Høyring av forslag til ny forskrift om pristilskot og formidling av pristilskot i jordbruket

Landbruks- og matdepartementet sender med dette på høyring eit framlegg til ny forskrift om pristilskot og formidling av pristilskot i jordbruket.

Status: Under behandling

Høyringsfrist: 01.03.2023

Vår ref.: 22/1797

Høyring av forslag til ny forskrift om pristilskot og formidling av pristilskot i jordbruket

Landbruks- og matdepartementet sender med dette på høyring eit framlegg til ny forskrift om pristilskot og formidling av pristilskot i jordbruket.

Utkastet er meint å avløyse forskrift 19. desember 2008 nr. 1490 om pristilskot i landbruks­sektoren (pristilskotforskrifta) og forskrift 19. desember 2008 nr. 1491 om formidling av pris­tilskot i landbrukssektoren (formidlingsforskrifta). Pristilskotforskrifta og formidlingsfor­skrif­ta er fastsett i medhald av lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) § 18. Framlegget er i hovud­sak ei vidareføring av gjeldande føresegner, men inneheld også nokre materielle endringar.

Departementet ber om at høyringsinnspill sendast Landbruks- og matdepartementet innan 1. mars 2023, og at ein nyttar digital innsending ved bruk av skjema for høyrings­svar på regjeringen.no.

Høringsdokumentene er publisert på: https://www.regjeringen.no/no/dep/lmd/id2947622/.

Med helsing 

Nils Øyvind Bergset (e.f.) 
avdelingsdirektør

Arne Oftedal
spesialrådgjevar

Dokumentet er signert elektronisk og har derfor ikkje handskrivne signaturar

  • Animalia AS
  • Fatland Ull AS
  • Felleskjøpet Agri SA
  • Felleskjøpet Rogaland Agder SA
  • Fiskå Mølle AS
  • Geno AS
  • Hanen
  • Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund
  • Kornbøndenes interesseorganisasjon
  • Landbruksdirektoratet
  • Lantmännen Cerealia AS
  • NHO Mat og Drikke
  • Norges Bondelag
  • Norgesfôr
  • Norgesmøllene
  • Norilia
  • Norsk Bonde- og Småbrukarlag
  • Norsk Fjørfelag
  • Norsk Landbrukssamvirke
  • Norsk Sau og Geit
  • Norsvin SA
  • Nortura SA
  • Q-Meieriene
  • Tine SA
  • Tyr