Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Melding frå Kongen til Stortinget om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding

Stortinget, 2. oktober 2019.

I samsvar med Grunnlova gir Kongen denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida etter siste melding.

Det går godt i norsk økonomi.

Veksten i fastlandsøkonomien var i fjor høgare enn den langsiktige trenden, for første gong sidan 2014.

Etter 2016 har sysselsetjinga auka og arbeidsløysa gått ned. Arbeidsløysa er lågare enn gjennomsnittet for dei siste 20 åra. Åtte av ti nye arbeidsplassar har det siste året kome i privat sektor. I august var den registrerte arbeidsløysa 2,2 prosent.

Det er venta auka kapasitetsutnytting og auka sysselsetjing også framover.

I 2019 har Noregs Bank heva renta tre gonger, og renta er no 1,50 prosent. I september var den norske krona om lag 15 prosent svakare enn før oljeprisen begynte å falle i 2014. Saman med moderate lønnsoppgjer, reduserte skattar og auka investeringar har det gitt norske bedrifter betre konkurranseevne.

I Revidert nasjonalbudsjett la regjeringa opp til å bruke 238 milliardar kroner av olje- og fondsinntektene. Det svarer til 2,9 prosent av Statens pensjonsfond utland ved inngangen til 2019.

I 2018 utgjorde verdiskapinga i petroleumssektoren 17 prosent av Noregs BNP. Statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda var 251 milliardar kroner.

Statens pensjonsfond hadde ein samla marknadsverdi ved utgangen av første halvår på 9 414 milliardar kroner, ein auke på 924 milliardar kroner frå nyttår.

Det utanrikspolitiske landskapet er prega av uro og uføreseielege forhold.

Tryggingsrådet i FN er stadig det viktigaste organet i verda når det gjeld internasjonal fred og sikkerheit. Noreg har intensivert arbeidet for å bli valt inn i Tryggingsrådet for 2021–2022.

Noreg har vidareført innsatsen for fred og forsoning, blant anna i Venezuela.

Noreg leier FNs økonomiske og sosiale råd i 2019–2020.

I europapolitikken legg regjeringa vekt på at EØS-avtalen skal halde fram med å vere ei velfungerande ramme for Noregs deltaking i den felles europeiske marknaden.

Regjeringa har inngått og vil arbeide vidare for å sikre avtalar med Storbritannia når dei går ut av EU – anten det skjer med eller utan ein utmeldingsavtale.

Statsministeren leier FNs pådrivargruppe for berekraftsmåla. Regjeringa jobbar for at vi skal nå berekraftsmåla nasjonalt og internasjonalt.

Regjeringa reformerer bistandsforvaltninga for at ho skal bli effektiv og gi størst mogleg effekt.

Regjeringa intensiverer innsatsen i utviklingspolitikken for spesielt sårbare og utsette grupper.

Regjeringa har vidare annonsert dobling av norsk støtte til Det grøne klimafondet frå 2020.

Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan for arbeidet med kvinner, fred og sikkerheit.

Det humanitære budsjettet har auka med over 60 prosent frå 2013 til 2019. 

Regjeringa har vidareført arbeidet med å styrkje Forsvaret i tråd med langtidsplanen.

I NATO har Noreg bidrege til reformer som gjer alliansen betre rusta til å sikre eit kollektivt forsvar av medlemmene.

Noreg var vertskap for NATO-øvinga Trident Juncture 2018. Øvinga var eit konkret uttrykk for NATOs vilje og evne til å forsvare allierte.

Noreg deltek i militære operasjonar internasjonalt blant anna i Mali, Afghanistan og Irak.

Lønnsoppgjeret i år var eit mellomoppgjer. Lønnsveksten vart noko høgare enn i dei føregåande åra.

Framleis står for mange utanfor arbeidsmarknaden. Regjeringa har derfor teke initiativ til ein inkluderingsdugnad for å få fleire i jobb.

Regjeringa og partane i arbeidslivet er einige om ein ny intensjonsavtale om eit meir inkluderande arbeidsliv.

Etter forslag frå regjeringa vart ein ny tenestepensjon for offentleg tilsette vedteken i vår.

Kommunesektoren går godt, og fleire kommunar har fått eit betre økonomisk handlingsrom. Dette går fram blant anna av at det er færre kommunar i ROBEK enn nokon gong tidlegare. Næringslivet i distrikta går godt, og verdiar blir skapte der folk bur. Veksten skaper levande lokalsamfunn.

Regjeringa vil halde fram med å forenkle regelverket og gi kommunar auka handlingsrom og større ansvar for berekraftig samfunnsutvikling og arealbruk.

Norsk næringsliv er avhengig av å kunne selje varene og tenestene sine i andre land, og regjeringa vil føre vidare arbeidet med å sikre marknadstilgang i eksisterande og nye marknader. Noreg er den nest største eksportøren av sjømat i verda. I 2018 vart det eksportert sjømat frå Noreg for 99 milliardar kroner.

I juni vart regjeringa sin oppdaterte havstrategi lagd fram. Noreg har også teke ei leiarrolle i globale havspørsmål, blant anna gjennom Høgnivåpanelet for ein berekraftig havøkonomi.

Regjeringa vidarefører ein stabil, langsiktig petroleumspolitikk. I 2018-runden av førehandsdefinerte område vart det tildelt 83 utvinningsløyve til 33 oljeselskap.

Regjeringa har sendt på høyring forslag om opning av område for havvind.

Fagfornyinga for grunnskulen og dei gjennomgåande faga i vidaregåande skule er i rute.

Lærarnorma vart innført hausten 2018 og blir trappa opp hausten 2019.

Regjeringa held fram satsinga på kompetanseutvikling for lærarar i barnehage og skule.

Regjeringa har starta kompetansereforma Lære heile livet. Målet er at ingen skal gå ut på dato i arbeidslivet, og at fleire skal kunne stå i jobb lenger.

I oktober 2018 la regjeringa fram langtidsplanen for forsking og høgare utdanning 2019–2028, med konkrete opptrappingsplanar for teknologi, kvalitet i høgare utdanning og FoU for omstilling og fornying i næringslivet.

Regjeringa lanserte hausten 2018 sin integreringsstrategi for at fleire innvandrarar skal delta i arbeids- og samfunnsliv. I august vart det sendt på høyring eit forslag om å oppheve introduksjonslova og innføre ei ny lov om integrering. Lovforslaget skal bidra til at fleire innvandrarar deltek i arbeidslivet.

Regjeringa la i november 2018 fram den første heilskaplege kulturmeldinga på 15 år.

Som følgje av stortingsmeldinga om mediepolitikk skal det opprettast eit mediestøtteråd, og finansieringa av NRK blir lagd om.

Regjeringa har fått tilslutning til å etablere eit lågterskeltilbod for behandling av saker om seksuell trakassering.

Nærpolitireforma er den største endringa av politiet i nyare tid og legg til rette for nye metodar og ny teknologi. Vi har alt fått politipatruljar som utfører meir politiarbeid på staden, og robuste operasjonssentralar som er viktige for beredskapen.

