Statsminister Jonas Gahr Støre tek imot Italias statsminister Giorgia Meloni til møte i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien.

Støre og Meloni møter pressen i presserommet i Riddervoldsgate 2 om lag kl. 17.30.

Presse som ønskjer å vere til stades må akkreditere seg på denne nettsida innan 16.  september kl. 15.00. Oppmøte for akkreditert presse seinast kl. 17.00. Ta med pressekort og gyldig ID.

Etter pressekonferansen skal dei to statsministrane ha ein arbeidsmiddag med norsk og italiensk næringsliv.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ragnhild H. Simenstad, telefon 91 71 74 59, e-post rhs@smk.dep.no.