Statsministeren besøkjer Rogaland

Stad: Rogaland

Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Rogaland.

Kl. 09.30: Statsminister Jonas Gahr Støre taler på Solamøtet i Rogaland. Statsministeren er tilgjengeleg for presse om lag kl. 10.30. Adresse: Utsolaarmen 16, Sola.

Kl. 11.40: Statsministeren og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun besøkjer Rennesøy ungdomsskule. Tema er lesing i alle fag og mobilbruk i skulen. Rennesøy skule brukar trykte lærebøker og jobbar aktivt med å forbetre leseferdigheitene til elevane. Skulen har vore mobilfri sidan 2015. Adresse: Håvasteinveien 105, Rennesøy

Kl. 14.30: Statsministeren besøkjer Hydro Karmøy og får ei omvising på fabrikken og eit møte med tilsette og lærlingar. Tema for besøket er grøn omstilling og bruk av lærlingar i arbeidslivet. Ver merksam på at det er sterkt magnetfelt i elektrolysehallane.

Presse som vil følge statsministeren, må melde seg til Veronika Broshaug på Hydro Karmøy innan fredag 12. januar kl. 16.00. Telefon 991 08 931, epost veronika.broshaug@hydro.com.

Vi gjer merksam på at det kan vere fotorestriksjonar i nokre av områda.

Oppmøte for presse seinast kl. 14.00 for registrering og utdeling av verneutstyr. Adresse: Hydrovegen 160, Håvik.

Kl. 16.00: Statsministeren deltek på møte med Karmøy Ap og styreleiarane i Haugesund, Tysvær, Sveio, Bokn og Vindafjord. Adresse: Karmøy rådhus, Statsråd Vinjes gate 25, Kopervik

Pressekontaktar er statssekretær Halvard Ingebrigtsen, telefon 91 55 12 53, e-post hin@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Pressekontakt for kunnskapsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ajfer Husejin, telefon 95 93 64 85, epost: ajf@kd.dep.no.