Statsministeren er i Ålesund
Kalenderhending | Jonas Gahr Støre
Stad:
Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Ålesund.
Kl. 11.00: Statsministeren besøkjer Haramskonferansen i Ålesund kommune der han taler og deltek i ei panelsamtale om grøn verdiskaping. Adresse: Ingebrigt Davik-huset, Bernt Hildrevegen 2, Brattvåg.
Kl. 12.40: Statsministeren besøkjer industribedrifta Spilka, som produserer løysingar for vindauge- og dørprodusentar og nye berekraftige løysingar for byggebransjen. Adresse: Langrabben 71, Ålesund.
Kl. 13.55: Statsministeren besøkjer United Future Lab Norway (Framtidslaben) ved Campus Ålesund. Framtidslaben er eit partnarskap mellom offentleg sektor, privat næringsliv og akademia, som saman jobbar for smart og berekraftig samfunnsutvikling. Adresse: Borgundvegen 340.
Kl. 14.50: Statsministeren besøkjer bedrifta Uteguiden i Ålesund der han mellom anna skal bli med ut i kajakk. Adresse: Notenesgata 3.
Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.