Hovudmål 3: Kunnskap om spel og speleproblem skal aukast og delast
Kunnskapen om spel og problematisk speling aukar både nasjonalt og internasjonalt. Det har òg komme noko forsking og kunnskap om korleis speling påverkar både spelarar og pårørande. Spelemarknaden er i stadig endring, og dermed er det behov for meir kunnskap.
Det er auka fokus på manipulerande design i og rundt dataspel med pengespel-liknande element som t.d. skinbetting og lootboksar eller andre element som bidrar til at spelarane brukar meir tid eller meir pengar enn det som var tenkt. Norsk filminstitutt sit på betydeleg kunnskap og kompetanse om dataspel og bør involverast i arbeidet med kunnskap på området.
Det er behov for kunnskap om korleis speleproblem oppstår, korleis spel kan regulerast for at færre skal utvikle problem, og korleis dei som får problem, kan få hjelp på best mogeleg måte.
Kunnskap om spel kan brukast på ulikt vis. Forskingsresultat kan t.d. inngå i kunnskapsgrunnlag for regulatoriske tiltak og utvikling av behandlingstilbod. Organisasjonar og verksemder som arbeider på spelfeltet, kan òg bruke ny kunnskap i planlegging av verksemda og tenester. Då er det viktig at kunnskap blir gjort kjend for alle dei som kan ha nytte av den. Difor omfattar planen ei rekke tiltak for kunnskapsdeling gjennom møteplassar og nettverk.
Delmål 3.1 – Speleproblem og speleåtferd skal regelmessig kartleggast
Tiltak 3.1.a – Gjennomføre kartlegging om speleåtferd i befolkninga
Lotteritilsynet og Medietilsynet samlar regelmessig inn data om deltaking i høvesvis penge- og dataspel. Lotteritilsynet utarbeider årleg statistikk om kontakt til Hjelpelinjen. Helsedirektoratet har oversikt over talet på personar som får behandling for spel i spesialisthelsetenesta.
I planperioden skal det òg gjennomførast ei nasjonal undersøking i den norske befolkninga om spel og speleproblem både for penge- og dataspel.
Tiltak 3.1.b – Presentere status på spelfeltet i Noreg
Tilgjengeleg informasjon på penge- og dataspelfeltet skal presenterast fortløpande. I tillegg til data samla gjennom tiltak 3.1.a, skal det òg presenterast nye publikasjonar frå forsking. Tiltaket må sjåast i samanheng med tiltak 3.5.d om digital synleggjering av handlingsplanen.
Delmål 3.2 – Det skal forskast på speleåtferd, konsekvensar av spel og åtferdsregulerande verkemiddel
Tiltak 3.2.a – Det skal forskast på speleåtferd
Ulike aspekt ved spel av data- og pengespel blant unge og unge vaksne spelarar skal undersøkast. Pengespelliknande element i dataspel inngår òg, og korleis slike element påverkar pengespelåtferd og ev. speleproblem. Eit stikkord her er manipulerande speldesign. Ei større undersøking om spel blant unge vil òg kunne undersøke spel blant unge yrkesaktive, lærlingar og studentar. Spel blant unge i ein sosial kontekst bør òg kunne inngå her.
I undersøkingar om speleåtferd er individuelle risikofaktorar ofte analysert opp mot t.d. sannsynlegheit for å utvikle speleproblem. Slike faktorar kan mellom anna vere alder, kjønn, utdanningsnivå, tilknyting til arbeidslivet osb., og er viktig med tanke på ev. målretting av førebyggingstiltak.
Det skal forskast på om kriminalitet og gjeld kan påverke speling og føre til speleproblem.
Tiltak 3.2.b – Det skal forskast på negative konsekvensar av både penge- og dataspel
Speleproblem har ofte negative konsekvensar for den som spelar eller familie og pårørande rundt spelaren. På pengespelfeltet er eit forsiktig overslag at for kvar spelar med problem, blir seks andre også ramma. Det er grunn til å tru at dette til ein viss grad òg gjeld på dataspelområdet, sjølv om talet på andre som blir ramma, truleg er mindre.
Overordna skal det forskast på sosiale og økonomiske konsekvensar på samfunnsnivå.
Vidare skal det undersøkast i kva grad spelarar og t.d. pårørande blir ramma av problematisk speling. Speling kan gi ei rekke følger for økonomi, familie, helse og deltaking i aktivitetar. Stikkord her er mellom anna gjeldsproblematikk og sjølvmord. Vidare kan speleproblem ha konsekvensar for arbeid og studiar eller føre til kriminelle handlingar.
