Innleiing

Handlingsplanane har i over tjue år sikra tilgang på ny og større kunnskap om speleåtferd, samtidig som hjelpetilbod for dei som har problem med spel, har blitt utvikla. Som tidlegare planar bygger også denne på innspel frå ei rekke aktørar som på ulikt vis jobbar med speleproblematikk, inkludert brukar- og pårørandeorganisasjonar. Medverknad frå brukarar (spelarar) og pårørande er viktig også i gjennomføringa av tiltaka i handlingsplanen.

Handlingsplanen har tre hovudmål, og desse er:

  1. Færrast mogeleg skal ha problem med spel
  2. Tidleg identifisering og god behandling for problematisk speleåtferd
  3. Kunnskap om spel og speleproblem skal aukast og delast

For planperioden 2026–2029 er det følgande målgrupper som får særskilt fokus:

  • Barn og unge i alderen 9–25 år
  • Pårørande
  • Barn som pårørande
  • Idrettsutøvarar
  • Personar under soning
  • Andre utsette grupper

Målgruppa barn og unge går heilt ned til 9 år. Det er i denne alderen dei yngste vanlegvis får eigen smarttelefon. Speling gjeld då i all hovudsak reine dataspel. Etter kvart kan spelinga endre seg til spel som anten er dataspel med manipulerande speldesign, som t.d. lootboksar, skinbetting, eller som er reine pengespel. Når ein blir 18 år, kan ein opprette spelekontoar hos pengespelleverandørar og delta som ordinær spelar av pengespel.

I tillegg til barn og unge generelt skal planen også nå grupper av unge med særlege utfordringar og dermed også særlege behov for til dømes informasjon. Dette kan vere personar med nevroutviklingsforstyrringar (t.d. ADHD). Eller det kan vere til dømes unge med migrasjonsbakgrunn. Utsette grupper famnar vidt, men handlingsplanen vil framheve dei som ikkje har tilknyting verken til skule eller arbeidsliv, og dei som tidlegare har hatt problem med spel. Behovet for meir målretta og tilgjengeleg informasjon for enkelte grupper i befolkninga skal òg vurderast.

Handlingsplanen omhandlar speleproblematikk på områda førebygging, hjelpetilbod og kunnskapsutvikling. På nokre område tangerer speleproblematikk andre område. Difor er det viktig å sjå denne handlingsplanen i samanheng med andre handlingsplanar, strategiske dokument og normerande produkt. Eit døme på det siste er dei nasjonale råda for skjermbruk som kom sommaren 2025. Her er det blant anna eit råd om å «følge aldersgrenser og begrense bruk av sosiale medier og dataspill». Speleavhengigheit er òg del av Meld. St. 5 (2024–2025) Trygghet, fellesskap og verdighet. Forebyggings- og behandlingsreformen for rusfeltet, sidan avhengigheit til pengespel blir sett i samanheng med rusmiddelpolitikken. Det inneber at speleavhengigheit også er del av ulike normerande produkt som omhandlar behandling av avhengigheit i spesialisthelsetenesta. I Handlingsplan for forebygging av selvmord 2020–2025 blir folk med pengespelavhengigheit omtala som ei gruppe som i større grad har tankar om sjølvmord enn resten av befolkninga. I den neste handlingsplanen for førebygging av sjølvmord er samanhengen mellom økonomiske problem/gjeld og sjølvmord eit område ein skal sjå nærare på.

Handlingsplanen mot speleproblem bør òg sjåast i samanheng med Meld. St. 32 (2024–2025) Trygg oppvekst i et digitalt samfunn, regjeringa sin dataspelstrategi Tid for spill (2024–2026) og Strategiplan (2025–2028) Bekjempelse av manipulering av idrettskonkurranser.

Norsk filminstitutt (NFI) forvaltar statens tilskot til utvikling av dataspel og har saman med andre etatar òg ansvar for dataspelkultur. Som ei oppfølging av regjeringa sin dataspelstrategi har etaten etablert NFI Spill som eit nasjonalt fagmiljø for dataspelkultur, med mål om å styrke kompetansen og kunnskapen om dataspelkultur i samfunnet. Handlingsplanen er avgrensa til problem knytt til problematisk speling, men skal likevel vurderast i samanheng med NFI Spill sitt arbeid på dataspelkulturområdet.

På tiltaksnivå er handlingsplanen dynamisk. Det betyr at målstrukturen står fast i heile planperioden. Likevel vurderer Lotteritilsynet, Medietilsynet og Helsedirektoratet fortløpande kor relevante tiltaka er og endrar tiltak dersom det er naudsynt. Norsk filminstitutt skal inkluderast i vurderingane ved behov.