ferdigstilling av anlegg og investeringar i ny fornybar kraftproduksjon auka frå 2015 til 2016. Noreg er inne i ein periode der det blir bygd fleire anlegg for fornybar kraftproduksjon enn på over 25 år.

Noreg og Sverige har ein felles marknad for elsertifikat til støtte for ny produksjon av fornybar kraft. Frå norsk side skal det ikkje setjast nye mål for elsertifikatsystemet etter 2021, medan Sverige har innført eit mål på ytterlegare 18 TWh innan 2030. Våren 2017 vart det semje med Sverige om ein endringsavtale som tek vare på norske interesser på ein fullgod måte. Stortinget har vedteke endring i lov om elsertifikat.

I revidert budsjett vart det løyvd 20 millionar kroner til tiltak for å auke tryggleiken mot snøskred på Svalbard. For 2017 er det alt i alt løyvd om lag 390 millionar kroner til flaum- og skred­førebygging over budsjettet til Noregs vassdrags- og energidirektorat.

Stortinget vedtok våren 2017 framlegga frå regjeringa om endringar i konsesjonslovgjevinga for vasskraft. Lovendringane følgjer opp målet om forenkling i lovverket frå 1917.

Stortinget vedtok våren 2017 framlegga frå regjeringa om endringar i vassressurslova og jordlova. Endringane i vassressurslova gjer at reguleringa av grunnvatn blir lik reguleringa av andre vassdragstiltak og sikrar ei berekraftig forvaltning av grunnvassressursane. Samstundes blir all myndigheit for sakshandsaming av mindre vasskraftverk ført over til lokalt folkevalt nivå. Endringa i jordlova inneber ei forenkla sakshandsaming av energi- og vassdragstiltak på landbruksareal.

Den tredje energimarknadspakka vart innlemma i EØS-avtalen gjennom vedtak i EØS-komiteen i mai 2017. Vedtaket er gjort med atterhald om samtykke frå Stortinget.

Regjeringa har i 2017 styrka utviklinga av miljøvenleg og kostnadseffektiv teknologi for olje- og gassindustrien gjennom å auke budsjettet til DEMO 2000-programmet med 67 millionar kroner.

Tilsvarande har regjeringa styrka teknolo­giutvikling og innovasjon knytte til fornybare energikjelder gjennom å auke budsjettet til ENERGIX-programmet med 33 millionar kroner.

Regjeringa har vidareført arbeidet med fullskala CO2-handtering. Det er også avgjort at ein skal forlengje satsinga på Teknologisenteret for CO2-fangst på Mongstad, i første omgang fram til august 2020.

Regjeringa har sendt på høyring forslag om ei ny nasjonal norm for tilsette, forslag om skjerpa pedagognorm og forslag om plikt for barnehage­eigarar til å samarbeide om overgang frå barnehage til skule og SFO.

Regjeringa har sytt for at fleire barn får tilgang til barnehageplass gjennom gode moderasjonsordningar og utvida rett til plass. Frå 1. august 2017 fekk også barn som fyller eitt år i november, rett til plass innan utgangen av november.

Stortinget har slutta seg til fornyinga av faga i skulen som vart meld i Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse: En fornyelse av Kunnskapsløftet, jf. Innst. 19 S (2016–2017). Alle faga i grunnskulen og dei gjennomgåande faga i vidaregåande opplæring skal fornyast.

Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa – vart fastsett ved kongeleg resolusjon 1. september 2017. Overordna del av læreplanverket utdjupar verdigrunnlaget i formålsparagrafen til opplæringslova og dei overordna prinsippa for grunnopplæringa.

I mars 2017 la regjeringa fram Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen, som markerte startskotet for arbeidet med å innfri eit løft for tidleg innsats. Med meldinga har regjeringa innført ein ny modell for statleg finansiering av kompetanseutvikling i skulen, der kommunane sjølve skal finne ut kva dei treng av kompetanse for å heve kvaliteten. Regjeringa fordeler om lag 100 millionar kroner til lokal skuleutvikling i 2017. Kommunar som hamnar under ei nedre grense for skulekvalitet, vil få tilbod om støtte og rettleiing tilpassa lokale behov og utfordringar.

Regjeringa har utvida retten til vidaregåande opplæring ved at unge som har droppa ut, kan starte opp igjen raskare på vidaregåande skule, og ved å gi rett til vidaregåande opplæring for dei som har ei opplæring frå utlandet som ikkje blir godkjend som studie- eller yrkeskompetanse i Noreg.

