Meld. St. 9 (2014-2015)

Gjennomgang av ordninga med supplerande stønad til personar over 67 år med kort butid i Noreg

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Lov 29. april 2005 nr. 21 om supplerande stønad tok til å gjelde 1. januar 2006. Siktemålet med lova er å sikre eit økonomisk fundament for personar som har fylt 67 år og har fast bustad i Noreg, men som har kort butid her i landet, slik at dei ikkje har tent opp tilstrekkeleg alderspensjon i folketrygda til å greie seg i alderdommen. Ordninga sikrar denne gruppa eldre ei samla inntekt på linje med det minste pensjonsnivået i folketrygda, utan omsyn til butid i Noreg og opptening her.

Meldinga her gjer greie for røynslene med stønadsordninga etter etableringa og tek opp spørsmål om einskilde endringar. Gjennomgangen av ordninga har bakgrunn i at Stortinget i vedtak 17. mars 2005 i samband med Innst. O. nr. 56 (2004–2005) bad Regjeringa leggje fram ei vurdering av den nye ordninga med supplerande stønad, inkludert ei vurdering av om ordninga bør utvidast til å gjelde andre grupper enn personar over 67 år.

I samband med gjennomgangen har departementet henta statistiske opplysningar frå Arbeids- og velferdsdirektoratet og Statistisk sentralbyrå (SSB) om dei ulike aspekta ved stønadsordninga i praksis og innverknaden på uttaket av økonomisk stønad. Grunnlaget inkluderer ei særskild kartlegging av endringane i bruken av økonomisk stønad frå 2005 (året før innføringsåret) til 2006 og 2007, der ein følgjer dei individuelle brukarane. Direktoratet har òg henta inn vurderingar frå dei som handsamar sakene om kva dei opplever som problem knytte til stønadsvilkåra og dei andre sidene av ordninga.

Formålet med å etablere ordninga var for det første å sikre ei minsteinntekt på nivå med minstepensjon for eldre innvandrarar og andre med liten eller ingen alderspensjon frå folketrygda, og for det andre å avlaste kommunane for utgifter til økonomisk stønad. Den aktuelle gruppa ville elles verte varige mottakarar av økonomisk stønad. Dette vart rekna som uheldig ettersom økonomisk stønad er meint å vere ei mellombels og unntaksvis yting. Ein la òg vekt på at ei ny stønadsordning ville vere ei meir verdig løysing for den einskilde. I tillegg meinte ein at ordninga ville bidra til at fleire eldre frå asylmottaka vart busette i kommunane, av di kommunane ofte kvidde seg for å ta imot personar i denne gruppa på grunn av belastinga med økonomisk stønad.

I Prop. 14 L (2014–2015) er det lagt fram forslag til avgrensingar i ordninga for supplerande stønad, slik at det frå 2015 ikkje vert gjeve tillegg for forsørging av ektemake og/eller barn. Endringa er knytt til budsjettframlegget for 2015. Saker med forsørgingstillegg til supplerande stønad er nesten utan unntak saker der ein person over 67 år forsørgjer ein ektemake/sambuar under 67 år, dvs. saker der ein av ektemakane/sambuarane er i yrkesaktiv alder og i utgangspunktet skal forsørgje seg sjølv ved eige arbeid. Endringa, som vil få verknad i mindre enn 10 prosent av sakene med supplerande stønad, vil innebere eit sterkare insentiv for denne gruppa til å nytte arbeidsevna si. Samtidig vil supplerande stønad stå klarare fram som den minimumsløysinga det var meininga at ordninga skulle vere. Denne endringa vert ikkje drøfta nærare i meldinga her, men departementet viser til framstillinga i lovproposisjonen og i budsjettproposisjonen (Prop. 1 S (2014–2015) Arbeids- og sosialdepartementet.

Til forsida