Det er i år levert to nye politihelikopter. Eit tredje helikopter blir levert i løpet av hausten. Dei nye helikoptera gjev politiet styrkt innsatsevne. Dei nye helikoptera skal etter planen vere operative innan utgangen av 2020.

Det siste året har det kome om lag 200 nye politiårsverk i politiet.

Regjeringa har starta kvalitetsreforma Leve heile livet. Gode lokale løysingar skal spreiast og takast i bruk i kommunane.

Regjeringa har auka tilskotsramma for heildøgns omsorgsplassar til 2 400 plassar i 2019. Sidan 2013 har regjeringa lagt til rette for 15 500 heildøgns omsorgsplassar, med ei samla tilsegnsramme på om lag 25,5 milliardar kroner. Regjeringa har starta arbeidet med Likeverdsreforma. Målet er å gjere kvardagen enklare og betre for barn med behov for samansette tenester, og for familiane deira.

I juni la regjeringa fram Opptrappingsplanen for den psykiske helsa til barn og unge.

Regjeringa har gjennom fleire år satsa på helsestasjons- og skulehelsetenesta, inkludert jordmorkapasiteten i kommunane, og talet på årsverk i tenesta har auka betrakteleg.

Om lag 2 millionar pasientar fekk helsehjelp ved somatiske sjukehus i 2018, ein oppgang på 1,0 prosent frå året før.

Gjennomsnittleg ventetid i spesialisthelsetenesta var 59 dagar i 2018, ein oppgang på to dagar frå året før. Sidan 2013 har ventetidene i spesialisthelsetenesta gått ned med 15 dagar.

Regjeringa har sett i gang eit familieprosjekt for å gjere kvardagen til barnefamiliar betre og sikre gode oppvekstvilkår. Trygge og gode familiar bidreg til å styrkje barns moglegheiter i livet.

I 2019 vart barnetrygda auka for første gong på over 20 år. I tillegg vart eingongsstønaden auka betydeleg. Aukane betyr mest for familiar med låg inntekt.

Arbeidet mot barnefattigdom blir prioritert. Tilskotsordninga for at barn frå vanskelegstilte familiar mellom anna kan delta i ferie- og fritidsaktivitetar, er auka med over 200 millionar kroner sidan 2014.

Innsatsen mot vald og overgrep mot barn er styrkt. Satsinga på tiltaka i opptrappingsplanen mot vald og overgrep er no på om lag 1 milliard kroner i året.

Regjeringa har lagt fram forslag til ei felles lov for alle trus- og livssynssamfunn. I tillegg har regjeringa lagt fram ei melding om Opplysningsvesenets fond.

I mai inngjekk regjeringa ein jordbruksavtale med jordbruksorganisasjonane. Avtalen byggjer opp under eit aktivt landbruk med variert bruksstruktur over heile landet og gir gode rammer for ei positiv inntektsutvikling.

Regjeringa har også underteikna ein klimaavtale med jordbruket, der det er sett eit mål om at utsleppa skal reduserast med 5 millionar tonn CO2-ekvivalentar for perioden 2021–2030.

Lov om forbod mot hald av pelsdyr tredde i kraft 1. juli 2019.

I 2019 opna den første vegstrekninga som Nye Vegar AS har bygd ut, firefelts motorveg mellom Tvedestrand og Arendal. Vedlikehaldsetterslepet på riksveg blir redusert for femte år på rad.

Arbeidet med jernbanereforma held fram slik at dei reisande kan få eit betre togtilbod, samtidig som vi får meir jernbane for skattepengane.

Stortinget gav i juni 2019 samtykke til å inngå avtale med EU om felles oppfylling av utsleppsmålet for 2030. Avtalen vil gi ei føreseieleg og meir offensiv ramme for norsk klimapolitikk.

Regjeringa har sett i gang Klimakur 2030 for å få eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om korleis Noreg kan redusere ikkje-kvotepliktige utslepp.

Regjeringa la våren 2019 fram ein eigen handlingsplan for grøn skipsfart.

Regjeringa har etablert Nullutsleppsfondet for næringstransport. Det er sett av 1 milliard kroner til fondet for 2019 og 2020.

---

Overskotet på driftsbalansen overfor utlandet var på 285 milliardar kroner i 2018, opp 99 milliardar kroner frå 2017.

Gjennomsnittleg lønnsvekst frå 2017 til 2018 var på 2,8 prosent. Lønningane auka meir enn konsumprisane, og reallønna etter skatt auka med 0,3 prosent i fjor. Konsumprisane var 2,7 prosent høgare i perioden januar–juni i år enn i same periode i fjor.

Befolkninga i Noreg heldt fram med å vekse i 2018, men i eit lågare tempo enn åra før. Nettoinnvandringa gjekk ned i fjor, men var framleis noko høgare enn i åra før EØS-utvidinga i 2004. I 2018 auka befolkninga med om lag 37 000 personar, og nær halvparten kom av nettoinnvandring. I 2018 vart det fødd om lag 55 000 barn. Det var 1 500 færre enn i 2017.

Det siste året har det vore moderat vekst i bustadprisane, etter sterk prisvekst og eit påfølgjande prisfall i åra i forkant. Gjelda i hushalda har lenge auka raskare enn inntektene. Norske hushald har i gjennomsnitt ei gjeld som er meir enn to gonger den disponible inntekta deira. Vedvarande oppgang i gjeldsbelastninga til hushalda er eit teikn på at finansielle ubalansar har bygd seg opp i norsk økonomi. Regjeringa har sett i verk fleire tiltak for ei meir berekraftig utvikling i gjelda til hushalda, både for forbruksgjeld og bustadgjeld.

Ny sentralbanklov vart vedteken av Stortinget i juni og skal tre i kraft 1. januar 2020. Lovvedtaket medfører at Noregs Bank framleis skal vere operativ forvaltar av Statens pensjonsfond utland, og at banken får ein ny og meir moderne styringsstruktur med ein komité for pengepolitikk og finansiell stabilitet. Tilsynsrolla som representantskapet har, blir vidareført som i dag. Lovvedtaket inneber også ei tydeleg formålsbestemming for Noregs Bank, og det blir gjort tydeleg at sentralbanken er uavhengig når det gjeld verkemiddelbruken. Stortinget si behandling viser ei brei semje om sentralbankens rolle og oppgåver, og legg til rette for eit godt og stabilt rammeverk for Noregs Bank også framover.

Regjeringa har lagt fram melding om norske interesser i multilateralt samarbeid. Noreg skal bidra til å reformere og styrkje dei organisasjonane og samarbeidsrammene som er avgjerande viktige for oss, som FN, WTO og NATO, og vi skal bidra til å forsterke relasjonane og samarbeidet med likesinna europeiske land og med EU.

Forpliktande multilateralt samarbeid er i Noregs grunnleggjande interesse, også innanfor sikkerheitspolitikken. Noreg arbeider for eit best mogleg rammeverk for rustingskontroll, nedrusting og ikkje-spreiing.

Vi samarbeider tett med EU for å fremme trygge samfunn, grunnleggjande rettar og multilateralt samarbeid i møte med felles utfordringar som klimaendringar og migrasjon.

