Arealdelen i kommuneplanen – rettleiar om utarbeiding, innhald og planprosess

Rettleiaren om arealplanen i kommuneplanen er tenkt som eit praktisk hjelpemiddel for kommunen. Han gjev svar på vanlege spørsmål og problemstillingar, men er ikkje uttømmande om planfaglege og juridiske problemstillingar. Han bør derfor nyttast saman med mellom anna lovteksten, lovkommentaren, tolkingsfråsegner og temarettleiarar frå departementet. Det finst også tematiske rettleiingar frå fleire fagstyresmakter. Informasjonen finst på planlegging.no.

Rettleiaren om arealdelen i kommuneplanen utdjupar lovkommentaren. Han vil saman med rettleiaren til kart- og planforskrifta og produktspesifikasjonen gje informasjon om korleis arealdelen i kommuneplanen kan utarbeidast etter føresegnene i plan- og bygningslova. Rettleiaren om samfunnsdelen i kommuneplanen gjev eit oversyn over kommuneplanprosessen.

For fylkeskommunane vil denne rettleiaren vere eit grunnlag for det lovpålagde rettleiingsarbeidet overfor kommunane. For statsforvaltaren vil han også vere eit hjelpemiddel i arbeidet med rettleiing.

Kommunane bør søkje råd og rettleiing hjå fylkeskommunen og statsforvaltaren om spørsmål som gjeld arealdelen i kommuneplanen.

Oslo, mars 2022.

Til forsida