Regjeringa har sett i gang Lærarløftet, som inneber ei historisk satsing på vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar. Til saman 6 000 lærarar fekk tilbod om å ta vidareutdanning hausten 2017, om lag 380 fleire enn i fjor.

Stortinget slutta seg til regjeringa sitt forslag til nye reglar om skulemiljø. Det skal vere null­toleranse mot mobbing, ei tydeleg og handlingsretta aktivitetsplikt og ei enklare, raskare og meir effektiv klageordning for elevar og foreldre når skulen ikkje syter for at elevane har det trygt og godt på skulen. I særlege tilfelle skal ein kunne nytte tvangsmulkt mot kommunar som ikkje følgjer ­fylkesmannen sine vedtak.

Regjeringa starta eit forsøk med programmering som valfag hausten 2016. Interessa var stor, og mange kommunar ønskte å vere med. Regjeringa opnar frå hausten 2017 opp for at alle kommunar kan tilby valfag programmering i forsøksperioden, og at valfaget blir permanent frå 2019.

Gjennom strategien Tett på realfag (2015–2019) for barnehagen og grunnopplæringa vil regjeringa forbetre motivasjon, læring og resultat i realfaga. Realfagskommunar er eit sentralt verkemiddel, og hausten 2017 starta 11 nye kommunar opp som realfagskommunar.

Regjeringa har i samarbeid med partane i arbeidslivet, Sametinget og Vaksenopplæringsforbundet arbeidd fram ein Nasjonal kompetanse­politisk strategi, som vart lansert i februar 2017. Strategien er den første i sitt slag i Noreg, og skal gje felles retning til arbeidet strategipartane gjer.

Ny lov om godkjenning av yrkeskvalifikasjonar vart vedteken 7. mars 2017 og tek til å gjelde 1. januar 2018. Lova gjennomfører fleire tiltak som kan auke mobiliteten for yrkesutøvarar innanfor regulerte yrke, mellom anna er sakshandsaminga forenkla.

Stortinget har våren 2017 handsama stortingsmeldinga om kultur for kvalitet i høgre utdanning. Gjennom prosessen med meldinga har universiteta og høgskulane fått fleire verktøy for å utvikle ein endå betre kvalitetskultur i høgre utdanning.

Stortinget har våren 2017 handsama stortingsmeldinga om fagskuleutdanning. Regjeringa styrkjer fagskulane gjennom nær 50 kvalitetshevande tiltak, og løyvingane til utvikling av sektoren har vorte styrkte med 68 millionar kroner.

I 2017 er nytt teknologibygg for NTNU i Trondheim ferdigstilt. Rehabiliteringa av store delar av bygningsmassen ved Noregs idrettshøgskole blir ferdig hausten 2017, samstundes som det blir arbeidd vidare med å ferdigstille fleire nybygg i universitets- og høgskulesektoren, mellom anna for veterinærmiljøa på Ås.

Regjeringa og samarbeidspartia på Stortinget har auka løyvingane til bygging av studentbustader. I 2017 er det løyvd midlar til 2500 bustader.

Regjeringa fører vidare arbeidet med å styrkje studentøkonomien. Våren 2017 vart studiestøtteperioden utvida med ei veke for dei som tek høgre utdanning eller fagskuleutdanning på heiltid. Med dette gjennomførte regjeringa første trinn i planen for gradvis innføring av elleve månader med studiestøtte som Stortinget slutta seg til i fjor.

Frå 1. januar 2017 vart Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane slått saman til Høgskulen på Vestlandet. Høgskulane i Hedmark og Lillehammer vart slått saman til Høgskolen i Innlandet frå same dato. Samtidig vart også Universitetet i Bergen og Kunsthøgskolen i Bergen fusjonerte. Gjennom stortingsperioden er dermed 33 statlege institusjonar slått saman til 21.

Sommaren 2017 vart det lagt fram ein nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærarutdanningane, Lærerutdanning 2025. Hausten 2017 vart dei første studentane på femårig masterprogram i grunnskulelærarutdanning tekne opp, i tråd med innhaldet i strategien Lærarløftet frå 2014.

I mars la regjeringa fram Meld. St. 25 (2016–2017) om humaniora i Noreg. Meldinga er det første politiske dokumentet som går gjennom humaniorafeltet i Noreg på ein heilskapleg måte.