Regjeringa har bidrege til å finne globale og regionale løysingar på dagens migrasjonsutfordringar gjennom deltaking i aktuelle FN- og EU-prosessar, og gjennom samarbeid med opphavsland.

USA har sidan andre verdskrig vore vår viktigaste allierte, med eit tett og sterkt samarbeid bilateralt og gjennom NATO. Dette samarbeidet har eit langsiktig perspektiv og er avgjerande for norsk sikkerheit. Regjeringa ønskjer å vidareutvikle og forsterke samarbeidet med USA.

Regjeringa har arbeidd for tydelegare strategiske prioriteringar i det nordiske samarbeidet. Desse prioriteringane er no vedtekne av dei nordiske statsministrane: eit grønt, konkurransekraftig og sosialt berekraftig Norden.

Forholdet til Russland blir ein viktig faktor i norsk utanrikspolitikk også framover. Samtidig som vi har ein dialog og eit praktisk samarbeid på område av felles interesse, står vi saman med allierte i reaksjonen på Russlands brot på folkeretten.

Regjeringa jobbar for at norsk næringsliv skal ha gode, konkurransedyktige og føreseielege rammevilkår internasjonalt. Det er semje om ein handelsavtale mellom EFTA og Mercosur, og det er gjort framsteg i frihandelsforhandlingane med Kina. Arktis er framleis prega av stabilitet og samarbeid basert på folkeretten. Alle dei arktiske landa sluttar opp om Arktisk råd som det sentrale samarbeidsforumet for regionen. Sentrale norske målsetjingar i Arktis blir også i framtida kamp mot klimaendringar, kombinert med berekraftig bruk basert på vitskap og forsking.

Noreg har gjennomført to tokt i Antarktis med det nye forskingsfartøyet vårt, Kronprins Haakon, våren 2019. Desse tokta gav viktig kunnskap.

Det er viktig at land sjølv kan skaffe pengar til berekraftig utvikling og på sikt bli uavhengige av utviklingshjelp. Regjeringa arbeider derfor med å auke skatteinngangen i utviklingsland.

Global helse og utdanning er framleis eit prioritert område for norsk utviklingshjelp. Utdanning er eit av dei viktigaste bidraga til berekraftig utvikling og ein nøkkel til auka likestilling og inkludering av sårbare og marginaliserte grupper.

Saman med statsleiarar frå Tyskland og Ghana har statsminister Solberg oppfordra Verdshelseorganisasjonen til å ta leiarskapen for å utvikle ein handlingsplan som har som mål å framskunde framgangen for helserelaterte berekraftsmål, gjennom betre samhandling og arbeidsdeling mellom tolv globale helseaktørar.

Sjukdomsbildet i verda er i endring, og ikkje-smittsame sjukdommar er no hovudårsaka til for tidleg død. Etter oppmoding frå Stortinget utviklar regjeringa no ein strategi innanfor norsk utviklingssamarbeid for å nedkjempe ikkje-smittsame sjukdommar. Strategien blir lansert nasjonalt og internasjonalt i oktober i år.

Noreg har gjennomført den tredje periodiske landhøyringa i FNs menneskerettsråd.

Regjeringa arbeider aktivt for å verne og styrkje menneskerettane internasjonalt, med særleg vekt på kvinners rettar. Det er nyleg bestemt at halvparten av all bilateral utviklingshjelp skal ha ein likestillingskomponent. Noreg spelar ei særleg aktiv rolle i arbeidet for å fremme kvinners seksuelle og reproduktive helse og rettar.

Regjeringa arbeider målretta for å hjelpe norske borgarar i utlandet og sikre gode konsulære tenester. I juni vart fem foreldrelause barn henta heim frå Syria.

Det er viktig for Noreg å styrkje beredskapen og evna til å handtere, innanfor ramma av NATO, dei mest omfattande oppgåvene: kollektivt forsvar av Noreg og allierte mot truslar, anslag og angrep.

NATO er hjørnesteinen i norsk sikkerheitspolitikk, og Noreg har halde fram med å bidra aktivt inn i alliansen mellom anna gjennom å implementere ny kommandostruktur og delta i NATOs beredskapsstyrkar, operasjonar og øvingar.

Regjeringa har dekt behovet for tett dialog med dei nære allierte om alliert nærvær, trening og øving her i landet. Det er utarbeidd eit oppdatert overordna konsept for å kunne ta imot allierte forsterkingar til Noreg i ein krisesituasjon.

Regjeringa har også vidareført satsinga på eit tettare sikkerheitspolitisk samarbeid i Europa. Som ledd i det norske formannskapet i det nordiske samarbeidet på det sikkerheits- og forsvarspolitiske området (NORDEFCO) vart det utarbeidd ein eige visjon for det nordiske forsvarssamarbeidet mot 2025.

Regjeringa har ført vidare det viktige arbeidet med å byggje grunnmuren som den operative evna til Forsvaret byggjer på. Det er alt kraftig betring av driftssituasjonen i forsvarsgreinene, Heimevernet, Forsvarets logistikkorganisasjon og Cyberforsvaret, noko som er med på å gjere Forsvaret meir tilgjengeleg og uthaldande. Regjeringa gjennomfører ei rekkje investeringar i både materiell og eigedom, bygg og anlegg som bidreg til å styrkje operativ evne.

I 2019 har Noreg motteke ytterlegare seks F-35-kampfly og har no overteke totalt 22 kampfly. Nytt logistikkfartøy, KNM Maud, er på plass, det er bygd opp fleire besetningar til Marinens fartøy, og for å kompensere for bortfallet av fregatten KNM Helge Ingstad seglar dei andre fregattane meir enn det som var planlagt. Heimevernet blir styrkt gjennom at ein aukar øvingsnivået, og gjennom betydelege investeringar til moderne klede og utrusting. Hæren har fått levert dei siste av totalt 144 CV90 kampvogner, som gir avdelingane auka mobilitet, eldkraft og vern.

Artilleribataljonen i Brigade Nord blir oppbemanna for å etablere kampluftvern i Hæren.

Regjeringa arbeider vidare med å gjennomføre sentrale personellreformer, som ordninga for militært tilsette og utdanningsreforma, for å tilpasse personell- og kompetansestrukturen til dei behova Forsvaret har.

Anerkjenning, ivaretaking og oppfølging av personell før, under og etter internasjonale operasjonar er viktig for regjeringa, og det er derfor sett i gang eit arbeid med ei stortingsmelding om saka.

Regjeringa har lagt fram ein heilskapleg plan for arbeidet med objektsikring i politiet og Forsvaret. Ferdigstillingstidspunktet for Forsvaret sitt investeringsprogram for sikring av skjermingsverdige objekt på totalt 450 millionar kroner er forsert med to år til innan utgangen av 2023. Det er sett i verk mellombelse sikringstiltak på objekt med utilfredsstillande førebyggjande sikring. Regjeringa har fastsett ein ny objektsikringsinstruks for bruken av sikringsstyrkar i politiet og Forsvaret.

Avtalerevisjonane i lønnsoppgjeret i år har i all hovudsak vore løyste gjennom forhandlingar og mekling. Det har per 1. juli vore eitt tilfelle av tvungen lønnsnemnd. Talet på konfliktar har vore lågt.

