Hovudmål 1: Færrast mogeleg skal ha problem med spel
Det er eit mål at talet på spelarar som får problem med spel, skal vere så lågt som mogeleg. Då vil òg dei negative konsekvensane av speleproblem og talet på pårørande halde seg så lågt som råd. Den siste befolkningsundersøkinga viste at talet på personar med problem med pengespel var signifikant redusert frå 2019 til 2022. For dataspel var det ikkje betydeleg endring1. Tal som Norsk Tipping har publisert seinare, har vist ein viss auke i problemspeling, særleg blant unge menn.
Førebyggande tiltak kan bidra til å nå målet om at færrast mogeleg skal ha problem, både med pengespel og med dataspel. Førebygging skjer gjennom ulike typar tiltak. Enkelte er regulatoriske som t.d. aldersgrenser og restriksjonar på tilgang, eller maksimale tapsgrenser og andre tilgjengelege verktøy der spelaren kan regulere eiga speleåtferd. Handlingsplanen skal ikkje omfatte slike regulatoriske tiltak.
Handlingsplanen omfattar tiltak som skjer gjennom informasjonsarbeid retta mot særskilte grupper eller mot større grupper i befolkninga. Tidlegare har ansvaret for informasjonsarbeid knytt til pengespelområdet vore lagt til Lotteritilsynet, og når det gjeld dataspel, til Medietilsynet. På nokre område er skiljet mellom penge- og dataspel blitt meir uklart. I tillegg involverer førebygging av speleproblem også helsemyndigheiter. Difor vil Lotteritilsynet, Medietilsynet og Helsedirektoratet i større grad samarbeide om informasjonstiltak. Samarbeid med forbrukarmyndigheitene og Norsk filminstitutt kan òg vere relevant.
Speleproblem rammar mange fleire enn berre spelaren. I eit folkehelseperspektiv er det viktig å auke kunnskapen om speleproblem i befolkninga. Dette er også i tråd med eit vedtak i Stortinget der regjeringa vart beden om å legge til rette for kompetanseheving innan speleavhengigheit. Handlingsplanen tek sikte på å utvikle og gjennomføre både informasjonstiltak, hjelpetiltak og kompetansehevande tiltak.
Delmål 1.1 – Det skal utarbeidast førebyggingstiltak retta mot utsette grupper
Ein del av tiltaka rettar seg direkte mot konkrete målgrupper. For å nå målet om at så få som mogeleg i målgruppene skal få problem med spel, er det ofte naudsynt å rette informasjon og råd mot andre grupper, som mellom anna hjelpetenester, arbeidsliv og føresette. Difor rettar ei rekke tiltak seg mot andre aktørar enn dei tiltaka til slutt skal ha effekt for. Tiltaka her er òg basert på innspel frå ulike aktørar på spelfeltet og myndigheiter.
Lotteritilsynet, Medietilsynet og Helsedirektoratet vil samarbeide om informasjonstiltak, men ofte er det naturleg at desse blir utvikla i samarbeid med fagpersonar, spelarar og pårørande.
Tiltak 1.1.a – Informasjon og rettleiing til barn og unge
Pengespelliknande element i dataspel kan føre til at nokon seinare utviklar problem med pengespel. For å motverke dette skal det utviklast kompetanse og kunnskap om samanhengen mellom dataspel og pengespel.
Det skal utviklast eit førebyggingsprogram som eit tilbod til skular, fritidsklubbar, idrettslag og andre relevante arenaer, som kan brukast i arbeidet for å auke barn og unge si forståing av korleis pengespel og manipulerande design i data- og pengespel fungerer. Som eit pilotprosjekt skal ein også aktivt oppsøke relevante arenaer, med sikte på at unge skal få auka bevisstheit rundt pengespelproblematikk. Arbeidet bør gjerast i eit samarbeid med relevante aktørar. Målet må vere å særleg treffe aldersgruppa 9–25 år.
Tiltak 1.1.b – Informasjon og rettleiing til barn og unge i digitale kanalar
Det skal òg vere oppdatert informasjon om førebygging av problem i digitale kanalar. Val av kanal/plattform og innhald for å nå målgruppa må vurderast nøye, men etablerte plattformer som snakkomspill.no og ung.no er naturlege plassar å ha oppdatert informasjon om problematikken. E-sport- og dataspelkulturen skal integrerast i relevant informasjon.
Vidare skal det utviklast informasjon t.d. om manipulerande speldesign, samtaleverktøy og refleksjonsmateriell til lag og klubbar der unge møter kvarandre på fritida. På pengespelområdet skal det gjennomførast kampanjar i sosiale medium, retta mot aldersgruppa 16 til 25 år, om risiko ved spel, og kva tilbod som er lovlege og ikkje.