Tiltak 3.2.c – Det skal forskast på åtferdsregulerande verkemiddel
Det finst ei rekke verkemiddel for å påverke speleåtferd. I planperioden skal det forskast på fleire. Eit av verkemidla som speltilbydarar gjer bruk av, er reklame for å auke forbruket av spel. Eit døme er når influensarar, med mange og ofte unge følgarar, i direktesendingar spelar pengespel på digitale kanalar og reklamerer for utanlandske spelselskap. Difor skal det forskast på effekten av mellom anna slik reklame.
Stortinget har bedt regjeringa om at det blir skaffa meir kunnskap om bruk av sosiale medium og andre meir utradisjonelle kanalar for reklame og marknadsføring av pengespel. Stortinget ønsker denne kunnskapen for å kunne vurdere tiltak mot uheldig påverknad i slike kanalar og plattformer.
Effekten av tiltak som har som målsetting å redusere speling eller førebygge problematisk speling, skal òg undersøkast. Dette gjeld regulatoriske myndigheitstiltak, som t.d. DNS-blokkering, verktøy i sjølve spela for å førebygge problem, t.d. budsjettverktøy eller varslingar, og andre tiltak som rettar seg mot barn, unge og føresette der målsettinga er å førebygge dataspelproblem.
Delmål 3.3 – Meir kunnskap om behandling av speleproblem
Både data- og pengespelproblem har helsemessige utfordringar. For at helsetenesta skal kunne tilby rett hjelp og behandling, er det naudsynt med meir kunnskap. Det er mange aktuelle forskingsområde knytt til behandling, og det vil vere ein dialog mellom myndigheiter, forskingsmiljø og relevante aktørar på spelfeltet om kva som bør bli prioritert i handlingsplanperioden.
Tiltak 3.3.a – Forsking på behandling av dataspelavhengigheit
Det trengst betre oversikt over forsking som allereie er gjort, i tillegg til ny forsking om dataspelavhengigheit. Mellom anna skal det forskast på kva som er effektiv behandling av dataspelavhengigheit, og korleis føresette best kan hjelpe sine unge når speleproblema allereie har oppstått.
Tiltak 3.3.b – Auke kunnskapen om involvering og ivaretaking av pårørande
Involvering av pårørande er viktig i behandling av speleavhengigheit. Det trengst kunnskap om kva form for involvering av pårørande som har best effekt. Det er òg behov for kunnskap om korleis ein best kan støtte pårørande til både dataspelavhengige og pengespelavhengige. Helsedirektoratet vil invitere brukarar og pårørande til dialog om aktuelle tema for forsking rundt involvering og ivaretaking av pårørande.
Tiltak 3.3.c – Forsking på effekten av ulike behandlingsmetodar
Kognitiv åtferdsterapi er ein mykje brukt metode for behandling av speleavhengigheit. Det blir òg brukt andre metodar, som til dømes metakognitiv terapi. Det er behov for meir kunnskap om behandlingsmetodar og kva slags grep innan dei ulike metodane som har best effekt både når det gjeld data- og pengespelproblematikk.
Delmål 3.4 – Forskingsmiljø skal stimulerast
Ein god del av forskinga på spelfeltet har blitt utført av relativt få forskingsinstitusjonar, utan at dette blir lyst ut gjennom Noregs forskingsråd. For å sikre høgare kvalitet i forskinga og å skape synergiar, er det viktig at fleire av midlane blir kanalisert gjennom Noregs forskingsråd.
Forskingsrådet er eit strategisk organ som peikar ut satsingsområde, forvaltar og tildeler forskingsmidlar og vurderer forskinga som blir utført. Forskingsrådet forvaltar forskingsmidlar frå alle departementa og tildeler midlar til forsking innanfor alle fagområde. Dette gjeld både grunnforsking, anvend forsking og innovasjon. Forskingsrådet gir òg råd til styresmaktene om forsking og forskingspolitikk, og bidrar til ein heilskap i forskingssystemet og det offentlege verkemiddelapparatet. Forskingsrådet skal òg bidra til å auke kvaliteten i norsk forsking og har òg ansvaret for forskingsevalueringar.
Tiltak 3.4.a – Vidareføre utlysingar gjennom Noregs forskingsråd og Medietilsynets støtte til medieforsking
Forskingstema på tiltak 3.2.a, 3.2.b, og 3.2.c, samt 3.3.a, 3.3 b og 3.3.c er aktuelle.
