Statsministeren besøkjer Hardanger og Voss
Kalenderhending | Jonas Gahr Støre
Stad: Hardanger og Voss
Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Hardanger og Voss. Mellom anna besøkjer han Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund, Elkem Bjølvefossen og Hardanger frukt- og siderfabrikk på Lekve gard i Ulvik. Han gjer også eit kort besøk på heimplassen til diktaren Olav H. Hauge i Ulvik.
Journalistar som vil vere med på besøket hos Elkem Bjølvefossen må melde seg på til bjolvefossen@elkem.no, telefon 56 55 08 00 innan tysdag 26. mai kl. 12.00.
Kl. 17.00: Statsministeren deltek på ope folkemøte på Voss, i regi av Voss kulturhus og Voss Arbeidarparti. Tema for folkemøtet er den urolege situasjonen internasjonalt og korleis det påverkar kvardagen til folk her heime i Noreg. Adresse: Voss kulturhus.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.