Regjeringa har sendt på høyring eit forslag om at Arbeidstilsynet får utvida kompetanse til å føre tilsyn på innleigeområdet. Regjeringa har også arbeidd for eit tettare samarbeid med EU og enkelte medlemsland om innsatsen mot grenseoverskridande arbeidslivskriminalitet.

Regjeringa ønskjer at fleire som observerer kritikkverdige forhold på jobben, skal våge å seie frå. Stortinget vedtok 11. juni forslag til lovendringar som skal gjere det tryggare og enklare å varsle. Endringane følgjer opp Varslingsutvalet si innstilling, NOU 2018:6, og trer i kraft 1. januar 2020.

Vi har eit felles mål om eit godt og seriøst arbeidsliv i Noreg. Det er viktig at arbeidstakarane har gode og trygge arbeidsforhold. For verksemdene er det avgjerande med rettferdige konkurransevilkår. Etter dialog med partane i arbeidslivet har regjeringa utforma ein revidert og utvida strategi mot arbeidslivskriminalitet. Det er etablert eit breitt kontrollsamarbeid mellom offentlege myndigheiter. Dette samarbeidet er forsterka med auka satsing på førebygging, styrkt kunnskapsgrunnlag og meir målretta informasjon til forbrukarar, arbeidstakarar og verksemder.

Sjukefråværet vart svakt redusert i 2018, men gjekk noko opp i andre kvartal i år. Sjukefråværet er per andre kvartal 2019 2,2 prosent høgare enn i andre kvartal 2018, justert for sesong- og influensavariasjonar. Eit av måla i den nye IA-avtalen er å redusere sjukefråværet med 10 prosent frå årsgjennomsnittet i 2018. Avtalepartane er einige om å etablere ei rekkje nye verkemiddel. Det blir gjennomført blant anna ei ny arbeidsmiljøsatsing med vekt på kunnskapsutvikling, formidling og rettleiing i førebyggjande arbeidsmiljøarbeid til bruk på kvar enkelt arbeidsplass. Det skal etablerast ein portal på Arbeidstilsynet sine nettsider som skal formidle kunnskap og kompetanse om effektivt førebyggjande arbeidsmiljø. Det skal etablerast bransjeprogram for å målrette innsatsen mot bransjar og sektorar som har potensial for å redusere sjukefråvær og fråfall. Det skal også setjast i gang eit forsøk med kompetansetiltak for langtidssjukmelde som på grunn av sjukdom eller skade ikkje kan kome tilbake til den tidlegare arbeidsgivaren. Frå 1. september vart det etablert ei tilskotsordning som kan gi støtte til eksperthjelp i særskilt kompliserte tilfelle.

Gjennom 2019 har Direktoratet for byggkvalitet jobba vidare med å digitalisere og forenkle byggjesaksprosessen. Den nye generasjonen digitale byggjesøknader kan no sendast inn til kommunen via Fellestenester BYGG på Altinn-plattforma. Ein meir effektiv byggjesaksprosess fører til raskare bustadbygging.

Regjeringa har gitt OsloMet, Samfunnsøkonomisk analyse og Eiendomsverdi i oppdrag å etablere eit nytt senter for bustadmarknadsforsking. Senteret har fått namnet Housing Lab og skal auke kunnskapen om korleis bustadmarknaden verkar, og korleis han heng saman med økonomien elles.

Planlegging etter plan- og bygningslova er ein av nøklane til berekraftig utvikling i heile landet. Regjeringa vil bidra til at dagens reglar og prosessar blir tilpassa behovet for raskare å kunne forvandle slitne bydelar til nye attraktive buområde av høg kvalitet. Byvekstavtalar skal også bidra til meir effektiv arealbruk og meir attraktive by- og tettstadsenter.

Ved årsskiftet får Noreg nye og færre kommunar og fylkeskommunar. Færre og sterkare einingar skal gi innbyggjarane og næringslivet eit betre tenestetilbod. Dette er nødvendig for å møte krav frå innbyggjarane til lokale tenester der dei bur. Kommune- og regionreforma styrkjer lokaldemokratiet og tilfører regionane og kommunane nye og viktige oppgåver. Regjeringa vil vidareføre kommunereforma med gode lokale prosessar.

Regjeringa har lagt fram ein ny handlingsplan for openheit i forvaltninga. Den toårige planen inneheld åtte forpliktingar innanfor områda «integritet og openheit i forvaltninga», «opne data og vidarebruk av offentlege data» og «openheit om anskaffing, reelle rettshavarar og antikorrupsjon».

EUs årlege indeks over digitalisering viser at Noreg er nr. 5 i Europa på digitalisering etter Finland, Sverige, Nederland og Danmark. Bruk av offentlege digitale tenester aukar kraftig. I 2018 var det i underkant av 140 millionar innloggingar i ID-porten, ein auke frå om lag 114 millionar i 2017.

Saman med kommunesektoren har regjeringa gått i gang med eit lågterskeltilbod om digital kompetanse. Dei som ikkje har erfaring i bruk av internett og digitale verktøy, kan få hjelp til å kome i gang.

11. juni la regjeringa fram strategien «Éin digital offentleg sektor – Digitaliseringsstrategi for offentleg sektor 2019–2025». For første gong legg regjeringa og KS fram ein strategi med felles mål og tiltak. Målet med strategien er å få brukarane til å oppleve éin digital offentleg sektor. I strategien blir det prioritert å utvikle samanhengande tenester for sju viktige livshendingar, slik at brukarane no skal få samanhengande tenester på desse områda, med ein enkel digital tilgang.

Kunstig intelligens kjem til å få stor påverknad på utviklinga i tida som kjem – både i privat og i offentleg sektor. Derfor vil regjeringa utarbeide ein heilskapleg strategi for kunstig intelligens i Noreg. Det blir teke sikte på å leggje fram strategien i løpet av 2019.

Private aktørar investerer om lag 10 milliardar kroner årleg i ekomnett og -tenester. Endringar i leidningsforskrifta gjer det billigare å byggje nett som kan levere raske, gode tenester i heile landet. Det er inngått avtale om frigjering av frekvensar i 700 MHz-bandet frå og med 1. november 2019. Desse frekvensressursane vart tildelte nye brukarar ved auksjon i juni. Dette legg til rette for tidleg lansering av 5G mobilt breiband. Staten bidreg med tilskot til breiband i område der marknaden ikkje strekk til. I 2019 blir det tildelt totalt 250 millionar kroner til formålet.

Verdien av statens direkte eigarskap på Oslo Børs var 698 milliardar kroner ved utgangen av 2018. Statens del av bokført verdi av unoterte selskap der staten har forretningsmessige mål med eigarskapen, var 135 milliardar kroner. For rekneskapsåret 2018 mottek staten om lag 43 milliardar kroner i utbytte frå selskapa med direkte statleg eigardel.

For å vere med på å løyse kommunikasjonsutfordringane i nordområda har regjeringa gitt tilsegn om eigenkapital på inntil 101 millionar amerikanske dollar til Space Norway AS. Formålet er å realisere eit prosjekt med to satellittar som skal gi breibandskommunikasjon i Arktis.

