Hovudmål 2: Tidleg identifisering og god behandling for problematisk speleåtferd

Det er viktig å identifisere både data- og pengespelproblem tidleg. Det er òg viktig med lett tilgjengelege råd og tilbod om rettleiing og behandling. Vidare trengst det god ivaretaking av pårørande til personar med alvorlege speleproblem, og betre oppfølging av dei som har klart å bryte med speleavhengigheita si.

Nasjonalt kompetansesenter for spillforskning (SPILLFORSK) si evaluering av kjennskap til handlingsplanane mot speleproblem viser at det er for lite kjennskap til både handlingsplanen og speleproblematikk i kommunane. Evalueringa viste òg at det er behov for meir kunnskap i spesialisthelsetenesta, og at det er mangelfull innsats når det gjeld speleproblematikk i kriminalomsorga.

Det er med andre ord behov for meir kunnskap og auka bevisstheit om det problematiske ved både data- og pengespel. Lett tilgjengeleg informasjon for befolkninga er del av dette.

Delmål 2.1. – Betre nasjonal koordinering av innsatsen på spelfeltet

Det trengst innsats frå både helsetenesta og samfunnet elles for å førebygge og redusere speleproblem. Speleproblematikk er eit underkommunisert folkehelseproblem som treng større synleggjering. Til dømes er det behov for auka kunnskap både i helsetenesta og befolkninga om kvar grensene går mellom problematisk og uproblematisk speling.

Det at speleavhengigheit skal sjåast i samanheng med innsatsen elles i helsetenesta på rusfeltet, har både fordelar og ulemper. Det er naudsynt å auke kjennskapen både i befolkninga og helsetenesta for tidleg identifisering av både data- og penge-spelproblem. Betre nasjonal koordinering kan vere eit viktig grep for å få det til.

Tiltak 2.1.a – Synleggjere data- og pengespelproblematikk som innsatsområde

Det er naudsynt å synleggjere data- og pengespel i relevante nasjonale råd og rettleiingar, og å få til betre koordinering i arbeidet med speleproblematikk. Både førebygging og behandling av data- og pengespelproblem må integrerast betre i dette arbeidet. Dette inkluderer at pengespelliknande element i dataspel kan bidra til at fleire unge startar med pengespel. Speleproblematikk er til dømes del av førebyggings- og behandlingsreforma på rusfeltet, men ikkje del av Helsedirektoratet sitt arbeid med nasjonalt program for rusmiddelførebyggande arbeid blant barn og unge.

Tiltak 2.1.b – Styrke dialogen om speleproblematikk mellom Helsedirektoratet og dei regionale kompetansesentera

I Noreg er det sju regionale Kompetansesenter for rusfeltet (KORUS) som hjelper Helsedirektoratet med fagutvikling og rettleiing om mellom anna speleavhengigheit. I kommande handlingsplanperiode vil det bli jobba for eit nærare samarbeid mellom Helsedirektoratet og kompetansesentera for å spreie kunnskap og merksemd om data- og pengespelproblematikk til mellom anna kommunane.

Vidare vil Helsedirektoratet arbeide for at speleproblematikk blir ein del av samarbeidet med Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA) og dei regionale kunnskapssentera for barn og unge (RKBU) og regionsentera for barn og unges psykiske helse (RBUP).

Tiltak 2.1.c – Vidareutvikle opplæringsprogrammet Penge- og dataspel: Lidenskap og avhengigheit

Opplæringsprogrammet Penge- og dataspel: Lidenskap og avhengigheit, som KORUS aust og Universitetet i Innlandet driv, skal vidareutviklast. Det skal òg vurderast kva slags delar av opplæringa som kan skje digitalt for å gjere programmet meir tilgjengeleg.

Tiltak 2.1.d – Vidareføre tilskotsordning til speleproblematikk

Helsedirektoratet forvaltar tilskotsmidlar til oppfølging av handlingsplanen mot speleproblem. Ordninga skal vidareførast. Tilskotsordninga skal stimulere til førebygging, kompetansheving og utvikling av hjelpetiltak.

Delmål 2.2 – Tidleg identifisering av speleproblem

For å nå målet om tidleg identifisering av unge og vaksne som er i ferd med å utvikle eit data- eller pengespelproblem, er det naudsynt med kunnskap om mellom anna risikofaktorar og tidlege teikn på begynnande problematisk speling. Meir kunnskap trengst, både i befolkninga generelt og blant tilsette i ulike helse- og omsorgstenester. Spesielt viktig er det med slik kompetanse blant dei som jobbar med barn og unge.

