Statsministeren møter fredsprisvinnarane

Adresse: Inkognitogata 18, Oslo

Stad: Statsministerbustaden

Statsminister Jonas Gahr Støre møter fredsprisvinnarane Maria Ressa frå Filippinene og Dmitrij Muratov frå Russland i statsministerbustaden.

Ein fotopool kan arbeide ved starten av møtet. Norske deltakarar i poolen er NTB, NRK TV og TV2. Oppmøte ved inngangen i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 09.15.

Om lag kl. 10.45 vil statsministeren og fredsprisvinnarane møte pressa i Riddervoldgate 2. Oppmøte for presse seinast kl. 10.00.

Presse som ønskjer å vere til stades på pressekonferansen må melde seg på til hbo@smk.dep.no innan torsdag 9. desember kl. 16.00. Alle må ha med gyldig pressekort og ID. Internasjonal presse må også være akkreditert gjennom Nobel.

Me har avgrensa tal på plassar og ber kva redaksjon halde talet på deltakarar på eit minimum. Me kan ikkje garantere at alle får plass, og føreset at dei frammøtte følgjer helsestyresmaktene sine råd for smittevern. Ved stor pågang kan det bli aktuelt å be presse om å følgje pressekonferansen digitalt.

Pressekontakt er fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.