Statsministeren besøkjer øvinga Nordic Response

Stad: Alta-området

Statsminister Jonas Gahr Støre og den finske presidenten Alexander Stubb besøkjer øvinga Nordic Response i Alta-området. Øvinga samlar om lag 20 000 soldatar frå 13 land, og finn hovudsakleg stad i det nordlege Noreg, Sverige og Finland og dessutan i det tilhøyrande luftrommet og havområdet.

Statsministeren og presidenten vil besøkje ulike avdelingar som deltek på øvinga. Dei vil og ha eit bilateralt møte om bord på eit norsk fartøy i Alta. Etter det møter dei media.

For praktisk informasjon, kontakt talsperson i Forsvaret, Vegard Finberg, telefon 95 30 36 36, e-post vfi@fd.dep.no. Påmelding gjerast gjennom denne portalen innan 6. mars kl. 18.00. Les meir om øvinga her: Nordic Response 2024 - Forsvaret

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Marita Isaksen Wangberg, telefon 90 51 23 19, e-post miw@smk.dep.no.