Tiltak 2.2.a – Styrke tilgangen til hjelpetilbod for barn og unge med dataspelproblem, og til føresette

DigiUng er eit samarbeid mellom offentlege etatar og verksemder som utviklar og samlar kvalitetssikra informasjon og digitale tenester til ungdom. Ung.no er kanalen ut til ungdom og ein sentral digital arena for å nå både unge og føresette med informasjon. På ung.no er det allereie ein god del informasjon om speleproblematikk, men det trengst meir informasjon om behandling av dataspelavhengigheit. Foreldrehverdag.no er ei nettside med informasjon til føresette om barn og unge. Denne nettsida bør òg vidareutviklast med tanke på dataspelproblematikk.

Spelfeltet i Noreg består òg av frivillige organisasjonar og private initiativ som gjer ein viktig jobb. Det skal vurderast om det skal utviklast fleire hjelpetilbod på feltet slik at fleire kan få hjelp. I tillegg må informasjon om det som finst av hjelpetilbod, bli lettare tilgjengeleg.

Delmål 2.3 – Vidareutvikling av lågterskeltilbod

Behov for hjelp med speleproblem kan oppstå akutt, og det kan vere høg terskel for å kontakte primærhelsetenesta om problema. Det er difor naudsynt å ha eit velfungerande og gratis tilbod som er tilgjengeleg uavhengig av kvar i landet ein bur, og som raskt kan hjelpe, gi avgjerande informasjon eller vise vidare til andre helse- og omsorgstilbod.

Hjelpelinjen for personar som har problem med spel, gir direkte hjelp og støtte til spelarar, pårørande og andre som tek kontakt.

Fjernbasert behandling for personar med speleavhengigheit er eit anna tilbod der spelarar kan få behandling utan å gå via fastlegen. Tilbodet er utvida til også å gjelde pårørande. Det er i tillegg behov for digitale hjelpemiddel, som appar, for å supplere dei etablerte lågterskeltilboda.

Tiltak 2.3.a – Hjelpelinjen skal vidareutviklast

Hjelpelinjen for spilleavhengige skal vidareutviklast med tanke på at fleire, særleg unge, skal få lågare terskel for å søke hjelp. Det er viktig å nå dei som merkar at speling byrjar å bli eit problem, så tidleg som mogeleg. Dei siste åra har talet på dei som tek kontakt om dataspelproblem, gått nedover. Det må sikrast at Hjelpelinjen er godt kjent for personar eller pårørande til personar som har problem med både data- og pengespel. Både marknadsføring og anna informasjonsarbeid må prioriterast.

Data frå Hjelpelinjen er òg ei viktig kjelde til kunnskap om kva spel som er mest problematiske på den norske marknaden.

Chat-tenesta når i større grad unge spelarar enn telefontenesta. Det må difor fortløpande vurderast om opningstidene for chat er gode nok.

Tiltak 2.3.b – Vidareføre fjernbasert behandling for personar med speleavhengigheit

Lågterskeltilbodet skal vidareførast. Dette er eit gratis behandlingstilbod over om lag 12 veker der personar med speleproblem ikkje treng verken diagnose eller tilvising frå lege. Oppfølginga består av telefonsamtalar med ein fast terapeut og skriftlege arbeidsoppgåver. Det blir òg gitt tilbod om oppfølgingssamtale etter at behandlinga er avslutta. Det blir vidare tilbydd samtalar med pårørande og andre nærståande til spelarar.

Tiltak 2.3.c – Vidareføre støtteordninga for drifts- og prosjekttilskot

Frivillige organisasjonar gir viktige bidrag til personar med speleproblem og pårørande. Dei er eit supplement til tenester det offentlege gir. Frivillig organiserte samtalegrupper med erfaringsbasert kunnskap kan vere til stor hjelp for personar med speleproblem som ventar på behandling, eller som har gjennomført behandling. Frivillige organisasjonar er òg viktige i førebyggings- og opplysingsarbeid på felta til ei rekke interesseorganisasjonar, til dømes mot barn og unge, ulike pasientgrupper, idrettsutøvarar og så vidare. Ordninga er heimla i forskrift om tilskot til frivillige organisasjonar som arbeider med problematisk speleåtferd.

