Status: På høyring

Høyringsfrist: 01.08.2026

Vår ref.: 26/2498

Finansdepartementet sender med dette på høyring framlegg om tiltak mot misbruk av Skattefunn. Bakgrunnen for framlegget er at det er avdekt fleire tilfelle av grov, systematisk skatteunndraging gjennom Skattefunn. Dei tapte skatteinntektene og feilaktige utbetalingane undergrev føremålet med ordninga og svekkjer legitimiteten til skattesystemet.  

Forslaga vil gjere regelverket meir robust og redusere handlingsrommet for misbruk og uheldige tilpassingar.

Høyringsnotatet inneheld desse framlegga:

  • At ein kun skal gje Skattefunn-frådrag for kostnader som er pådratt etter at ein søknad er godkjend. I tillegg vert det foreslått å oppheve garantifristen 1. september.
  • Å innføre ei samla frådragsramme på 25 millionar kroner for selskap i konsern.
  • At ein ikkje lenger skal gje Skattefunn-frådrag for kostnader som stammar frå eller er pådratt i land utanfor EØS som Noreg ikkje har skatte- eller informasjonsutvekslingsavtale med.
  • Å gje Skatteetaten og Noregs forskingsråd utvida tilgang til å utveksle opplysningar om Skattefunn-prosjekter.
  • Å innføre ei skjerpa dokumentasjonsplikt for alle typar kostnader til nærståande over 100 000 kroner ekskludert mva.
  • Å innføre krav om at søkjar må opplyse om kva som trengs av forskarpersonell og forskarkompetanse i Skattefunn-prosjektet.
  • Å innføre krav om at Skattefunn-søknad må innehalde ein styregodkjend finansieringsplan.
  • At ein ikkje lenger skal trekke frå eventuell inntekt frå prototypar og forsøksprosjekt i frådragsgrunnlaget.

I høyringsnotatet vert det gjort framlegg om at endringane får verknad frå og med inntektsåret 2027.

For å gje høyringsfråsegn, gå til høyringa på www.regjeringen.no og bruk den digitale løysinga for høyringsfråsegn ved å klikke på «Send inn høyringssvar». Høyringsfråsegner er offentlege etter offentleglova og vert publiserte på Finansdepartementets nettsider.

Høyringsinstansar som ikkje står på høyringslista, kan òg gje høyringsfråsegn. Vi ber om at den einskilde høyringsinstans vurderer om saka bør sendast til underliggjande etatar eller verksemder, tilknytte verksemder, medlemsorganisasjonar o.l.

Frist for å sende inn høyringssvar er 1. august 2026.

Med helsing
Kari Alice Frønsdal (e.f.)
avdelingsdirektør                                                         Gard Jakob Ørka
                                                                                         fyrstekonsulent  

   

Abelia
Akademikerne
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Bedriftsforbundet
Brønnøysundregistrene
Chr. Michelsen insitute 
Datatilsynet
Den Norske Advokatforening
Den norske Revisorforening
Det norske veritas
Direktoratet for økonomistyring
Finans Norge (FNO)
Forskerforbundet 
Forskningsinstituttenes felles arena 
Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger
Handelshøyskolen BI
Hovedorganisasjonen Virke
IKT-Norge
Innovasjon Norge
International research institute Stavanger 
Justis- og beredskapsdepartementet
Klima- og miljødepartementet
KS
Kunnskapsdepartementet
Landsorganisasjonen i Norge
NIFU
NITO - Norges ingeniør- og teknologorganisasjon
NMBU 
Norges Bondelag
Norges forskningsråd
Norges Handelshøyskole
Norsk Bonde - og Småbrukarlag
Norsk industri 
Norsk Øko-Forum (NØF)
Norwegian Alliance for Startups and Tech (NAST)
NTNU
Nærings- og fiskeridepartementet
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)
Patentstyret
Regnskap Norge
Riksadvokaten
Samfunnsøkonomisk analyse 
Sintef
Skattebetalerforeningen
Skattedirektoratet 
Småbedriftsforbundet 
Statistisk sentralbyrå
Storbedriftenes skatteforum
Tax Justice Norge
Teknologibedriftenes landsforening 
Teknologisk institutt 
Universitetet i Bergen 
Universitetet i Oslo
Universitetet i Tromsø 
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)
Økokrim