Statsministeren møter Spanias statsminister

Adresse: Parkveien 45, Oslo

Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg

Statsminister Jonas Gahr Støre møter Spanias statsminister Pedro Sánchez fredag 12. april. Dei vil ha eit bilateralt møte der dei mellom anna skal diskutere situasjonen i Midtausten.

Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Det vil og vere ei kort pressetilgjengelegheit etter møtet.

Påmelding til rvi@smk.dep.no innan torsdag 11. april kl. 15.00. Akkrediterte fotografar som ønskjer å ta bilete ved oppstart av møtet må møte i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 11.00. Akkrediterte journalistar som vil delta på pressetilgjengelegheita må møte i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 12.15. Ta med pressekort og gyldig ID.

Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post andreas.bondevik@smk.dep.no.