Statsministeren inviterer til oppsummerande pressekonferanse før jul
Kalenderhending | Jonas Gahr Støre
Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg
Statsminister Jonas Gahr Støre inviterer til oppsummerande pressekonferanse før jul, i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.
Pressefolk som vil vere til stades, må melde seg på til hbo@smk.dep.no innan måndag 13. desember kl. 14.00. På grunn av koronasituasjonen kan det hende at me må avgrense talet på journalistar frå kvar redaksjon. I så fall gir me tilbakemelding om det etter at påmeldingsfristen har gått ut.
Ha med pressekort og gyldig ID. Inngang via Riddervoldsgate 2. Presse som ønskjer å rigge til pressekonferansen kan møte opp frå kl. 11.00. På grunn av koronasituasjonen blir det ikkje servert tradisjonell frukost i år.
Pressekontaktar er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.