Statsministeren er i Stavanger og deltek på Offshore Northern Seas (ONS)

Stad: Stavanger

Statsminister Jonas Gahr Støre er i Stavanger og deltek på Offshore Northern Seas (ONS) i Stavanger Forum.

I samband med ONS har han også eit møte med Belgias statsminister Alexander De Croo. Seinare på kvelden skal han opne Skeivå Rogaland Pride.

Program

Kl. 10.20

Samtale med studentar i regi av ONS Young om dei unges rolle i det grøne skiftet. Stad: Scene 3, DNB Arena 2. etasje.

Kl. 11.00

Opning av ONS. Statsministeren held innlegg.

Kl. 13.20

Offisiell lunsj i regi av Stavanger kommune.

Kl. 14.50

 

Omvising på utstillingsområdet, besøk til fleire bedrifter. Statsministeren er tilgjengeleg for pressa

Kl. 15.45

 

 

Kl. 16.25

Bilateralt møte med Belgias statsminister Alexander De Croo. Fotoopsjon ved byrjinga av møtet.

Stad: Møterom Confidence

Støre og De Croo har eit møte med norske og belgiske industri- og energiaktørar.

Fotoopsjon ved byrjinga av møtet.

Stad: Møterom Share 2

Kl. 17.00

Støre og De Croo er tilgjengelege for pressa. Stad: Hall 10, DNB Arena, 3. etasje – ved sidan av pressesenteret i Clarion Energy.

Kl. 17.45

Statsministeren deltek i ein samtale om framtida til Noreg som energinasjon, med LO-leiar Peggy Hessen Følsvik, NHO-leiar Ole Erik Almlid og Høgre-leiar Erna Solberg. Arrangementet er i regi av ONS, LO og NHO i Rogaland. Stad: Teltet «Kristiansundpaviljongen» i Vågen i Stavanger sentrum. Arrangementet er opent for alle.

Kl. 18.45

Statsministeren opnar Skeivå Rogaland Pride. Stad: Maskinhallen, Tou Scene.

 

Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91191313, e-post the@smk.dep.no.