Tilknytte verksemder
-
Arbeidsretten
Arbeidsretten er ein særdomstol som behandlar tvistar om gyldigheit og tolking av tariffavtalar og visse tvistar om tolking av arbeidstvist- og tenestetvistlova sine reglar, tvistar om brot på tariffavtalar og om sanksjonar ved slike avtalebrot. Arbeidsretten behandlar også tvistar om erstatningsansvar ved avtalebrot og ulovleg arbeidsstans.
Nettside: http://www.arbeidsretten.no/
-
Fellesordningen for AFP i privat sektor
Fellesordninga for AFP er ei tariffesta ordning som administrerer AFP-ordninga i privat sektor. Fellesordninga for AFP krev inn premiar frå verksemdene som er tilslutta ordninga, og behandlar søknader om AFP fra arbeidstakarar.
Nettside: https://www.afp.no/
-
Riksmeklaren
Institusjonen si oppgåve er å mekle i interessetvistar mellom partane i arbeidslivet, dvs. tvistar om oppretting eller revisjon av tariffavtalar. Verksemda blir leia av riksmeklaren.
Nettside: http://www.riksmekleren.no/