Noreg vil føre vidare arbeidet for å utvide Noregs nettverk av forpliktande handelsavtalar. Etter åtte år med forhandlingar signerte Noreg i fjor ein frihandelsavtale med Indonesia. Avtalen vil gi norske bedrifter betre tilgang til det fjerde mest folkerike landet i verda, styrkje norske bedrifters konkurranseevne og bidra positivt til norsk økonomi.

Regjeringa la i november 2018 fram ei stortingsmelding om handelsnæringa. Næringa har mykje å seie for norsk økonomi og verdiskaping. Meldinga inneheld 39 tiltak for berekraftig vekst og omstilling i varehandelen.

Det er få aktørar i daglegvarebransjen og vanskeleg for nye aktørar å etablere seg. Regjeringa har derfor styrkt handhevinga av konkurranselova i daglegvaremarknaden.

I april 2019 la regjeringa fram ei stortingsmelding om smartare offentlege innkjøp. Målet er å leggje til rette for ein heilskapleg og effektiv anskaffingspolitikk. Meldinga inneheld ei rekkje tiltak som skal bidra til meir profesjonelle, innovative og miljøvennlege anskaffingar.

I forenklingsarbeidet for næringslivet har digitalisering av rapporteringsprosessar gitt resultat, blant anna elektronisk handtering av sjukmeldingar. I perioden 2011–2017 vart dei årlege kostnadene for næringslivet reduserte med 15 milliardar kroner gjennom å forenkle rapportering, lover og reglar. For 2018 viser førebelse berekningar at forenklingar utgjer 2 milliardar kroner i innsparingar.

I juni 2019 la regjeringa fram ein ny strategi for kultur og reiseliv, med vekt på kulturturisme. Strategien gjer greie for politikken og tiltaka regjeringa har for å gjere Noreg til ein meir attraktiv kulturdestinasjon.

Regjeringa la i juni 2019 også fram ei stortingsmelding om sjøsikkerheit – Samhandling for betre sjøtryggleik.

I 2017 stod havnæringane bak ei verdiskaping tilsvarande 680 milliardar, noko som tilsvarer 30 prosent av verdiskapinga i norsk næringsliv.

Forsking, utvikling og innovasjon er avgjerande for å utløyse framtidige moglegheiter i havet. Regjeringa støtta utviklinga av ny kompetanse og teknologi i havnæringane med nesten 4,2 milliardar kroner i 2018, ein auke på over 1,8 milliardar kroner sidan 2014. Regjeringa la i juni 2019 fram ei stortingsmelding om eit nytt og framtidsretta kvotesystem i fiskeria. Målet er å leggje til rette for å skape endå større verdiar av Noregs rike fiskeressursar og sørgje for eit enklare, meir fleksibelt og effektivt system for fiskerinæringa.

2018 vart eit år med ekstrem variasjon i tilsig og nedbør. Manglande nedbør førte på det meste til eit hydrologisk underskot på 27 TWh i vasskraftsystemet. Situasjonen i kraftforsyninga og auka CO2-prisar i Europa bidrog til at norske kraftprisar vinteren 2018/2019 vart høgare enn på mange år. For å betre situasjonen vart det etter forslag frå regjeringa gitt ekstra bustøtte til dekning av auka straumutgifter for husstandar med svak økonomi.

I 2018 var kraftproduksjonen i Noreg 145,7 TWh. Det vart sett ny rekord i kraftforbruket, med eit forbruk på 135,4 TWh. Auken kom av kaldt vêr på våren, auka elektrifisering og større forbruk i kraftkrevjande industri og petroleumssektoren. 2018 enda med ein nettoeksport på 10,3 TWh. Første halvår 2019 har vi importert meir kraft enn vi har eksportert.

Omlegginga til eit lågutsleppssamfunn krev stadig meir fornybar energi, og elektrisitet spesielt. Norsk kraftforsyning har, saman med kraftforsyninga på Island, den høgaste fornybardelen og dei lågaste utsleppa i Europa. Om lag 98 prosent av produksjonen kom frå vass- og vindkraft. I løpet av 2018 vart 2,7 TWh ny kraftproduksjon sett i drift. Ved inngangen til 2019 var om lag 9,2 TWh ny fornybar kraftproduksjon under utbygging, i all hovudsak vindkraft.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har utarbeidd eit forslag til nasjonal ramme for vindkraft på land. Formålet er å styre lokalisering av nye prosjekt. NVE har foreslått 13 område som mest eigna for vindkraft. Forslaget har vore på ei brei høyring.

Regjeringa har følgt opp målet om 30 prosent forbetring i energiintensiteten innan 2030 gjennom ei omfattande satsing på energieffektivisering.

Regjeringa arbeider vidare med fullskala CO2-handtering, og det er løyvd midlar til mellom anna å bore ein undersøkingsbrønn for CO2-lagring. Olje- og energidepartementet har tildelt utnyttingsløyve for lagring av CO2 på norsk kontinentalsokkel.

Samla petroleumsproduksjon i 2018 var i underkant av 4 millionar fat oljeekvivalentar per dag. Etter ein svak nedgang i 2019 reknar ein med at samla produksjon kjem til å auke fram mot ca. 2023. Noreg dekkjer om lag 25 prosent av EUs gassforbruk og bidreg i overgangen til eit fornybart lågutsleppssamfunn i Europa. Det er 85 felt i produksjon, og ytterlegare 20 prosjekt er under utbygging over heile sokkelen.

Omstillingsevna til næringa har sikra lønnsemda og bidreg til at aktiviteten på norsk sokkel no tek seg opp. Etter ein botn i 2017 auka investeringane til 145 milliardar kroner i 2018 og er venta å stige til 170 milliardar kroner i 2019, tilsvarande 20 prosent av dei samla investeringane. For å halde oppe aktivitetsnivået etter 2020 er det nødvendig å gjere nye funn.

Olje- og gassnæringa kjem framleis til å spele ei viktig rolle i norsk økonomi i lang tid framover og gi eit betydeleg bidrag til framtidig finansiering av det norske velferdssamfunnet. Statens samla petroleumsinntekter var 251 milliardar kroner i 2018 og blir anslått til 263 milliardar kroner i år, tilsvarande 21 prosent av statens samla inntekter. Kunnskapen og kompetansen i næringa bidreg også i annan fastlandsøkonomi gjennom læringsprosessar, kompetanseoverføring og innovasjon.

Leverandørindustrien er Noregs nest største næring, etter sal av olje og gass. Industrien skaper mange arbeidsplassar og næringsutvikling i alle fylke. Om lag 30 prosent av omsetninga til leverandørindustrien kjem frå internasjonale marknader.

Tidleg innsats er avgjerande for å gi alle barn og unge ei opplæring som førebur dei til framtida. Regjeringa forsterkar innsatsen og vil leggje fram ei stortingsmelding om tidleg innsats og inkluderande fellesskap hausten 2019.

Stadig fleire barn frå familiar med låg inntekt får moglegheit til å gå i barnehage. Frå hausten 2019 er også toåringar frå familiar med låg inntekt inkluderte i ordninga med gratis kjernetid.

Nye læreplanar for alle fag i grunnskulen og dei gjennomgåande faga i vidaregåande opplæring har våren 2019 vore på brei høyring. Læreplanane skal vere klare til å takast i bruk hausten 2020.

