Statsministeren besøkjer hangarskipet HMS Queen Elizabeth
Kalenderhending | Jonas Gahr Støre
Stad: Sønder Akershuskai
Statsministeren besøkjer hangarskipet HMS Queen Elizabeth der han mellom anna møter mannskap om bord. Hangarskipet, som leiar Storbritannias Carrier Strike Group, har vore ein del av øvinga Operation Achillean i Nord-Atlanteren saman med andre NATO- og Joint Expeditionary Force (JEF) medlemsland.

Presse kan vera med på slutten av besøket, og me ber presse som ynskjer å vera til stades om å møte opp seinast kl. 18.10. Det er avgrensa med plassar for pressa, difor kan pressepool bli aktuelt. Presse som ynskjer intervju med statsministeren på hangarskipet må akkreditere seg til kommunikasjonsrådgivar Torjus Roberg, telefon 98 26 00 03, e-post Torjus.Roberg@fcdo.gov.uk før måndag kl. 12.00.
Stad: Søndre Akershuskai.
Sjå fleire detaljar i pressemelding frå Forsvaret.
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.