Forord
Det er eit mål for regjeringa å skape trygge rammer for data- og pengespel. Det er viktig at spelarar – uansett alder – ikkje får problem med spel. Speleproblem har store negative konsekvensar både for helsa og det sosiale livet, ikkje berre for spelaren, men òg for venner, familie og samfunnet generelt.
For å beskytte sårbare spelarar skal alltid tryggleik og ansvarlegheit gå framfor profitt. Den norske pengespelpolitikken er difor styrt av omsynet til ansvarlegheit, der hovudmålet alltid er å førebygge speleproblem og andre negative konsekvensar av pengespel.
I denne handlingsplanen rettar regjeringa eit sterkare søkelys mot barn og unge enn i tidlegare handlingsplanar. Vi er bekymra for ei utvikling der barn blir eksponert for og får interesse for pengespel gjennom dataspel.
Eit sentralt mål for regjeringa sin dataspelpolitikk er å fremje ein tilgjengeleg, trygg og inkluderande dataspelkultur. Vi veit at barn og unge er ei sårbar gruppe som er utsette for manipulerande design i penge- og dataspel, og reklame og marknadsføring frå influensarar. Ei ny undersøking om barn og ungdom sine spelevanar viser ein samanheng mellom ungdom som spelar mykje dataspel, og særleg dei som kjøper lootboksar, skins eller deltar i skinbetting, og utvikling av pengespelproblem. Undersøkinga er gjort blant ungdom i alderen 12–17 år. Dette gir grunn til å rette ekstra merksemd mot denne gruppa i kommande handlingsplanperiode.
Vi vidarefører arbeidet med å auke kunnskapen om speleåtferd, men vi vil òg vise korleis dei som har problem med spel, kan få hjelp, og korleis vi kan førebygge speleproblem. Planen inneheld tiltak for å førebygge speleproblem, både når det gjeld dataspel og pengespel. Planen inneheld ikkje regulatoriske tiltak.
Mange har komme med innspel til arbeidet. Regjeringa ønsker å takke alle aktørane på spelfeltet som har komme med verdifulle innspel til planen. Dette er den sjuande planen i rekka. Den første hadde oppstart i 2005. Handlingsplanane sikrar langsiktig, systematisk og målretta arbeid for å førebygge speleproblem i Noreg. Langsiktig arbeid betyr mellom anna at fleire tiltak er ført vidare og er utvikla over tid.
Lubna Jaffery
Kultur- og likestillingsminister