Statsrekneskapen 2022

Statsrekneskapen syner eit oljekorrigert underskot på 282,7 milliardar kroner i 2022. Dette er 27,1 milliardar kroner mindre enn i nysaldert budsjett og medfører at statsbudsjettet får eit tilsvarande overskot i rekneskapen. Statens pensjonsfond, slik dette vert presentert saman med statsbudsjettet, syner eit overskot på 1 254,7 mrd. kroner. Det går fram av statsrekneskapen for 2022 som vart lagt fram i dag.

Samla vart overskotet i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond 1 281,8 milliardar kroner.

Det oljekorrigerte underskotet i statsrekneskapen for 2022 vart 282,7 milliardar kroner, som er 27,1 milliardar kroner mindre enn lagt til grunn i nysaldert budsjett og 17,3 milliardar kroner mindre enn i saldert budsjett. Det vart i 2022 overført 309,9 milliardar kroner frå SPU for å dekkje det oljekorrigerte underskotet i nysaldert budsjett, og statsbudsjettet før lånetransaksjonar syner dermed òg eit overskot på 27,1 milliardar kroner, jf. tabell 1 nedanfor. Samanlikna med rekneskapen for 2021 går oljepengebruken, målt ved det oljekorrigerte underskotet, ned med 86,2 milliardar kroner.

Inntektene vart i rekneskapen 23,1 milliardar kroner høgare, medan utgiftene vart 4,0 milliardar kroner lågare enn i nysaldert budsjett som vart vedteke i desember 2022. Auken på inntektssida kjem særleg av skattar og avgifter som vart 19,9 milliardar kroner høgare enn lagt til grunn. På utgiftssida er det ein netto mindreutgift på 4,0 milliardar kroner. Denne fordeler seg på ei rekkje budsjettpostar der den største delen gjeld straumstøtte til hushaldningane med ein mindreutgift på 6,8 milliardar kroner. Sjå tabell 3 nedanfor for detaljar.

Statens pensjonsfond, slik dette vert presentert saman med statsbudsjettet, syner eit overskot på 1 254,7 milliardar kroner, som er 3,8 milliardar kroner mindre enn rekna i nysaldert budsjett og 1 043,4 milliardar kroner meir enn rekna i saldert budsjett. Nedgangen frå nysaldert budsjett kjem av ein nedgang i netto kontantstraum på 30,3 milliardar kroner og ein auke i rente og utbyte i fondet på 26,5 milliardar kroner. Auken på 1 043,4 milliardar kroner  frå det ein rekna i saldert budsjett kjem særleg av ein kraftig auke i netto kontantstraum frå petroleumsverksemda som følgje av eit historisk høgt prisnivå på gass sidan sommaren 2021 og som har haldt fram gjennom 2022. Den netto kontantstraumen frå petroleumsverksemda vart 1 007,7 milliardar kroner høgare enn i saldert budsjett og kjem av 433 milliardar kroner i netto inntekter frå SDØE, 553 milliardar kroner i auka skatte- og avgiftsinntekter på utvinning av petroleum og 22 milliardar i auka utbyte frå Equinor ASA. Renter og utbyte i fondet vart 45,5 milliardar kroner høgare enn i saldert budsjett. Overføringa frå SPU for å dekkje det oljekorrigerte underskotet i nysaldert budsjett vart 309,9 milliardar kroner. Dette er 9,8 milliardar kroner meir enn i saldert budsjett. Samanlikna med rekneskapen for 2021 auka overskotet i Statens pensjonsfond med 1 133,6 milliardar kroner.

Kapitalen i Statens pensjonsfond auka med 43,6 milliardar kroner i 2022 til 12 731,7 milliardar kroner. Av auken er 58,3 milliardar kroner knytt til SPU, medan kapitalen i SPN minka med 14,7 milliardar kroner. Overskotet i Statens pensjonsfond aukar kapitalen med 1 254,7 milliardar kroner. Netto realiserte og urealiserte vinstar / tap minka verdien av fondet med 1 936,4 milliardar kroner, medan svekka kronekurs auka verdien i SPU med 641,9 milliardar kroner. Inntekter frå netto finanstransaksjonar auka fondsverdien med 83,5 milliardar kroner. Ved utgangen av 2022 er bokført verdi av SPU i kapitalrekneskapen 12 413,5 milliardar kroner, medan verdien av Statens pensjonsfond Noreg (SPN) er 318,2 milliardar kroner, jf. tabell 2 nedanfor.

Finansdepartementet utarbeider årleg stortingsmelding nr. 3 om statsrekneskapen. Meldinga har ei fast nummerering og vert send Stortinget innan 1. mai. Statsrekneskapen inneheld ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap.

Kapittel 1 gjev ein samla presentasjon av statsrekneskapen og syner budsjettbalansen og samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond. Statens finansieringsbehov går òg fram. Kapittel 2 syner utviklinga av utgiftene under dei einskilde departementsområda. Kapittel 3 omtaler resultatet og utviklinga i Statens pensjonsfond. Kapittel 4 syner hovudtal i statens balanse (kapitalrekneskapen) med notar til endringar. Kapittelet syner òg statens renteinntekter og -utgifter og statens garantiansvar. Statens løyvingsrekneskap og balanse vert ført etter kontantprinsippet, i samsvar med løyvingsvedtak i Stortinget. Rekneskapen vert kvart år sett opp med ein rekneskapstermin frå 1. januar til 31. desember.