Regjeringa si satsing på kompetanseutvikling for lærarar i barnehage og skule held fram. Desentraliserte ordningar for fordeling av kompetansemidlane skal bidra til gode løysingar lokalt.

Det har vore ei positiv utvikling for yrkesfaga dei siste åra. Fleire søkjer seg til yrkesfag, fleire får læreplass, og fleire fullfører og tek fagbrev. I perioden 2012–2018 har løyvingane for å styrkje yrkesfaga auka med meir enn 600 millionar kroner.

I 2017 sette regjeringa ned eit ekspertutval som skulle sjå på finansiering av livsopphald for vaksne som tek grunnskule eller vidaregåande opplæring. Utvalet leverte sin rapport i november 2018.

Regjeringa sette i 2017 ned kompetansebehovsutvalet for å gi ei best mogleg fagleg vurdering av Noregs kompetansebehov. Utvalet leverte sin andre rapport i februar 2019.

I 2018 sette regjeringa ned ekspertutvalet for etter- og vidareutdanning. Utvalet har vurdert om utdanningssystemet er i stand til å møte behova for etter- og vidareutdanning, og om rammevilkåra for investering i ny kompetanse er gode nok. Utvalet leverte sin rapport i juni 2019.

Regjeringa sette i 2017 ned eit utval som skal vurdere og foreslå ulike modellar for vidaregåande opplæring. Utvalet leverte ei delinnstilling i desember 2018. Hovudinnstillinga kjem i desember 2019.

Noreg har i 2019 inngått «publiser og les»-avtalar med fleire av dei største utgivarane av vitskaplege tidsskrift. Avtalane inneber at norske forskarar kan publisere ein god del artiklar ope kvart år utan ekstra kostnader. Dette er eit viktig steg i arbeidet for open tilgang til forsking.

Noreg ligg framleis på regjeringa sitt ambisjonsnivå for deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 21. Norske deltakarar har motteke over to prosent av dei utlyste midlane i rammeprogrammet så langt.

Regjeringa har tildelt midlar til studieplassar slik at årleg opptak kan auke med over 300 plassar i 2019. Fleire enn nokon gong har fått tilbod om høgare utdanning i Noreg.

Hausten 2018 la regjeringa fram revidert langtidsplan for forsking og høgare utdanning (Meld. St. 4 (2018–2019)). Meldinga inneheldt også regjeringa sin plan for utvikling, forvaltning og prioritering av universitets- og høgskulebygg. Kostnadseffektive universitets- og høgskulebygg som bidreg til innovasjon og klima- og miljøvennlege løysningar, inngår som eit viktig element i planen. Regjeringa varsla i planen at det skal utviklast og takast i bruk grøne indikatorar for å synleggjere og overvake klima- og miljøeffektar i campusutvikling.

Samarbeid mellom universitet og høgskular og arbeidslivet er viktig for å sameine det studentane lærer, med behova i framtidig arbeidsliv. Regjeringa har sett i gang arbeidet med ei stortingsmelding om arbeidsrelevans i høgare utdanning. Regjeringa har høge ambisjonar om ytterlegare å styrkje internasjonalisering av høgare utdanning og har derfor sett i gang eit arbeid med ei stortingsmelding om internasjonal studentmobilitet. Det er lagt opp til ein prosess som inkluderer alle relevante aktørar.

Frå 2019 er det gjort endringar i ordninga med omgjering av lån til stipend i Lånekassen for å gi studentar i høgare utdanning eit sterkare insentiv til å fullføre heile gradar. Samtidig vart studiestøtta utvida med ytterlegare ei veke våren 2019. Den årlege støtta i studieåret 2018–19 er 11 600 kroner høgare enn ho ville vore utan dei satsingane som er blitt gjennomførte i perioden 2014–2019.

Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking – har i samarbeid med universitet og høgskular sett i verk ein styringsmodell og ein handlingsplan for oppfølging av digitaliseringsstrategien for universitets- og høgskulesektoren.

Regjeringa har etablert ein styringsmodell for informasjonssikkerheit og sett av 70 millionar kroner over ein fireårsperiode til Unit til eit program for informasjonssikkerheit i universitets- og høgskulesektoren.

Regjeringa følgjer opp den nasjonale strategien for lærarutdanning, Lærarutdanning 2025. Det partssamansette Nasjonalt forum for lærarutdanning og profesjonsutvikling (NFLP) og ekspertorganet Fagleg råd for lærarutdanning er i gang med sitt arbeid for utvikling og kvalitetssikring av lærarutdanningane. Regjeringa prioriterer rekrutterings- og kvalifiseringstiltak for å møte behovet for kvalifiserte lærarar i åra som kjem.

Regjeringa har hatt ei omfattande opptrapping for å få bygd fleire studentbustader og har sidan 2014 gitt rekordmange tilsegner til studentbustadbygging. I tillegg har regjeringa oppjustert kostnadsrammer og tilskotssatsar. I 2019 vart det løyvd tilskot til 3 400 studentbustader, men det kom berre inn søknader om 1 448 nye studenthyblar, som alle vart innvilga.

l 2018 deltok over 44 000 personar i opplæring i norsk og samfunnskunnskap, og om lag 27 000 personar deltok i introduksjonsprogram. Deltakartalet er framleis høgt i 2019. I august vart det sendt på høyring eit forslag om å oppheve introduksjonslova og innføre ei ny lov om integrering. Lovforslaget skal bidra til at fleire innvandrarar deltek i arbeidslivet.

I 2018 vart 4 903 flyktningar busette i 224 kommunar. 194 av flyktningane var einslege mindreårige. Busetjinga var i tråd med det samla behovet. I 2019 er det blant anna lagt vekt på styrt og spreidd busetjing, moglegheiter for arbeid i regionen, resultat frå introduksjonsprogrammet, innbyggjartal og tal på innvandrarar, og dessutan kapasitet og kompetanse til å sikre eit godt integreringsarbeid i kommunen. Det skal også takast omsyn til behov for arbeidskraft i regionen og busetjingshistorikk.

Regjeringa har sett ned eit by- og levekårsutval. Utvalet skal kartleggje omfanget av geografisk konsentrasjon av levekårsutfordringar i og rundt dei større byane i Noreg, drøfte moglege årsaker og faresignal og foreslå tiltak. Utvalet skal vurdere politikken og verkemidla på området, både på statleg, regionalt og kommunalt nivå.

Innsatsen mot negativ sosial kontroll og tvangsekteskap er forsterka. Blant anna er ordninga med minoritetsrådgivarar styrkt.

Regjeringa har lagt fram frivilligmeldinga, som fremmar fire mål: brei deltaking, ein sterk og uavhengig sektor, ei forenklingsreform for frivillig arbeid og betre samordna frivilligpolitikk.

Regjeringa har lagt fram ein strategi for å styrkje Noregs posisjon som kulturdestinasjon og auke den samla verdiskapinga i norsk kultur- og næringsliv.

Regjeringa utarbeider ein ny handlingsplan for likestilling av personar med funksjonsnedsetjing. Handlingsplanen vil bli lagd fram i 2019.