 Det er løyvd om lag 70 millionar kroner til ei satsing på kulturell og kreativ næring som skal styrkje den økonomiske berekrafta i kulturfeltet. Regjeringa har mellom anna gjeve Norsk kulturråd i oppdrag å etablere eit eige kontor i Trondheim, Kreativt Norge.

Frå 1. januar 2017 vart Norsk lokalhistorisk institutt slått saman med Nasjonalbiblioteket. Frå same tid vart Det flerspråklige bibliotek overført frå Oslo kommune til Nasjonalbiblioteket.

Regjeringa har på grunnlag av framlagde rapportar konkludert med å førebu rehabilitering av Nationaltheatret i Oslo.

Kulturdepartementet har motteke Mediemangfaldsutvalet sin rapport, der dei foreslår ei rekkje tiltak for å møte utfordringane i medie­bransjen. Regjeringa vil arbeide vidare med forslaga i rapporten.

Regjeringa har kunngjort ein ny avtale for å tryggje eit kommersielt allmennkringkastartilbod med hovudkontor utanfor Oslo.

Avviklinga av FM-nettet er i gang, og vi går over til DAB-radio.

Regjeringa har lagt fram eit forslag til ny åndsverklov som skal gje ein betre balanse med omsyn til kunstnarane og brukarane av åndsverk.

Etter framlegg frå regjeringa har Stortinget vedteke å oppheve juryordninga. I staden skal retten setjast med to fagdommarar og fem med­dommarar. Rettstryggleiken blir betre fordi retten no skal grunngje avgjerda av skuldspørsmålet.

Regjeringa har foreslått å endre reglane om når ein lovbrytar ikkje kan straffast fordi han må reknast som utilrekneleg.

Regjeringa har lagt fram ein nasjonal strategi for samordna tilbakeføring etter gjennomført straff. Tiltak i strategien skal sikre at domfelte får tettare oppfølging og eit betre koordinert tenestetilbod etter gjennomført straff.

Vidare har regjeringa bygd nye fengselsplassar. Ullersmo fengsel og Indre Østfold fengsel, avdeling Eidsberg, er rehabiliterte og utvida. I 2017 er kapasiteten på gjennomføring av straff med elektronisk kontroll utvida tilsvarande om lag 40 nye plassar.

Etter eit lovframlegg frå regjeringa er folk som ikkje får løyve til å byggje opp att huset sitt på same tomt etter ei naturulykke, sikra rett til skadebot for tomta gjennom brannforsikringa.

Regjeringa har satsa på å digitalisere og modernisere domstolane. Til saman er det løyvd om lag 200 millionar kroner til IKT i domstolane sidan 2014.

Det er lagt til rette for auka bruk av moderne kommunikasjonsteknologi i inkasso og ved tvangsfullføring av krav. Elektronisk tinglysing vart sett i verk 18. april 2017. Dette vil føre til store kostnadsreduksjonar for næringslivet og det offentlege.

Dei første av 16 nye redningshelikopter vart leverte i 2017. Helikoptera skal gjennom eit innfasingsprogram i Forsvaret før første helikopter blir teke i bruk i løpet av 2018.

Gjennomføringa av Nærpolitireforma held fram.

Dei største organisatoriske endringane er no på plass, og utviklingsarbeidet framover blir retta mot innhaldet i tenestetilbodet, mellom anna fagleg utvikling og læring, standardisering av arbeidet og innfriing av kvalitetskrav.

Regjeringa har i 2017 styrkt løyvinga til Statens barnehus med 50 millionar kroner. I tillegg er det i 2017 løyvd 60 millionar kroner til styrking av etterforsking og avhøyr i tilknyting til vald og overgrep mot barn.

I 2017 skal det etablerast 12 nye offeromsorgskontor som blir lokaliserte hos politiet i alle politidistrikt i landet.

Regjeringa har i perioden 2014–2017 styrkt PST med om lag 300 millionar kroner. Viktige satsingar i PST har vore livvakttenesta, styrking av spaning og innhentingskapasitet, IKT og sikkerheit, nye lokale og 35 nye stillingar tilknytte arbeidet med framandkrigarproblematikken.

Felles cyberkoordineringsenter vart opna 31. mars 2017. Senteret skal styrkje evna til å motverke og handtere truslar i det digitale rommet, og dessutan bidra med analysar og avgjerdsgrunnlag for styresmaktene.

