Statsministeren besøkjer Båtsfjord, Berlevåg og Vadsø

Stad: Finnmark

Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Båtsfjord, Berlevåg og Vadsø i Finnmark.

Søndag 1. desember

Statsministeren er i Berlevåg der han mellom anna besøkjer fiskemottaket Coast Berlevåg og Berlevåg hydrogenfabrikk. Om ettermiddagen deltek han på tenning av julegrana på torget, og folkekafé på Samfunnshuset.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Martin Lerberg Fossum, telefon 46 81 98 12, e-post mlf@smk.dep.no.

Måndag 2. desember

Statsministeren er i Båtsfjord og Vadsø. I Båtsfjord besøkjer han mellom anna den nye fabrikken til Lerøy Seafood, og har møte med fiskerigruppa i Båtsfjord på Lagunen.

I Vadsø besøkjer statsministeren Coop Vadsø, der tema er inkludering, unge i jobb og ukrainske flyktningar. Han skal også besøkje Mekkeverskstedet, eit aktivitetstilbod til motorinteressert ungdom, og møter også representantar for Vadsø ungdomsråd.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Martin Lerberg Fossum, telefon 46819812, e-post mlf@smk.dep.no.