Tiltak 3.4.b – Vidareføre nasjonalt kompetansesenter for spillforsking, SPILLFORSK
Nasjonalt kompetansesenter for spillforsking – SPILLFORSK skal vidareførast. Senteret skal drive forsking på oppdrag frå Lotteritilsynet, Helsedirektoratet og Medietilsynet. Senteret kan òg initiere eiga forsking og føreslå forskingstema. Forskingstema på tiltak 3.2.a, 3.2.b, og 3.2.c, samt 3.3.a, 3.3 b og 3.3.c er aktuelle.
Tiltak 3.4.c – Utgreie rammevilkår for forsking
Det skal utgreiast om det er mogeleg å kople spelardata frå einerettsaktørane med helseregisterdata, og kva vilkår eller krav som eventuelt må oppfyllast for slik kopling. Til dømes må dette vurderast opp mot personvern.
I same eller i ei eiga utgreiing skal det òg undersøkast om det er mogeleg å etablere ein databank om speleåtferd i eit livstidsperspektiv, og om ein slik databank eventuelt kan vere leia av ein forskingsinstitusjon i Noreg.
Delmål 3.5 – Kunnskap skal delast mellom ulike aktørar på penge- og dataspelfeltet
Speleproblematikk og tiltak for å førebygge problem, redusere skade og gi god hjelp til både spelarar og pårørande er interessant innanfor verksemder som på ulikt vis arbeider med spel og speleproblematikk. Difor må vi ha arenaer der dette kan diskuterast og kunnskap kan delast, både innan og mellom ulike faggrupper.
Tiltak 3.5.a – Halde konferansar, seminar og andre møte
Både Medietilsynet og Lotteritilsynet skal arrangere konferansar, seminar eller andre møte om høvesvis data- og pengespel. Form på arrangementet vil avhenge av kva som er tema. Konferansar, webinar og frukostseminar kan vere aktuelt.
Lotteritilsynet skal årleg arrangere eit speleansvarsforum for dei regulerte pengespeltilbydarane i Noreg. Føremålet er at speleansvar skal ha eit godt feste i heile den regulerte spelemarknaden.
For å sikre at kunnskap om spel blir formidla breiast mogeleg mellom ulike aktørar på spelfeltet, skal Helsedirektoratet, Medietilsynet og Lotteritilsynet årleg arrangere ei fagleg samling der kunnskap blir delt. Tema for samlingane kan ta utgangspunkt i prosjekt eller aktivitetar knytt til tiltak i denne handlingsplanen. Ved konferansar, seminar og andre møte som omhandlar dataspel, bør Norsk filminstitutt involverast.
Tiltak 3.5.b – Legge til rette for eller delta i nettverk for yrkesgrupper eller andre
For å sikre at informasjon og kunnskap når spesifikke yrkesgrupper som jobbar med barn og unge, skal det leggast til rette for informasjonsdeling blant til dømes helsesjukepleiarar og fritidsklubbleiarar med fleire. Dette er yrkesgrupper som allereie er i posisjon hos barn og unge, og som kan bidra med forbyggings- og hjelpetiltak direkte til målgruppa.
Tiltak 3.5.c – Styrke informasjons- og samarbeid retta mot finansinstitusjonar
Informasjonsarbeid og samarbeid med finansinstitusjonar skal styrkast. Dersom pengeoverføringane til spelselskap utan norsk godkjenning blir stoppa, vil mange færre få pengespelproblem. Informasjonsarbeid mot finansinstitusjonar, og myndigheitene sin dialog og tilsyn med desse, skal difor styrkast. Målet er å auke kunnskapen om og etterlevinga av betalingsformidlingsforbodet for pengar til og frå utanlandske spelselskap. Banktilsette med kundekontakt skal òg få meir informasjon om speleproblem. Det er viktig at bankkundar som mistar kontrollen, kan bli stoppa så tidleg som mogeleg og før dei økonomiske og personlege konsekvensane blir uopprettelege for den einskilde og familien.
Tiltak 3.5.d – Digital synleggjering av handlingsplanen
Tiltaka i handlingsplanen skal synleggjerast, og prioriteringa av midlar til dei ulike områda skal vere open og tilgjengeleg på ei nettside om handlingsplanen.
På ei slik side skal det òg vere aktuelt å publisere resultat av forskings- og utviklingsprosjekt i planen, og korleis kunnskap frå desse kan spreiast og takast i bruk. Anna innhald kan vere ulike opplæringspakkar med digitale ressursar og praktiske verktøy.