Statsministeren til New York og Washington

Sted: New York og Washington

Statsminister Jonas Gahr Støre er i New York i samband med at Noreg leiar arbeidet i FNs tryggingsråd i januar 2022.

Tysdag 25. januar skal statsministeren leie møte i tryggingsrådet om urban krigføring og vern av sivile. Onsdag 26. januar skal han leie møte om FNs politiske oppdrag i Afghanistan (UNAMA). Gahr Støre skal òg ha anna program, mellom anna med norsk nærings- og kulturliv. 

Presse som er interessert i å dekkje saka, blir beden om å kontakte presseråd ved FN-delegasjonen i New York, Astrid Sehl, telefon +1 6466429910, e-post astrid.sehl@mfa.no. Akkrediteringsfrist for tilgang til FN er onsdag 12. januar.

Oppdatering 26. januar 2022: Reisa er forlenga med ein dag. Statsministeren skal ha møte i Washington torsdag 27. januar. 

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.