Forskrift om endring i forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv.

Fastsett av Landbruks- og matdepartementet 4. juli 2018 med heimel i lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) § 3 og § 18.

I

I forskrift 19. desember 2014 nr. 1821 om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. skal desse endringane gjerast: 

§ 2 skal lyde: 

§ 2. Forholdet til jordbruksavtalen og anna regelverk

Tilskotet vert utrekna med grunnlag i satsar, definisjonar, utmålingsreglar m.m. fastsett i jordbruksavtalen.

§ 3 skal lyde: 

§ 3.Generelle vilkår

Tilskot etter denne forskrifta kan gjevast til føretak som er registrert i Einingsregisteret og som driv vanleg jordbruksproduksjon. Etter § 7 kan tilskotet i staden gjevast til attlevande ektefelle, sambuar, forelder eller barn etter avdød jordbrukar.

Den personen som det vert søkt tilskot for må ha hatt ei gjennomsnittleg næringsinntekt frå jordbruk, gartneri mv. frå føretaket på minimum ½ G i dei to siste inntektsåra som vedkomande har fått skatteoppgjer for per 1. januar i det året avløysinga finn stad.

Tilskotet kan gjevast til dekking av dokumenterte utgifter til avløysing.

Som avløysing reknast ikkje arbeid utført av person som

  1. har næringsinntekt frå føretaket eller nokon av føretaka i driftsfellesskapet,
  2. er ektefelle eller sambuar til nokon som har næringsinntekt frå føretaket eller føretaka i driftsfellesskapet, eller
  3. er under 15 år.

§ 4 første ledd skal lyde:

Det kan gjevast tilskot ved sjukdom dersom den personen som det vert søkt tilskot til avløysing av er yngre enn 70 år og sjukemeldt frå arbeid i føretaket. Det kan òg gjevast tilskot utan at sjukemelding ligg føre, dersom personen i samband med eigen sjukdom eller skade har vore til naudsynt behandling, kontroll eller undersøking på sjukehus eller hos spesialist godkjend av det offentlege.

§ 5 første ledd skal lyde:

Det kan gjevast tilskot når den personen det vert søkt tilskot for er gravid og tek i mot svangerskapspengar, eller søkjer kan dokumentere med vedtak eller erklæring frå NAV at personen fyller dei medisinske vilkåra for rett til svangerskapspengar.

§ 8 første og andre ledd skal lyde:

Søkjar av tilskot skal nytte søknadsskjema fastsett av Landbruksdirektoratet. 

Søknadsfristen er eitt år etter siste dag i den perioden det vert søkt tilskot for.

§ 9 andre ledd skal lyde:

Landbruksdirektoratet og fylkesmannen kan i særskilte høve dispensera frå vilkåra i § 3 andre ledd, § 4 t.o.m. § 7 samt § 8 andre ledd.

§ 10 skal lyde:

§ 10 Kontroll og innhenting av opplysningar

Søkjaren av tilskot pliktar å gje alle opplysningar som kommunen, fylkesmannen og Landbruksdirektoratet finn naudsynt for å kunne forvalte ordninga.

I samband med søknadshandsaming og kontroll av tilskotsutbetalingar kan kommunen, fylkesmannen og Landbruksdirektoratet innhente opplysningar frå skatteetaten.

Kommunen, fylkesmannen og Landbruksdirektoratet kontrollerer at utbetaling av tilskot er rett. Søkjaren pliktar å utlevere all bokføring, korrespondanse og oppteikningar som vedkjem tilskotet. Opplysningar gitt i samband med søknad om tilskot kan òg kontrollerast ved teljing og måling på dei eigedomar som føretaket nyttar i drifta.

§ 13 første ledd første punktum skal lyde:
Dersom nokon, anten som følgje av manglande oppfylling av vilkåra i denne forskrifta eller av andre grunnar, har motteke ei utbetaling som ikkje var rettmessig, kan det feilutbetalte beløpet krevjast tilbakebetalt frå mottakaren eller motreknast i seinare utbetalingar av tilskot.

II

Endringane trer i kraft frå 15. august 2018.

Tilhørende lov