Statsbudsjett 2024

Regjeringa styrkjer Konkurransetilsynet

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Konkurransetilsynet med 6 millionar kroner. Auken skal styrkje tilsynet sitt arbeid med konkurranse i daglegvaremarknaden, grøn omstilling, og den digitale utviklinga.

- Velfungerande konkurranse er ein viktig drivar for berekraftig utvikling. Eit aktivt konkurransetilsyn og effektiv handheving av konkurranselova er viktig for å stimulere til grøn omstilling og innovasjon, seier næringsminister Jan Christian Vestre.

Dårleg konkurranse kan svekke marknadsaktørane sine insentiv til å kutte utslepp, og til å skape nye miljøvennlege løysingar. Dette kan føre til at klimavennlege produkt og tenester blir dyrare enn dei ville vore med god konkurranse.

Regjeringa sitt budsjettforslag for 2024 inneheld ei rekke tiltak for grøn omstilling av næringslivet. Den auka løyvinga til Konkurransetilsynet skal styrke deira rolle i det grøne skiftet gjennom meir effektiv konkurranse.

Meir konkurranse, lågare prisar og betre utval i daglegvaremarknaden

Regjeringa har sett i verk historisk mange tiltak for å betre konkurransesituasjonen i daglegvarebransjen, og 10-punktsplanen oppsummerer tiltaka. Auka løyving til Konkurransetilsynet skal blant anna styrke arbeidet med å betre konkurransen i daglegvaremarknaden.

- Mangel på tøff konkurranse kan føre til at vi betaler for mykje for maten, og at utvalet blir dårlegare. Dette er krevjande for mange i ei tid der mykje har blitt dyrare samtidig, og rentekostnadene aukar, seier Vestre.

Regjeringa har mellom anna bestemt å innføre forbod mot negative servituttar, for å stanse ein praksis som gjorde at daglegvarekjeder hindra konkurrentar frå å opne nye butikkar. Tiltaket vil gjere det lettare for daglegvarekjeder å få tilgang på gode butikklokale. I tillegg er forslag om marknadsetterforskingsverktøy og forskrift om prisdiskriminering til vurdering. Arbeidet med betre konkurranse i daglegvaremarknaden er òg høgt prioritert i Konkurransetilsynet, og tilsynet har fleire oppgåver i oppfølginga av 10-punktsplanen.

Auka løyving til Konkurransetilsynet skal i tillegg gå til deira arbeid med digitalisering. Auka digital kompetanse i tilsynet er avgjerande for å møte nye konkurranseutfordringar som veks fram i kjølvatnet av digitaliseringa.

Budsjettforslaget for 2024

  • 6 millionar kroner i auka løyving til Konkurransetilsynet.
  • Auken skal styrkje arbeidet til tilsynet med grøn omstilling, konkurranse i daglegvaremarknaden og den digitale utviklinga.