Spesialeininga for politisaker / Spesialenheten for politisaker

Spesialeininga for politisaker har ansvaret for å etterforske, påtaleavgjere og føre saker mot tilsette i politi- og påtalemakt om straffbare handlingar i tenesta.

Spesialeininga er eit eige organ utanfor politi- og påtalemakta, men har likevel påtalekompetanse på sitt område.

Eininga, som vart oppretta i 2005, er ein uavhengig organisasjon, administrativt underlagt Justis- og beredskapsdepartementet og fagleg underlagt Riksadvokaten. Riksadvokaten kan gi instruksar om, og er klageorgan for straffesaksbehandlinga i Spesialeininga.

Sjefen for Spesialeininga er påtalemakta i Spesialeininga, og blir leia av Terje Nybøe.

Spesialeininga for politisaker skal sikra lik og rettferdig behandling av saker der tilsette i politiet eller påtalemakta kan ha gjort seg skuldig i straffbare handlingar i tenesta. Den skal sikra rettstryggleik både for den som ønskjer å melda eit forhold og for tilsette som blir meldt.

Spesialeininga for politisaker set også i verk etterforsking dersom nokon døyr eller blir alvorleg skadd som følgje av tenesteutøvinga til politiet eller påtalemakta, sjølv om det ikkje er mistanke om ei straffbar handling.

Etter ny organisering 1. november 2021 vart dei tidlegare etterforskingsavdelingane Aust-Noreg, Vest-Noreg, og Midt-Noreg og Nord-Noreg samla til éi etterforskingsavdeling, med leiing i Oslo. Lokasjonane i høvesvis Oslo, Bergen og Trondheim er held fram.

Spesialeininga for politisaker har fast tilsette juristar og etterforskarar, i tillegg til privatpraktiserande advokatar og éin psykolog på verv. Ordninga med personar på verv skal bidra til å styrkja sjølvstendet for verksemda.

Spesialeininga for politisaker er organisert med ei vaktordning der det til ei kvar tid skal vere éin etterforskar på vakt. Vakthavande skal ta imot varsling frå politiet og sørgje for at Spesialeininga for politisaker kan ta avgjersle om det er nødvendig å setje i verk omgåande etterforsking.

Nettside: http://www.spesialenheten.no/