Tiltak 2.3.d – Vidareutvikling av appar

Det er utvikla nasjonalt tilgjengelege appar for tidleg intervensjon og skadereduksjon av pengespel. Dei treng å bli betre kjende og meir brukte, og dei treng vidareutvikling. Mellom anna bør det vurderast om dei skal omsetjast til fleire språk. Helsedirektoratet er i dialog med aktuelle fagmiljø om utvikling av appar til bruk ved dataspelavhengigheit.

Tiltak 2.3.e – Gjere tilgjengeleg hjelpetilbod for personar som tidlegare har hatt speleproblem

Det er behov for betre oppfølging av dei som har fått hjelp for speleproblem, og dei som tidlegare har hatt speleproblem, slik at dei unngår å få problem på nytt. Å ta vare på personar som tidlegare har strevd med speleproblem, skal vere ein inkludert del av innsatsen mot speleproblematikk, og sjåast i samanheng med anna hjelp for å unngå tilbakefall til avhengigheit. Tiltaket heng saman med punkt 2.3 d.

Delmål 2.4 – Gjere tilbod om behandling betre kjent og tilgjengeleg

Også når det gjeld tilbod om behandling, er det naudsynt med meir kunnskap. I tillegg trengst det betre kapasitet innan ulike former for behandling, og meir fokus på tilbod for innsette i fengsel og for dei som har klart å slutte å spele. Det er òg behov for eit betre tilbod til pårørande til personar med speleproblem.

Tiltak 2.4.a – Betre oversikt og kjennskap til behandlingstilbod

Informasjonen på helsenorge.no om hjelpetilbod for data- og pengespelproblem, inkludert oppdatert ventetid for dei ulike tilboda, skal utviklast vidare og bli gjort betre kjent. Helseføretaka har sjølv ansvar for å synleggjere kva slags tilbod dei har for behandling av speleavhengigheit på nettsidene sine.

Ei betre oversikt er viktig for spelarar og pårørande. Også kommunal helseteneste treng å bli meir kjent med tilboda til spesialisthelsetenesta og andre aktørar gjennom generelt informasjonsarbeid, regionale webinar, synleggjering i nasjonale normerande produkt m.v.

Gode behandlingsverktøy skal gjerast lettare tilgjengeleg for helsetenesta og brukarar.

Tiltak 2.4.b – Vurdere innretning av tilbodet i spesialisthelsetenesta

Kartleggingar viser at det er varierande kompetanse og ivaretaking av speleproblematikk i helseføretaka for både barn og vaksne. Samstundes er det ei rask utvikling i spelmarknaden og i spelemønsteret til ulike grupper. Det er viktig at helsetenesta evnar å respondere på nye trendar og risikoområde. Det krev ei godt innretta og endringsorientert teneste. Helsedirektoratet vil gå i dialog med spesialisthelsetenesta om korleis behandlingstilbodet svarar til utviklinga i hjelpebehov og det endra utfordringsbiletet på spelfeltet. Saman skal dei drøfte kva som bør vektleggjast i den vidare utviklinga av tilbodet.

Tiltak 2.4.c – Langsiktig rettleiing og hjelp til familiar og pårørande

Personar med pengespelproblematikk kan påverke livsgrunnlaget til pårørande og til familien. Det trengst ei meir heilskapleg oppfølging av pårørande til personar med pengespelavhengigheit, der familieterapi og alt frå barn som pårørande til handtering av gjeld blir ivareteke. Helsedirektoratet vil gå i dialog med Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) om ivaretaking av data- og pengespelproblematikk ved familievernkontora.

Vidare skal det leggast til rette for digitale støttegrupper for pårørande, og vurderast korleis pårørande best kan bli del av ulike behandlingsløysingar.

Tiltak 2.4.d – Førebygging og behandling i kriminalomsorga

Det er kjent at innsette ofte bygger opp stor gjeld medan dei er i fengsel. Samstundes viser SPILLFORSK si evaluering av kjennskap til handlingsplanen at speleproblematikk får lite merksemd i kriminalomsorga og helsetenesta. Det er viktig å sørge for at innsette får oppfylt sine helserettar òg når det gjeld speleproblematikk.

Helsedirektoratet vil, i samarbeid med relevante fagmiljø og kriminalomsorga, legge til rette for kompetanseheving hos tilsette om speleproblematikk og behandling. Digitale læringstilbod vil vere nyttige også her.