Statsministeren møter den polske statsministeren

Stad: Warszawa

Statsminister Jonas Gahr Støre møter den polske statsministeren Donald Tusk i Warszawa.

Dei vil ha eit bilateralt møte, etterfølgt av ein felles pressekonferanse. Tema for besøket er den sikkerheitspolitiske situasjonen, Ukraina, europapolitikk og det viktige bilaterale forholdet mellom Polen og Noreg.

Journalistar som ønskjer å delta kan melde seg til miw@smk.dep.no innan 26. februar.

Pressekontaktar er statssekretær Halvard Hølleland, telefon 99 51 43 51, e-post haho@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Marita I. Wangberg, telefon 90 51 23 19, e-post miw@smk.dep.no.