Handlingsplan for norsk fagspråk i akademia

Til innholdsfortegnelse

Føreord

Norsk språk har tradisjonelt stått sterkt i norske akademiske miljø. Eit hovudformål med å etablere det første norske universitetet i Christiania i 1811 var at Noreg skulle få embetsutdanningar som var relevante for norske forhold. Sjølv om ein del forsking lenge har blitt publisert på eit framandspråk – tysk før andre verdskrigen og engelsk sidan –, har undervisninga og den allmennretta formidlinga tradisjonelt vore på norsk. Det har vore viktig for norsk kulturell identitet og for det opplyste offentlege ordskiftet som ligg til grunn for demokratiet vårt.

I dag er mange norske akademikarar internasjonalt orienterte i forskinga si. Det er òg mange av dei vitskapleg tilsette ved norske universitet og høgskular som er rekrutterte frå utlandet. Riktig handsama er dette ein styrke. Internasjonalisering er på mange fagområde ein føresetnad for høg kvalitet. Det er derfor naturleg at mykje av forskinga i dag blir publisert på engelsk for å nå ut til fagfellar i andre land. Det er òg ein føremon at mange norske studentar har studieopphald i andre land, og at norske institusjonar tek imot studentar og forskarar frå heile verda.

Men internasjonaliseringa må gjennomførast på ein slik måte at vi samstundes kan ta vare på eit livskraftig norsk fagspråk. Utviklinga av norsk fagspråk står i ei særstilling blant dei akademiske oppgåvene fordi ein ikkje kan vente at forskarar i andre land vil gjere dette for oss. Det norske samfunnet treng faguttrykk på norsk, og desse må samfunnet få frå dei norske akademiske fagmiljøa. Viss ikkje, vil engelske uttrykk gradvis overta. Det vil vere eit kulturelt tap, og dessutan eit demokratisk problem.

Erfaringa syner at norsk fagspråk ikkje varetek seg sjølv. Engelsk har lenge vore på frammarsj, og norsk fagspråk er dessverre svekt. I mange andre land – til dømes Frankrike, Spania og Island – har dei lenge hatt ein svært aktiv språkpolitikk. Det må vi òg ha i Noreg. Det er tid for å gå frå ord til handling. Vi må vareta og vidareutvikle fagspråk på alle fagområde, på både nynorsk og bokmål. Dei samiske språka har òg ei utfordrande stilling, noko som regjeringa nyleg har drøfta i ei eiga stortingsmelding, Meld. St. 13 (2022–2023) Samisk språk, kultur og samfunnsliv.

Denne handlingsplanen er ein invitasjon til eit krafttak for norsk fagspråk. Her har akademia, og særleg universiteta og høgskulane, eit viktig samfunnsoppdrag.

Et bilde som inneholder tekst, Font, håndskrift, kalligrafi

Automatisk generert beskrivelse