6 Endring og oppheving av plan

6.1 Revisjon og endring av kommuneplan

§ 11–17 Endring og oppheving av kommuneplanens arealdel

For endring og oppheving av planen gjelder samme bestemmelser som for utarbeiding av ny plan. Kommunestyret kan delegere myndighet til å vedta mindre endringer i planen i medhold av kommunelovens regler Før det treffes slikt vedtak, skal saken forelegges berørte myndigheter, Jf. for øvrig § 1–9.

Etter plan- og bygningslova § 10-1 skal kommunestyret minst éin gong i løpet av kvar valperiode, det vil seie i samband med utarbeiding av kommunal planstrategi, vurdere om kommuneplanen skal reviderast eller endrast. Sjå rettleiar med omtale av føresegn og arbeidet med kommunal planstrategi.

Dette inneber at kommuneplanen skal takast opp i kommunestyret til vurdering minst éin gong kvart fjerde år. Det hindrar ikkje at kommuneplanen kan endrast utanom dette, dersom kommunen ser behov for det. Med mindre det er ei «mindre endring», krev dette ei handsaming som om det var ein ny plan.

At kommunestyret skal vurdere planen i kvar kommunestyreperiode, inneber ikkje at arealbruken eller andre delar av planen må endrast. Det tyder at det skal gå fram av vedtaket i kommunestyret om kommunal planstrategi at planen er vurdert, og kva som vart resultatet av vurderinga. Det er ikkje lovfesta kor lenge arealplanen i kommuneplanen skal vare, men det er vanlegvis 12 år eller 3 kommunestyreperiodar. Det vil seie at planperioden blir utvida med nye 4 år for kvar revisjon.

Dersom det blir sett i gang ein revisjon av kommuneplanen, skal det utarbeidast eit planprogram. Dette gjeld sjølv om det når planarbeidet startar opp, er usikkert om revisjonsarbeidet vil medføre endringar.

Endringar i arealbruken i kommuneplanen kan skje utan at grunneigarar eller andre som har interesser i at området blir halde ved lag som byggjeområde, har krav på erstatning for verditap av eigedomen. Det kan skje til dømes ved tilbakeføring av byggjeområde til landbruks-, natur- og friluftsområde og til reindrift.

Plan- og bygningslova knyter ikkje noka moglegheit for sanksjonar til pålegget i plan- og bygningslova § 10-1 om samla vurdering av kommuneplanen gjennom arbeidet med kommunal planstrategi minst éin gong kvar valperiode. Den arealbruken som er fastlagt i arealdelen, vil ha rettsverknad for grunneigarar med vidare, uavhengig av om kommunen følgjer pålegget eller ikkje. Rettsverknadene går fram av plan- og bygningslova § 11-6.

Ei mindre endring kan gjerast gjennom enklare sakshandsaming, og vedtaksmyndet kan delegerast. For mindre endringar gjeld føresegnene i forvaltningslova om sakshandsaming og vedtak, jf. plan- og bygningslova § 1-9.

Rettsverknaden av kommuneplanvedtak inneber ikkje at eldre reguleringsplanar blir oppheva, men at rettsverknaden av dei blir sett til side i tilfelle motstrid. Dersom kommunen ønskjer å oppheve eldre reguleringsplanar, bør det gå klart fram når arealdelen til kommuneplanen blir vedteken. Slike opplysningar er viktige for å gjere saka klar nok og oversiktleg nok når det kjem til rettsstillinga både til kommunen og grunneigarane i dei aktuelle områda.

Oppheving av eldre reguleringsplanar må følgjast opp etter plan- og bygningslova kap. 12. Denne prosessen kan samordnast i tid med kommuneplanhandsaminga.

6.2 Departementet sin rett til å endre vedteken plan

§ 11-16 tredje ledd: Innsigelse og vedtak av departementet

Departementet kan, selv om det ikke er reist innsigelse, oppheve hele eller deler av planen eller gjøre de endringer som finnes påkrevd, dersom den strider mot nasjonale interesser eller regional plan. Kommunen skal ha fått mulighet til å uttale seg før departementet treffer vedtak. Kommunen må innen tre måneder etter at departementet har mottatt den være underrettet om at planen kan bli endret.

Kommunal- og distriktsdepartementet kan med heimel i plan- og bygningslova § 11-16 tredje leddet, endre planen sjølv om det ikkje ligg føre motsegn. Vurderinga av om dette er aktuelt, vil normalt skje i samband med at planen blir send departementet til orientering etter vedtak i kommunestyret. Før eventuelle endringar kan gjerast, må kommunestyret få høve til å uttale seg. Kommunen må vere orientert om at det vil vere aktuelt å gjere endringar innan tre månader etter at departementet har fått planen.

Det må vere omsynet til heilt sentrale nasjonale interesser nedfelt i rikspolitiske retningslinjereller statlege planretningslinjer, nasjonale forventningar, stortingsmeldingar eller liknande, som ligg til grunn for vurderinga. Retten til å endre planar er berre vorten brukt nokre få gonger.

I praksis vil endring kunne vere aktuelt i tilfelle der ny nasjonal politikk er vedteken etter at den lokale planprosessen er avslutta, slik at regionale styresmakter på høyringstidspunktet ikkje hadde tilstrekkeleg politisk grunnlag for å fremje motsegn. Det kan også vere aktuelt i tilfelle der statsforvaltaren har avskore ei motsegn frå ei anna statleg styresmakt, og aktuelt departement ber Kommunal- og distriktsdepartementet om å endre planen.

Dersom kommunen unnlèt å sende planen til departementet, jf. plan- og bygningslova § 11-15 andre leddet, kan departementet på eige initiativ innkalle planen. Fristen på tre månader for departementet si opning for å gjere endringar i planen, går frå det tidspunktet planen er komen til departementet, jf. plan- og bygningslova § 11-16 tredje leddet.

Til forsida