I revidert nasjonalbudsjett for 2017 vart det bestemt å investere i tre nye politihelikopter med transportkapasitet. Dei skal leverast i løpet av 2019. Dette er ei vesentleg betring av dagens politihelikopterberedskap.

Mellombels indre grensekontroll på ferjehamner med trafikk mot Sverige, Danmark og Tyskland er så langt ført vidare i 2017. Behovet for ytterlegare vidareføring av grensekontroll blir vurdert opp mot utviklinga i sikkerheitssituasjonen. Talet på registrerte asylsøkjarar var i 2016 det lågaste sidan 1997.

Regjeringa har motteke og sendt på høyring ei utgreiing frå eit utval som har sett på dei langsiktige konsekvensane av høg innvandring – NOU 2017: 2 Integrasjon og tillit.

Sjukehusa hadde i 2016 eit positivt resultat på om lag 3 milliardar kroner, som er noko meir enn året før. Det vart investert for 7,9 milliardar kroner i bygg, utstyr og IKT i helsetenesta.

Målet om at 70 prosent av kreftpasientane blir inkluderte i eit pakkeforløp, vart i 2016 nådd i heile landet.

Ei ny føresegn i helse- og omsorgstenestelova tredde i kraft 1. oktober 2017. Føresegna samlar og gjev tydeleg ansvaret til kommunen når det gjeld dei som har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid.

Ei ny føresegn om plikt for kommunane til å sørgje for systematisk lækjemiddelgjennomgang for pasientar på sjukeheimane dei har ansvar for, tredde i kraft 1. januar 2017.

Frå 1. januar 2017 vart eigendelstak 2 auto­matisert, og fysioterapeutar er i ferd med å kople seg opp på Norsk helsenett for å sende opplysningar om eigendelar og krav om refusjon til Helfo.

Ny føresegn om kompetansekrav for legar i den kommunale helse- og omsorgstenesta tredde i kraft 1. mars 2017. Forskrifta stiller krav om at legar som tiltrer stillingar i den kommunale helse- og omsorgstenesta, skal vere spesialistar i allmennmedisin eller under spesialisering.

Regjeringa har lagt fram ein proposisjon om endringar i helselovgjevinga, med mellom anna overføring av det offentlege tannhelsetenesteansvaret frå fylkeskommunen til kommunen og lovfesting av kompetansekrav i den kommunale helse- og omsorgstenesta.

Regjeringa følgjer opp Opptrappingsplanen for rusfeltet med ei samla løyving på over 900 millionar kroner i 2016 og 2017.

Regjeringa har lagt fram ein heilskapleg strategi for psykisk helse (2017–2022). Strategien inneheld både helsefremjande, førebyggjande og kurative perspektiv og dekkjer folkehelseområdet, tenestene og forskinga. Den psykiske helsa til barn og unge er vigd særskild merksemd.

Regjeringa har lagt fram Nasjonal handlingsplan for betre kosthald (2017–2021) med mål om å betre kosthaldet særleg blant barn, unge og eldre og redusere sosiale skilnader i kosthald, fremje sunne matvarer og ta vare på eit berekraftperspektiv, og dessutan styrkje mat-, måltids- og kosthaldsarbeid i helse-, omsorgs- og sosialtenesta.

Regjeringa har lagt fram forslag om endring i tobakksskadelova som inneber at verksemder som driv sal av tobakksvarer til forbrukar og grossistar, pliktar å registrere seg, og at det skal førast tilsyn med salet.

Regjeringa har lagt fram forslag om endringar i barnevernslova for å styrkje barneperspektivet i lova og auke rettstryggleiken for barn og foreldre. Regjeringa vil arbeide vidare med forslaga frå ­Barnevernslovutvalet om ei heilt ny barnevernslov.

Familievernet er planmessig styrkt og har fått eit historisk økonomisk løft i denne regjeringsperioden, med over 128 millionar kroner, ut frå ei totalløyving på om lag 370 millionar kroner i 2013. For 2017 har Stortinget auka løyvinga til familievernet med 38 millionar kroner.

I juni 2017 mottok regjeringa utgreiinga frå eit utval som har gått gjennom måten det offentlege tenesteapparatet handterer saker der barn og ungdom har blitt utsette for grov vald, seksuelle overgrep eller alvorleg omsorgssvikt. Utgreiinga er send på høyring.

I september 2017 la regjeringa fram forslag om endringar i barnelova og straffelova mv. for å gje betre rettsvern for barn mot vald og overgrep.

