Handlingsplan for norsk fagspråk i akademia

Til innholdsfortegnelse

4 Oversyn over ressursar for norsk fagspråk

Terminologi

  • Termportalen – ein nasjonal nettportal der ein kan søkje etter fagtermar på tvers av fagområde og termbasar (òg med høve for fagmiljø til å utvikle eigne termbasar). Termportalen er driven av Universitetet i Bergen, men treng bidrag frå alle fagmiljø. (Nettside: termportalen.no)
  • Termlosen – innføring i korleis ein kan utvikle terminologi (fastsetje termar, lage definisjonar osb.) (ligg føre som pdf på nett og som eige hefte hos Språkrådet)
  • Begrip begrepene! – innføring i korleis ein kan arbeide med terminologi (e-læringskurs hos Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ))

Ordbøker – som oppslagsverk

  • Bokmåls- og nynorskordboka – inneheld normert rettskriving og definisjonar for bokmål og nynorsk (nettside: ordbokene.no)
  • Norsk Ordbok – oversyn over nynorsk og dialektane
  • Det Norske Akademis ordbok (NAOB) – oversyn over bokmål og riksmål (nettside: naob.no)

Skrivesenter – Mange av universiteta og høgskulane har anten kurs i eller eit senter for akademisk skriving for studentane (sjå nettside hos dei einskilde institusjonane).

Norskopplæring – Det europeiske rammeverket for språk set opp ferdigheiter i lesing, skriving, lytting og tale frå nivå A1 (lågast) til nivå C2 (høgast). Rammeverket er å finne under Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).

Kanalar for fagformidling på norsk

  • Store norske leksikon – eit oppslagsverk skrive av fagfolk (på nynorsk og bokmål) og eigd av dei norske universiteta og fleire ideelle stiftingar og organisasjonar (nettside: snl.no)
  • forskning.no – Nordens største nettavis om forsking og ein viktig formidlingskanal for å fremje forsking på norsk (nettside: forskning.no)

Vegvisar for språkval i universitets- og høgskulesektoreninneheld konkrete råd om parallellspråkleg praksis innanfor både forsking, formidling, undervisning og administrasjon ved institusjonane (nettside: sprakradet.no/uh)

Støtte til lærebøker i høgare utdanning og til fagbøker (sjå dei respektive nettsidene)

Relevant fagstoff

  • More parallel, please! Sprogbrug i internationaliseringsprocesser (2017) – rapport frå Nordisk gruppe i parallellspråklegheit / Nordisk ministerråd om korleis ein kan utarbeide retningslinjer for parallellspråkleg praksis på universiteta og høgskulane
  • John Airey (2011) «The Disciplinary Literacy Discussion Matrix: A Heuristic Tool for Initiating Collaboration in Higher Education«– artikkel om matrise for gode språkval til bruk i emne- og programplanlegginga