Regjeringa har lagt fram Nasjonal bibliotekstrategi for perioden 2020–2023.

Kulturdepartementet har inngått ein avtale med TV 2 om kommersiell allmennkringkasting for perioden 1. januar 2019 til 31. desember 2023.

Regjeringa har sett i gang arbeidet med nytt museumsbygg for Saemien Sijte i Snåsa.

Norsk helsearkiv vart offisielt opna på Tynset 4. juni.

Endringane i stadnamnlova som tredde i kraft 1. juli, inneber blant anna at kommunane får større fridom til å ta avgjerder om stadnamn.

Mellombels indre grensekontroll på ferjehamner med trafikk mot Sverige, Danmark og Tyskland er vidareført i 2019, førebels fram til 11. november. Behovet for ytterlegare vidareføring av indre grensekontroll blir vurdert opp mot utviklinga i sikkerheitssituasjonen.

Talet på asylsøkjarar til Noreg er framleis lågt. Det låge talet på asylsøkjarar og irregulære migrantar heng blant anna saman med tiltak på yttergrensa og europeisk samarbeid med tredjeland.

Stortinget har gitt samtykke til at Noreg og Sverige inngår ein avtale om gjensidig bistand mellom dei spesielle innsatseiningane i politiet i krisesituasjonar, jf. Innst. 359 S (2018–2019).

Etter forslag frå regjeringa har Stortinget vedteke ei ny arvelov som er tilpassa dagens familiemønster og samfunnsutviklinga elles.

Stortinget har slutta seg til regjeringa sitt forslag til nye reglar i avhendingslova, som skal bidra til ein tryggare og meir føreseieleg bustadhandel med eit betre informasjonsgrunnlag.

Stortinget har slutta seg til regjeringa sitt forslag om å gjere endringar i reglane om strafferettsleg utilreknelegheit, dom på særreaksjon og sakkunnskap i rettspsykiatrien, noko som skal bidra til betre treffsikkerheit når ein skal identifisere lovbrytarar som ikkje skal straffast, og til å styrkje samfunnsvernet og kvaliteten i det rettspsykiatriske sakkunnskapsarbeidet.

Digital sikkerheit er eit prioritert område for regjeringa. I januar lanserte regjeringa ein ny nasjonal strategi for digital sikkerheit som legg grunnlaget for å gjere det digitale Noreg endå tryggare. Blant anna er det no etablert eit nasjonalt cybersikkerheitssenter som del av NSM og eit nasjonalt cyberkrimsenter som del av Kripos. Etableringa av sentera er viktige tiltak for å samle kompetanse og kapasitet og for å leggje til rette for auka offentleg-privat samarbeid.

Arbeidet med å styrkje nasjonal sikkerheit er vidareført, og ei ny sikkerheitslov med forskrifter tredde i kraft 1. januar 2019.

For å styrkje sikkerheitsarbeidet i sivil sektor er det oppretta ein ny statsrådspost som samfunnssikkerheitsminister i Justis- og beredskapsdepartementet, og det administrative ansvaret for Nasjonal sikkerheitsmyndigheit og sikkerheitslova er overført til Justis- og beredskapsdepartementet.

Regjeringa er oppteken av at kapasiteten i kriminalomsorga skal tilpassast endringar i kriminalitetsbildet. I 2019 opna Arendal fengsel, Evje ei avdeling med 30 nye fengselsplassar for kvinner, med plassar med både høgt og lågare sikkerheitsnivå. 300 nye fengselsplassar med høgt sikkerheitsnivå er under bygging i Agder. Etablering av nye fengselsplassar er med på å betre forholda for innsette og å redusere omfanget av isolasjon.

Regjeringa la våren 2019 fram den nye handlingsplanen mot valdtekt. Handlingsplanen skal bidra til å sikre god forankring, heilskapleg og samordna innsats på eit område der mange sektorar er involverte.

Regjeringa fører ein heilskapleg og offensiv politikk mot vald i nære relasjonar og har sett i gang arbeidet med ein ny nasjonal handlingsplan på området, med ein eigen del retta mot vald i samiske miljø.

I statsbudsjettet for 2019 er det løyvd 50 millionar kroner til auka innsats mot gjeng- og ungdomskriminalitet. Midlane er fordelte mellom politiet, konfliktråda og barnevernet.

To nye einingar mot dyrevelferdskriminalitet er etablerte i høvesvis Innlandet og Vest politidistrikt. Det er no etablert totalt fem einingar mot dyrevelferdskriminalitet i landet.

Regjeringa har gjennomført ei rekkje tiltak for å sikre at folk i Longyearbyen bur trygt. Statsbygg ferdigstilte i juli 2019 dei siste 30 av 60 nye bustader som er oppførte i Gruvedalen i Longyearbyen i 2018–2019. NVE har vidareført arbeidet med å sikre busetnaden i Longyearbyen mot flaum- og skredskadar.

Regjeringa har starta arbeidet med ei stortingsmelding om lindrande behandling og omsorg, og tek sikte på å leggje fram meldinga i løpet av 2019.

Regjeringa har i 2019 oppretta eit tilskot til etablering av lokalt kjøkken på sjukeheimar og i omsorgsbustader for personar med heildøgns tenestetilbod.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om folkehelsepolitikken, som blant anna inkluderer ein strategi for å førebyggje einsemd. Ein ny nasjonal tobakksstrategi for perioden 2019–2021 er også ein del av meldinga. Dei overordna måla for tobakksstrategien er å oppnå ein tobakksfri ungdomsgenerasjon og å motivere fleire vaksne til å slutte med tobakksbruk.

Over 80 prosent av innbyggjarane i landet har i løpet av hausten 2018 fått tilgang til sin eigen pasientjournal i sjukehusa gjennom sikker innlogging på helsenorge.no. Dette er eit viktig steg på vegen mot pasientens helseteneste.

I mai vart Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta (UKOM) etablert. UKOM skal undersøkje alvorlege hendingar og andre alvorlege forhold for å betre pasient- og brukarsikkerheita i helse- og omsorgstenesta. Formålet med undersøkingane er å greie ut hendingsgang, årsaksfaktorar og årsakssamanhengar for at ein skal lære av og førebyggje alvorlege hendingar. Undersøkingskommisjonen skal ikkje ta stilling til sivilrettsleg eller strafferettsleg ansvar og skuld.

Frå 1. juli 2019 er foreldrepengeordninga forbetra for barn som er fødde for tidleg. Foreldrepengeperioden blir utvida med det talet på dagar som går frå faktisk fødselsdato til termindato, dersom barnet blir fødd før veke 33.

Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal gå gjennom og modernisere barnelova. Utvalet skal vurdere barns rettar i eit internasjonalt perspektiv og i lys av utviklinga i menneskerettane.

Regjeringa er i gang med å gjennomføre ei barnevernsreform og arbeider med forslag til ny barnevernslov. I tillegg er det sett i gang eit digitalt løft for det kommunale barnevernet gjennom det kommunal-statlege samarbeidsprosjektet DigiBarnevern.

Regjeringa har lagt fram ei melding til Stortinget om forbrukarpolitikken. Meldinga skal leggje til rette for eit meir berekraftig forbruk og eit sterkt forbrukarvern i den digitale kvardagen.

