Statsminister Jonas Gahr Støre og digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung legg mosaikk på minnestaden etter 22. juli i lag med ungdomsskuleelevar frå Demokrativerkstaden, kunstnaren Matias Faldbakken og 22. julisenteret.

Dei deltek i samskapingsprosessen, leia av 22. julisenteret i samarbeid med KORO,  der etterlatne, overlevande og andre er med og skapar minnestaden i regjeringskvartalet ved å legge delar av mosaikken. Sjå eiga pressemelding frå KORO.

Stad: Mosaikkverkstaden, eit telt på Johan Nygaardsvolds plass framfor Høgblokka.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Pressekontakt for digitaliserings- og forvaltningsministeren er kommunikasjonsrådgivar Kathrine Blindheim, telefon 92 06 30 11, e-post: kathrine.blindheim@dfd.dep.no.