Barnefamilieutvalet som har vurdert offentlege overføringar og tenester til barnefamiliane, la i mars fram utgreiinga si. Den er send på ei brei offentleg høyring med frist 30. september 2017.

Forslaget frå regjeringa om å innføre eit krav om butid på fem år for rett til kontantstøtte er vedteke av Stortinget og tredde i kraft 1. juli 2017.

Regjeringa sitt forslag til endringar i folketrygdlova for å styrkje fedrars moglegheiter til å behalde fedrekvoten og vere saman med barnet etter samlivsbrot er vedteke og trer i kraft 1. september 2017.

Regjeringa sitt forslag til ny adopsjonslov vart vedteke av Stortinget i juni 2017.

Regjeringa har lagt fram ei melding for Stortinget om jordbruket med vekt på auka produksjon, betra effektivitet og styrkt konkurransekraft for å møte framtidige utfordringar.

Vidare har regjeringa lagt fram ei melding til Stortinget om reindriftspolitikken. Det er 25 år sidan sist det vart lagt fram ei melding om reindrift. Meldinga legg vekt på økologisk berekraft, og presenterer strategiar og tiltak for at næringa betre skal utnytte potensialet og moglegheitene sine i ei rasjonell og marknadsorientert retning.

Noreg og EU har kome til semje om ein avtale om auka handel med landbruksvarer. Formell godkjenning av avtalen står att.

Regjeringa har lagt fram ein strategi for reiseliv basert på landbruket og reindrifta sine ressursar. Strategien synleggjer korleis landbruket og reindrifta kan vere innhaldsleverandørar for reiselivet og inngå i heilskaplege reiselivsprodukt.

I april 2017 la regjeringa fram forslag for Stortinget om fleire endringar i konsesjonslova, jordlova og odelslova. Endringane styrkjer den private eigedomsretten og forenklar eigedomslovgjevinga i landbruket.

Stortinget handsama i januar 2017 regjeringa sine framlegg til tiltak for ei konkurransedyktig skog- og trenæring.

Regjeringa prioriterer jordvernet høgt. Tal frå kommunane viser at om lag 6 000 dekar dyrka jord vart registrert omdisponerte i 2016, noko som er ein nedgang på fem prosent samanlikna med 2015.

Prionsjukdommen Chronic Wasting Disease, også kalla skrantesjuke, er funnen hos villrein i Nordfjella. Sjukdommen er svært alvorleg for hjortedyr, og det er vedteke å ta ut reinsflokken, i tråd med tilrådingar frå mellom anna Vitskapskomiteen for mattryggleik.

Satsinga på samferdsel i Nasjonal transportplan 2018–2029 er kraftig og utgjer 1 064 milliardar kroner i statlege midlar og bompengar i planperioden og vil bidra til smartare, grønare og tryggare transport i framtida. Ny teknologi er eit viktig verktøy for å nå målet om eit transportsystem som er sikkert og bidreg til omstilling til lågutsleppsamfunnet.

Aktiviteten innanfor vegbygging og vedlikehald er høg. Samstundes med at Statens vegvesens aktivitet auka i 2016, vart bemanninga redusert. Fleire anlegg er opna for trafikk. Opninga av E6 Frya–Sjoa i Oppland har gjeve spart køyretid og auka tryggleik for trafikantane. Opninga av E18 Knapstad–Retvet i Østfold og Akershus har gjeve 6,3 km med firefelts veg i ny trasé.

Arbeidet med reformer i veg- og jernbane­sektoren held fram. Jernbanedirektoratet og Bane NOR SF er i full drift.

Nye Veier AS har vore operativt sidan januar 2016. Ut frå dei utbyggingane som selskapet har sett i gang, meiner selskapet at den porteføljen som selskapet har fått ansvaret for, kan bli bygd ut vesentleg raskare enn opphavleg føresett.

Bompengereforma skal bidra til at mest mogleg av det som blir kravd inn av bompengar, går til formålet, og at det er lett for bilistane å gjere opp for seg.

Etter ønske frå dei store byane legg regjeringa i 2017 til rette for at byområde kan ta i bruk bompengetakstar som mellom anna varierer ut frå miljø­eigenskapane til dei ulike køyretøya.