Mange privatpersonar får problem med å betale tilbake forbruksgjeld. Regjeringa har gitt konsesjon til tre føretak som skal dele informasjon om forbrukskreditt mellom finansføretak. Dermed kan bankane gjere betre kredittvurderingar før nye lån blir innvilga.

Regjeringa har blitt einig med Norske Reindriftssamers Landsforbund om ein reindriftsavtale som legg til rette for ei positiv utvikling av næringa.

Forslag til forskrift om kompensasjon etter avvikling av pelsdyrhald har vore på høyring. Regjeringa legg opp til at kompensasjonsforskrifta skal vere fastsett, og at ordninga med omstillingsmidlar skal vere klar innan årsskiftet.

I mars 2019 vart strategien Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling lagd fram. Strategien viser til innsatsområde for at næringa skal kunne gi auka bidrag til samla verdiskaping og grøn omstilling gjennom produktutvikling og større omsetning i marknadene.

Dei endelege tala frå kommunane (KOSTRA) viser at omdisponeringa av dyrka jord var på 3 561 dekar i 2018, godt under jordvernmålet på 4 000 dekar som Stortinget har vedteke.

Aktiviteten innanfor vegbygging og vedlikehald er høg. Fleire anlegg er opna for trafikk. Opninga av Hålogalandsbrua reduserer reisetida mellom Narvik og Tromsø med opp mot 20 minutt.

Regjeringa har sett i verk fleire tiltak for å redusere bompengebelastninga for bilistane. Dei siste fem åra er bompengedelen blitt redusert gjennom nedlegging av bomstasjonar, oppretting av tilskotsordninga for reduserte bompengetakstar utanfor byområda og auka statlege bidrag  i prosjekt. I revidert budsjett for 2019 vart det løyvd 200 millionar kroner for å slette bompengegjeld. Gjennom bompengereforma er mellom anna talet på bompengeselskap redusert frå over 50 til fem regionale bompengeselskap.

Trafikksikkerheitsarbeidet er høgt prioritert. I 2018 omkom 108 personar i trafikkulykker. Dette er det nest lågaste talet sidan 1947. Kontrollert for talet på innbyggjarar og køyrde kilometer er talet på drepne også lågast i Europa, og det er for fjerde år på rad.

Statens vegvesen går gjennom store endringar for å vere tilpassa framtidige arbeidsoppgåver. Med lokaliseringa av hovudkontor for dei nye fagdivisjonane gjennomfører vi ei av dei største utflyttingane av statlege arbeidsplassar frå Oslo på mange år, og sørgjer for at Statens vegvesen er til stades i heile landet.

Regjeringa arbeider for ein samordna areal- og transportpolitikk med mål om ein effektiv og klimavennleg bytransport. I 2019 er det så langt inngått byvekstavtale for Trondheims-området. Eit utkast til byvekstavtale for Oslo og Akershus er til lokalpolitisk behandling. Gjennom avtalane bidreg staten med betydelege midlar til tiltak for betre kollektivtransport, sykling og gåing.

Stadig fleire reiser med jernbanen. For å gjere jernbanen attraktiv for både person- og godstransport har regjeringa gjennomført ei reform i jernbanesektoren. Kontrakt for trafikken på strekningane Sørlandsbanen, Arendalsbanen og Jærbanen vart inngått med Go-Ahead Norge AS i slutten av oktober 2018. I juni 2019 vart det inngått kontrakt med SJ Norge AS for å drifte dei nordlegaste strekningane. Dette fører til at togtilbodet skal bli betre, samtidig som staten frigjer betydelege midlar som har vore brukte på å kjøpe persontogtilbod.

Den nye hamne- og farvatnlova skal bidra til å nå transport- og næringspolitiske mål og sikre miljøomsyn. Lova opnar mellom anna for at kommunar, på visse vilkår, kan ta utbytte frå kommunal hamneverksemd. Kommunane kan også avgrense eller avvise mellombels at fartøy kjem til hamn, for å unngå eller avgrense lokal luftforureining. Lova er gjord teknologinøytral slik at autonome fartøy som er lospliktige, kan få løyve til ikkje å bruke los eller farleibevis. Føresetnaden er at dette ikkje svekkjer sikkerheita i farvatnet.

Endringane i yrkestransportlova inneber mellom anna å oppheve behovsprøvinga av drosjeløyve og plikta til å vere tilslutta ein sentral. Med lovendringane vil det bli enklare å etablere seg i næringa, noko som vil leggje til rette for betre konkurranse i drosjemarknaden og bidra til betre tilbod for kundane. For å sikre eit tilfredsstillande drosjetilbod i kommunar med lågare folketal og spreidd busetnad skal fylkeskommunane ha høve til å tildele einerettar for drosjetransport i slike område for ein tidsavgrensa periode.

Samferdselsdepartementet har i 2019 inngått nye anbodskontraktar for drift av regionale ruteflygingar i Sør-Noreg frå 1. april 2020.

Drifta av Haugesund lufthavn Karmøy vart i mai 2019 overført frå Avinor AS til lokale aktørar som vil vidareutvikle rutetilbodet.

Avinor AS har i 2019 gjennomført ein anbodskonkurranse om flysikringstenester på Kristiansand lufthavn Kjevik og Ålesund lufthavn Vigra som gjeld frå 2020.

Eit uavhengig ekspertutval om teknologi og framtidig transportinfrastruktur leverte sin rapport i juni 2019. Ny teknologi blir ein del av løysinga på mange av utfordringane i transportsektoren. Rapporten gir mellom anna råd om korleis arbeidet med neste nasjonale transportplan bør leggjast opp, for å få endå betre løysingar og auka samfunnsøkonomisk lønnsemd i lys av dei raske teknologiske endringane.

Regjeringa har ført vidare samarbeidet med næringslivet for å styrkje grøn verdiskaping. I juni arrangerte regjeringa Næringslivets klimakonferanse, spesielt med vekt på å følgje opp vegkarta dei ulike bransjane har når det gjeld grøn konkurransekraft.

Etter forslag frå Noreg fekk vi i vår på plass endringar under Baselkonvensjonen om sterkare global kontroll med plastavfall. Samtidig arbeider vi for ein ny global avtale mot plastforsøpling. Vi har mellom anna fått vedteke ei nordisk ministererklæring der andre land blir oppfordra til å støtte ein slik avtale.

Regjeringa følgjer opp naturmangfaldsmeldinga for å sikre berekraftig bruk og bevaring av norsk natur. Noreg bidreg aktivt internasjonalt i arbeidet for ein ny global naturavtale som skal vedtakast i Kina i 2020.

Regjeringa held fram arbeidet for auka skogvern. Sidan oktober 2018 er det verna 109 skogområde. Det er no verna i alt 4,9 prosent av skogen i Noreg, og 3,7 prosent av den produktive skogen.

Regjeringa har følgt opp stortingsbehandlinga av friluftsmeldinga og lagt fram ein ny handlingsplan for styrkt forvaltning av verneområda.

 

Gitt på Oslo slott 27. september 2019

Under Vår hånd og riksseglet

Til toppen