Norsk filminstitutt skal lage nasjonale retningslinjer for trygge møteplassar for dataspelkultur. Det er aktuelt at retningslinjene omhandlar problemspeling, og at Lotteritilsynet og Medietilsynet blir involverte i arbeidet.
Tiltak 1.1.c – Informasjon og rettleiing til foreldre/føresette
Her vil nettstadene snakkomspill.no og foreldrehverdag.no vere kanalar for å nå denne gruppa. Andre kanalar vil kunne vere arrangement for føresette på skular. Tiltaket må sjåast i samanheng med informasjon og rettleiing som skjer gjennom skulen, fritidsaktivitetar og organisasjonsliv. Det er viktig å treffe vaksne med tematikken på arenaer der mange møter kvarandre naturleg.
Tiltak 1.1.d – Informasjon og rettleiing til arbeidsliv og militære
I tillegg til tiltaka i 1.1.a vil det vere aktuelt å nå ut med informasjon på arbeidsplassar, lærlingplassar og militære stasjonar for førstegongsteneste. Dei aktuelle å nå med informasjon er her arbeidsgivarar, HR-tilsette, dei ulike fagopplæringskontora og tilsette i forsvaret. Informasjon og rettleiing til arbeidsgivarar kan omfatte ei større gruppe enn berre yngre arbeidstakarar.
Tiltak 1.1.e – Informasjon og rettleiing til vaksne som møter barn og unge i fritidsaktivitetar
Klubb- og fritidsleiarar og trenarar i idretten og andre arenaer der barn og unge møtest på fritida, skal få informasjon og rettleiing om speleproblematikk. Dette er personar som ser dei unge i lag med andre unge, og i ein kontekst som ofte er ulik den t.d. føresette ser barna i.
Tiltak 1.1.f – Informasjon og rettleiing til helsepersonell og andre fagpersonar
Ei lang rekke fagpersonar møter personar som har problem med spel. I slike møte kan speling vere tema, i andre møte kan speling vere eit problem utan at dette er kjent for fagfolka.
Til ulike fagmiljø vil det mellom anna vere aktuelt med informasjon om faresignal ein børe vere merksam på, speleproblematikk generelt, og hjelpetilbod som finst. Til helsepersonell vil det òg vere aktuelt med informasjon om auka risiko for sjølvmord. Informasjonen må omfatte tiltak for førebygging og skadereduksjon.
Følgande faggrupper er aktuelle: tilsette ved skular og skulehelsetenesta, fritidsklubbar, idrettslag, bedriftshelseteneste, kommunale helse- og omsorgstenester og spesialisthelseteneste. Vidare tilsette i kriminalomsorga, Nav, gjeldsrådgivarar, barnevern og familierådgiving. Det kan vere aktuelt å nytte NFIs verkemiddel og kanalar for informasjon og rettleiing til fagpersonar i dataspelkulturen.
Tiltak 1.1.g – Informasjon og rettleiing til pårørande
Familie og pårørande til personar med speleproblem har behov for informasjon og hjelp. Dei treng informasjon for å hjelpe den som har speleproblem, men har òg behov for informasjon og hjelp til seg sjølv. Det skal mellom anna utarbeidast samtaleverktøy for barn som er pårørande.
Delmål 1.2 – Større grupper skal få meir generell informasjon
Ein del tiltak i handlingsplanen rettar seg mot større grupper i befolkninga, mot spelarar generelt eller grupper av spelarar.
Tiltak 1.2.a – Informasjonsarbeid mot større grupper
Det er òg naudsynt å nå større grupper med informasjon. Difor skal det gjennomførast informasjonskampanjar om manipulerande design i dataspel, risikoelement i pengespel samt verktøy og tiltak for å regulere speling. Informasjonsmateriell skal utviklast, og distribusjon skjer så breitt som mogeleg, til dømes gjennom sosiale medium og på eksisterande nettstader, m.a. på snakkomspill.no.
Det skal utviklast informasjonsmateriell som er tilgjengeleg i spellokale og hos offentlege tenester, t.d. Nav og lege som folk oppsøker.
Terskelen for å søke hjelp for speleproblem kan ofte vere høg, og dette skuldast mellom anna stigma og skam. Det bør utviklast informasjon som viser at avhengigheit av spel kan samanliknast med andre avhengigheiter, og at det finst hjelp.
Fotnotar
https://lottstift.no/app/uploads/2023/06/Omfang-av-Penge-og-dataspillproblemer-i-Norge-2022.pdf