Statsministeren deltek på opninga av ny redningshelikopterbase i Tromsø

Stad: Tromsø lufthavn

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på opninga av ny redningshelikopterbase i Tromsø, som er eit vesentleg bidrag til styrkinga av beredskapen i nord.

Om forholda tillet det vil statsministeren også vere med på ein tur i redningshelikopter. Grunna avgrensa plassar vil det settast opp ein fotopool her.

Stad: Tromsø lufthavn, Hovedporten.

Presse som ønskjer å delta må akkreditere seg til rvi@smk.dep.no innan tysdag 23. august klokka 09.30.

Pressekontaktar er statssekretær Siri Storstein Hytten, telefon 48 11 45 14, e-post ssh@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no