Løyvingsrekneskapen syner utfallet i statsbudsjettet for kvar budsjettpost. Rekneskapsførte utgifter og inntekter, overført løyving frå førre år, samla løyving og overført løyving til neste år går fram, jf. vedlegg 2.1 og 2.2 i meldinga.

Kapitalrekneskapen syner statens finansielle balanse med mellom anna statens kontantbehaldning, Statens pensjonsfond, aksjebehaldning, utlån frå statsbankane og statsgjelda, jf. vedlegg 3.1 i meldinga.

I vedlegg 1-5 i meldinga finst òg fleire tilleggsspesifikasjonar til rekneskapen, mellom anna som følgje av krav i Stortingets løyvingsreglement §13.

Portalen statsregnskapet.no har ei enkel og grafisk framstilling av statens inntekter og utgifter, og gjer det mogleg å samanlikne på tvers av statlege verksemder. Her kan ein òg finne meir detaljerte rekneskapstal.


Tabell 1 Rekneskap, saldert og nysaldert budsjett (mill. kroner)

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Nysaldert budsjett 2022

Rekneskap 2022

1.

Statsbudsjettet

 

 

 

 

A

Inntekter i alt

1 502 720

1 558 997

2 675 248

2 668 416

A.1

Inntekter frå petroleumsverksemda

312 245

304 011

1 343 569

1 313 601

A.2

Inntekter utanom petroleumsverksemda

1 190 476

1 254 986

1 331 680

1 354 815

B

Utgifter i alt

1 584 176

1 581 563

1 669 555

1 665 936

B.1

Utgifter til petroleumsverksemda

24 732

26 500

28 000

28 378

B.2

Utgifter utanom petroleumsverksemda

1 559 444

1 555 063

1 641 555

1 637 557

=

Overskot i statsbudsjettet før overføring til Statens pensjonsfond (A-B)

-81 456

-22 565

1 005 694

1 002 480

-

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1-B.1)

287 513

277 511

1 315 569

1 285 223

=

Oljekorrigert overskot i statsbudsjettet (A.2-B.2)

-368 969

-300 076

-309 875

-282 742

+

Overført frå Statens pensjonsfond utland

390 066

300 076

309 875

309 875

=

Overskot i statsbudsjettet før lånetransaksjonar

21 097

0

0

27 133

2.

Statens pensjonsfond

 

 

 

 

 

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1-B.1), vert overført til Statens pensjonsfond utland

287 513

277 511

1 315 569

1 285 223

-

Overført frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet

390 066

300 076

309 875

309 875

=

Netto avsett i Statens pensjonsfond utland

-102 553

-22 565

1 005 694

975 348

+

Renteinntekter og utbyte i fondet

223 663

233 800

252 800

279 312

=

Overskot i Statens pensjonsfond

121 110

211 235

1 258 494

1 254 660

3.

Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond

 

 

 

 

 

Samla overskot

142 207

211 235

1 258 494

1 281 793

Tabell 2 Statens pensjonsfond 2022 (mrd. kroner)

Statens pensjonsfond utland

Statens
pensjonsfond Noreg

Samla

Netto kontantstraum

1 285,2

 

1 285,2

-Overført statsbudsjettet

309,9

 

309,9

Renter og utbyte

267,4

11,9

279,3

Overskot

1 242,8

11,9

1 254,7

Kapital per 31.12.2021

12 355,2

332,9

12 688,1

Overskot

 1 242,8

11,9

1 254,7

Valutakursregulering

641,9

-

641,9

Realiserte/urealiserte vinstar/tap

-1 909,8

-26,6

-1 936,4

Inntekt frå netto finanstransaksjonar

83,5

 

83,5

Kapital per 31.12.2022

12 413,5

318,2

12 731,7

Endra verdi, fondskapital

58,3

-14,7

43,6

Tabell 3 Endring i det oljekorrigerte underskotet 2022 (mrd. kroner)

Frå nysaldert budsjett til rekneskap

Nedgang i det oljekorrigerte underskotet

27,1

Netto inntektsendringar

23,1

Av dette:

Skattar og avgifter

19,9

Inntekter frå forvaltningsverksemdene

0,1

Ymse inntekter, derav 1,1 mrd. kroner som er Noregs del av ESAs bot til Telenor

1,5

Meirinntekter som heimlar meirutgifter

1,3

Andre inntekter

0,4

 

Netto utgiftsendringar

-4,0

Av dette:

Folketrygda, inkludert dagpengar, kap. 2530-2790

0,4

Renteutgifter, statsgjeld, kap. 1650, post 89

-0,3

Momskomp. kommunar, fylkeskommunar og frivillige, kap. 1632

0,6

Nettoordning statleg betalt MVA, kap. 1633

-0,1

Straumstøtte, hushaldningar

-6,8

Busetting og norskopplæring av innvandrarar, kap. 0670-0672

-1,4

Landbruksdirektoratet, kap. 1142

-1,4

Politidirektoratet, kap. 0440

1,3

Beredskap, kap. 0702

1,2

Ålmenne kulturføremål, kap. 0325

1,0

Statens vegvesen, kap. 1320

0,9

Kjøp av materiell m.m. under forsvaret, kap. 1760

-0,7

Innovasjon Noreg, kap. 2421

0,6

Jernbaneføremål, kap. 1352-1359

0,5

Forsvarsbygg, kap. 1710

-0,5

Vaksinar, kap. 0710

-0,5

Andre netto endringar, medrekna utgifter heimla i meirinntekter

1,0