Ein samordna bustad-, areal- og transportpolitikk er viktig for å nå måla til regjeringa om miljø, klima og framkome. Det er inngått bymiljøavtalar for Trondheim og Oslo og Akershus. Det er forhandla fram ein byutviklingsavtale mellom staten og Oslo- og Akershus-området om oppfølging av arealforpliktingane i den inngåtte bymiljøavtalen. For Bergen og Nord-Jæren er det forhandla fram byvekstavtalar, som omfattar både arealbruk og transporttiltak. Gjennom avtalane vil staten finansiere 50 prosent av fire fylkeskommunale kollektivinfrastrukturprosjekt. I Nasjonal transportplan 2018–2029 er det i planperioden prioritert midlar til Fornebubanen i Oslo og Akershus, ny metrotunnel i Oslo, Bybanen til Fyllingsdalen i Bergen, Metrobuss trinn 1 i Trondheim og Bussveien på Nord-Jæren. I avtalane forpliktar partane seg til å samarbeide om utvikling av kollektivknutepunkt med høg arealutnytting, slik at flest mogleg nyttar kollektivtransport, syklar eller går til sine daglege gjeremål.

Arbeidet for auka trafikktryggleik har høg prioritet. I 2016 omkom 135 personar i vegtrafikken. Dette er svært låge tal i europeisk og global samanheng. Dei førebelse ulykkestala for dei åtte første månadene av 2017 er på same nivå som i 2015, som var året med det lågaste talet på omkomne sidan 1950.

Eit nytt parkeringsregelverk for private og offentlege parkeringsselskap tok til å gjelde 1.­ januar 2017.

Frå 2017 er det innført ei mellombels insentiv­ordning for å overføre gods frå veg til sjø.

Regjeringa la våren 2017 fram ei stortingsmelding om verksemda til Avinor AS.

Dei nye kontraktane om drift av regionale ruteflygingar i Nord-Noreg tok til å gjelde frå 1. april 2017.

Elektroniske kommunikasjonstenester og -nett blir stadig viktigare. Samstundes aukar truslane mot ekomnett og -tenester som følgje av ekstremvêr, teknisk eller menneskeleg svikt og kriminelle handlingar. Frå 1. juli 2017 er eit operativt miljø for å handtere cyberhendingar i ekomsektoren, Ekom CERT, i full drift.

Private aktørar investerte meir enn 10,7 milliardar kroner i ekomnett og -tenester i 2016. Regjeringa held fram arbeidet med å forenkle regelverket og leggje til rette for investeringar. Forslag til nye grave­reglar som vil gjere det billegare å byggje nett som kan levere raske og gode tenester i heile landet, har vore på høyring. Vidare har det vorte tildelt viktige frekvensblokker i 900 MHz-bandet, noko som sikrar at mobilselskapa kan tilby gode tenester til innbyggjarane.

Regjeringa offentleggjorde i juni ei forskrifts­endring som forbyr bruk av mineralolje i hushald og næringsbygg frå 2020.

Noreg har i år ratifisert avtalen om å redusere bruken av dei sterke klimagassane HFK (hydrofluorkarbon). Avtalen vil ifølgje FNs miljøprogram bidra til at verda unngår opp til 0,5 grader Celsius oppvarming innan 2100.

Klima- og miljødepartementet har inngått ein miljøavtale med 15 næringsorganisasjonar om reduksjon av NOx-utsleppa. Verksemder som sluttar seg til avtalen, slepp å betale NOx-avgift i perioden 2018–2025.

Regjeringa la i april 2017 fram ei stortingsmelding om oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet. Meldinga omtalar mellom anna miljøtilstanden med særleg vekt på forsøpling og mikroplast, verdiskaping frå havbaserte næringar og tiltak for berekraftig bruk.

Regjeringa har handsama alle saker om levande, genmodifiserte organismar etter genteknologilova som er godkjend etter EUs utsetjingsdirektiv.

I mars fremma regjeringa ein lovproposisjon om felling av ulv, og i juni vart rovviltføresegna endra slik at rovviltnemndene kan handsame spørsmålet om lisensfelling av store rovdyr ut ifrå fleire omsyn enn tidlegare.

Regjeringa etablerte i desember 2016 to nye nasjonalparkar, Raet og Jomfruland. Den 21. juni vart det verna 19 nye skogreservat.

I 2017 vart ordninga «Nasjonale Turstiar» oppretta med ei løyving på 7,5 millionar kroner for å styrkje vernet av naturen og etablere god besøksforvaltning i område med høgt besøk og verdiskaping.

Gitt på Oslo Slott 6. oktober 2017

Under Vår hånd og riksseglet