Statsministeren deltek under det årlege Noregsmeisterskapet i gatefotball

Adresse: Sandvika

Stad: AJ Arena

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek under det årlege Noregsmeisterskapet i gatefotball i regi av Frelsesarmeen.

Statsministeren vil også delta i ein fotballkamp mellom eit lag frå regjeringa og gatefotballens landslag. NM i gatefotball samlar om lag 500 spelarar, trenarar og støtteapparat frå heile landet. Stad: AJ Arena, Sandvika.

For spørsmål om arrangementet, kontakt Håkon Løtveit i Frelsesarmeen, mobil 452 22 239.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Helene Megaard, telefon 98 83 62 99, e-post hem@smk.dep.no.